Forskrift om fastsetting av kommunegrense, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane, Ål kommune, Buskerud.

DatoFOR-1977-02-04-4
PublisertII 1977 s 55
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forLærdal kommune, Sogn og Fjordane, Ål kommune, Buskerud.
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunegrense, Lærdal m.fl.

Fastsatt av Kommunal- og arbeidsdepartementet 4. februar 1977. 

Grensa mellom Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og Ål kommune i Buskerud fylke vert fastsett å gå frå Flågrunnsvarden i nordaustleg retning til høgd 1672 søraust for Skavlevatn, derifrå nordaustover til høgd 1660 sør for Bukkesteinsvatn, så i litt meir austleg retning til høgd 1403 i nordenden av sletta på Hallingskeid. Derifrå går grensa i søraustleg retning til høgd 1691 på Førdalsnosi, så i noko meir sørleg retning til den søre av to om lag like høge toppar på høgste ryggen mellom Urgevatn og Sanddalsvatn, høgd 1648, deretter i aust til nordleg retning til høgd 1744 nord på Gråhyrnerane og derifrå i om lag aust til sørleg retning til Raudbergnut, høgd 1818, der grensa mot Hemsedal kommune støyter til.

Grensa går i rette liner mellom høgdepunkta.

Namn og høgdetal refererer seg til gradteigskart D 32 aust, Djup, i målestokk 1:100.000 og originalane i målestokk 1:50.000 til det same kartet.