Forskrift om iverksetting av lov om nytt bispedømme på Nord-Vestlandet, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1983-06-24-1171
PublisertII 1983 s 438
Ikrafttredelse18.09.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Vestlandet, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1982-06-11-52
Kunngjort
KorttittelForskrift om nytt Møre bispedømme

Fastsett ved kgl.res. av 24. juni 1983. Fremja av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. 

I samsvar med lov av 11. juni 1982 om nytt bispedømme på Nord-Vestlandet vert det fastsett:

1)Møre bispedømme skal opprettast frå 18. september 1983.
2)Molde kyrkje skal vere hovudkyrkje og domkyrkje i det nye bispedømmet.
3)Frå 18. september 1983 skal det noverande Ytre Romsdal prosti utgjere Molde domprosti. Domprostembetet skal vere knytt til Molde sokneprestembete.
4)Prost i det noverande Ytre Romsdal prosti og sokneprest i Molde, Håkon Fred. Breen, vert utnemnd til domprost i Molde frå 18. september 1983.
5)Møre bispedømmeråd vel ein av dei leke medlemmer som representant til det noverande fellesråd for bispedømmeråda - Kyrkjerådet.