Regulering av kommunegrensene i Dalsfjorden, Askvoll, Fjaler og Gaular kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1988-12-02-962
PublisertII 1988 557
Ikrafttredelse01.01.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forDalsfjorden, Askvoll, Fjaler og Gaular kommuner, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelRegulering av kommunegrensene, Askvoll mv

Fastsett ved kgl.res. av 2. desember 1988. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

1.Med heimel i § 1 i lov av 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert Hestad krins på nordsida av Dalsfjorden overført frå Fjaler kommune i Sogn og Fjordane til Gaular kommune i same fylke, og resten av nordsida i Fjaler vert overført til Askvoll kommune. Vidare vert Våge og Fure krinsar på sørsida av Dalsfjorden i Askvoll kommune overført til Fjaler kommune. Dei nye kommunegrensene vert trekt i samsvar med grenseskildring.

Fylkesmannen får fullmakt til å fastsetje dei endelege grensene i sjøen og dei endelege grensene på land etter fastsette eigedomsgrenser.

2.Overføringane skjer med verknad frå 1. januar 1990.
3.I medhald av § 17 i lov av 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert det samstundes med stortingsvalet i 1989 halde nye kommunestyreval i Fjaler, Gaular og Askvoll. Veljarane i dei områda som vert overførde frå ein kommune til ein annan skal - både når det gjeld stortingsvalet og kommunestyrevalet - manntalførast i den kommunen der dei vil vere busette frå og med 1. januar 1990, og ikkje i den kommunen der dei er busette på valdagen. 

Grenseskildring

Grensa mellom Askvoll og Fjaler tek utgangspunkt i eksisterande grense mellom Askvoll og Solund på Svarteskjæra ytterst i Vilnesfjorden og vest for Lutelandet. Ho fylgjer Vilnesfjorden og Dalsfjorden nord-austover forbi Vikaholmen nord for Dale. Vidare austover i Dalsfjorden går grensa mellom Fjaler og Gaular forbi Nistad der grensa fell saman med tidlegare grense mellom desse to kommunane. Grensa vert fastsett i samsvar med eit tilnærma geometrisk prinsipp.

Grensa mellom Askvoll og Gaular byrjar i felles grensepunkt med Fjaler i Dalsfjorden sør-aust for Vikaholmen, går nordover inn på land og fylgjer eigedomsgrensa mellom gardane Fossedal, gnr. 46 og Laukeland, gnr. 47 over Brendeknappen og områda Kringla, Yksnesfjellet, Eitrenipa og austover til Blåegga der grensa fell saman med tidlegare grense mellom Askvoll og Fjaler og fylgjer denne over Litlenipa til Blegjestauren der den fell saman med tidlegare grense mellom Askvoll og Gaular over Blegja og Heilevongstaurane fram til grensa mot Førde.