Vedtak om grensa mellom Hemsedal kommune i Buskerud og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane

DatoFOR-1986-04-25-1030
PublisertII 1986 341
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.
Hjemmel
Kunngjort
KorttittelVedtak om grensa mellom Hemsedal og Lærdal

Fastsatt ved kgl.res. av 25. april 1986. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Hemsedal kommune i Buskerud fylke og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke på strekninga Slettetind - Vang grense tek til i det trigonometriske punkt på Slettetind, høgd 1.592, og går ut i austleg retning etter vatnskilet til Bandenosi, høgd 1.567. Her vinklar grensa og går i rett line i retning nord-til-aust til Breidnosi, høgd 1.644. Derifrå går grensa etter vatnskilet først i nordvestleg, så i aust- og nordaustleg retning til trigonometrisk punkt på vesle Jukleeggi, høgd 1.701. Derifrå går grensa i rett line i nordaustleg til nordleg retning til Kljåbandet, høgd 1.540. Der vinklar grensa og går i rett line i nord-vestleg retning til Haukefjellet, høgd 1.804, der grensa vinklar og går i rett line i vest-nord-vestleg retning til trigonometrisk punkt på Høgeloft, høgd 1.920. Der vinklar grensa og går i rett line i nord-austleg retning til det punkt i Sulevatnet der rettlina mellom st. Jukleeggi, høgd 1.934, og Kyrkjenosi, høgd 1.657, skjer midtlina gjennom Sulevatnet i grensa mot Vang kommune i Oppland fylke.

Namn og høgdetall i skildringa ovanfor er tekne frå kartblad 1.516 I Gyrinosvatnet, utgåve 1981, og 1.517 II Øye, utgåve 1985, målestokk 1:50.000.