Forskrift om deling av kommuner, Eidsfjord og Ullensvang, Hordaland.

DatoFOR-1976-07-09-15
PublisertII 1976 s 203
Ikrafttredelse09.07.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidsfjord og Ullensvang kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om deling av kommuner, Eidsfjord m.fl

Fastsett ved kgl.res. av 9. juli 1976 i medhald av lov av 21. desember 1956 om endring av kommuneinndeling. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

1.Fråskiljinga av tidlegare Eidfjord kommune frå Ullensvang kommune i Hordaland fylke, som eigen heradskommune, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Eidfjord.
3.Kommunestyra i den nye Eidfjord kommune og attverande Ullensvang kommune skal i perioden 1. januar - 31. desember 1979 ha i same følgd 17 og 25 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Eidfjord alt rekna som fråskild.

Manntalet vert førd av noverande manntalsførar i Ullensvang kommune, men særskilt for den nye Eidfjord og attverande Ullensvang kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyret fastet, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for attverande Ullensvang kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ullensvang.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Hordaland kallar det nyvalde kommunestyret i den nye Eidfjord kommune inn til konstituerande møte snarast råd er etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å forebu og gjennomføra fråskiljinga av Eidfjord, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ullensvang kommune.
6.Budsjetta for den nye Eidfjord kommune og for attverande Ullensvang kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ullensvang kommune, skal framleis gjelda i den fråskilde Eidfjord kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 27 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Eidfjord kommune og i attverande Ullensvang kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.