Forskrift om fastsetting av kommunegrense, Hemsedal kommune, Buskerud, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1977-02-04-3
PublisertII 1977 s 54
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunegrense, Hemsedal m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 4. februar 1977. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Hemsedal kommune i Buskerud fylke og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke tek til i grensa mot Ål kommune i Norges geografiske oppmåling sitt trigonometriske punkt på Raudbergnut, 1818 m.o.h. Frå dette punktet går grensa i nordaustleg til nordleg retning i rett line tvers over Øljusjøane til det trigonometriske punkt på Kjølbergtind 1541 m.o.h. Frå kjølbergtind svinger grensa over i nordaustleg retning og går i bein line over krossmerkt stein ved hovudvegen fram til bekken som renn ned i Eldrevatnet. Grensa følgjer så denne bekken om lag 360 m nordetter fram til der det ligg ein jordfast og krossmerkt stein på austsida av bekken. Her svinger grensa og går først 952 m i aust-søraustleg retning til ein stor, krossmerkt stein og så i meir sørleg retning fram til det trigonometriske punkt på Slettind, 1592 m.o.h.

Med unntak av der grensa følgjer bekk, går ho i beine liner mellom punkta.

Namn og høgder i skildringa ovanfor er tekne frå Norges geografiske oppmåling sitt gradteigskart D 32 aust, Djup, i målstokk 1:100.000, utgåve 1961.