Forskrift om transport av farleg gods på RV 658, Ålesund - Giske kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1987-10-14-798
PublisertII 1987 s 426
Ikrafttredelse16.10.1987
Sist endretFOR-2003-02-20-179
Endrer
Gjelder forRV 658, Ålesund - Giske kommunar, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1965-06-18-4-§18
Kunngjort
KorttittelForskrift om farleg gods, Ålesund - Giske

Fastsett av Samferdselsdepartementet 14. oktober 1987 med heimel i vegtrafikklov av 18. juni 1965 § 18. Endra 20 feb 2003 nr. 179.

§ 1.Forskrifta gjeld RV 658 på strekninga frå krysset med E 69 i Ålesund til Ytterland, Valderøy i Giske kommune.
§ 2.På strekninga nemd i § 1 er det i tida kl. 06.00 til kl. 24 kvar dag forbod mot

transport av meir enn 3.000 liter brannfarleg væske i klasse A i samla volum på ein transporteining.

enkelttransportar med meir enn 200 kg komprimert eller flytande gass.

enkelttransportar med meir enn 25 kg eksplosiv vare i faregruppe 1.1.

§ 3.Statens vegvesen, Region midt kan i samråd med brannsjefen i brannsjefen i Ålesund gjere unntak frå § 2 i einskilde tilfelle.
0Endra ved forskrift 20 feb 2003 nr. 179.
§ 4.Brot på denne forskrifta vert straffa etter vegtrafikklova § 31.
§ 5.Forskrifta gjeld frå 16. oktober 1987.