Forskrift om fastsetting av kommunegrense, Leikanger og Aurland kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1977-05-27-3
PublisertII 1977 s 200
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forLeikanger og Aurdal kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunegrense, Leikanger m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1977. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Leikanger og Lærdal kommunar i Sogn og Fjordane fylke går frå toppen av Svarthovd (1365) i nordaustleg retning til den vesle toppen med høgde 1468 aust for Daudmannsvatnet, derifrå nord - litt vestleg til høgste punktet på Bleifjell (1718), derifrå litt meir vestleg til høgde 1687 på same fjellet. Herifrå går lina, igjen litt meir vestleg, ned i gjelet der ytste Drøfta renn, deretter følgjer grensa denne elva i nordvestleg hovudretning til Sognefjorden. Vidare går grensa i bein line i retning nord til vest til det punktet der denne lina skjer midtlina av Sognefjorden, der Sogndal kommune støyter til.

Med unntak av der gensa følgjer ytste Drøfta, går grensa i rette liner mellom dei nemnde punkta.

Namn og høgder som er skildra ovanfor, refererer og til gradteigskarta C 31 aust og D 31 vest 1:100.000, utgåver 1964.