Forskrift om deling av Sør-Fron og Nord-Fron kommuner, Oppland.

DatoFOR-1976-07-23-6
PublisertII 1976 s 231
Ikrafttredelse23.07.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forSør-Fron og Nord-Fron kommuner, Oppland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om deling av kommune, Fron

Fastsatt ved kgl.res. av 23. juli 1976. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert bestemt:

1.Delinga av Fron kommune i Oppland fylke i de to tidlegarer kommunane Nord-Fron og Sør-Fron, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på dei nye kommunane skal vera Nord-Fron og Sør-Fron.
3.Kommunestyra i de nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar skal i perioden 1. januar 1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 31 og 19 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Fron kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Nord-Fron kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i dette området, supplert med 3 kommunestyrerepresentantar frå området, og manntalsføraren. Valstyret for den nye Sør-Fron kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i dette området, supplert med 3 av kommunestyrerepresentantar frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Fron.

Ved valet gjeld reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre i dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Oppland kallar dei nyvalde kommunestyra i de nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra delinga av Fron kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Fron kommune.
6.Budsjetta for dei nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Fron kommune, skal framleis gjelda i dei nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.