Forskrift om deling av Hornindal og Stryn kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1976-07-09-14
PublisertII 1976 s 205
Ikrafttredelse09.07.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forHornindal og Stryn kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om deling av kommune, Hornindal m.fl

Fastsett ved kgl.res. av 9. juli 1976. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert bestemt:

1.Fråskiljinga av den delen av tidlegare Hornindal kommune som no er ein del av Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke, som eigen kommune, vedteken ved kgl.res. av 27. februar 1976, jfr. Stortinget sitt vedtak 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Hornindal.
3.Kommunestyra i den nye Hornidal kommune og i attverande Stryn kommune skal i perioden 1. januar 1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 17 og 37 medlemmer. Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Hornidal kommune alt rekna som fråskild.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Stryn kommune, som særskilt for den nye Hornindal og attverande Stryn kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Hornindal kommune skal vera samansett av eit formannskapsmedlem som bur i området, supplert med 4 representanter valde blandt kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for attverande Stryn kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Stryn.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kaller det nyvalde kommunestyret i den nye Hornindal kommune inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra fråskiljinga av Hornindal, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Stryn kommune.
6.Budsjetta for den nye Hornindal kommune og for attverande Stryn kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vetekter og føresegner som gjeld i noverande Stryn kommune skal framleis gjelde i den fråskilde Hornindal kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Hornindal kommune og attverande Stryn kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjon trer i kraft straks.