Regulering av kommunegrensa mellom Eid og Gloppen kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-01-08-36
PublisertII 1991 13
Ikrafttredelse01.01.1992
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid og Gloppen kommunar, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelRegulering av kommunegrensa, Eid og Gloppen

Vedteke av fylkesmannen i Sogn og Fjordane 8. januar 1991: 

Med heimel i § 1 i lov av 21. desember 1956 nr. 3 om endring i kommunal inndeling, jfr. delegering ved kgl.res. av 26. mai 1989, vedtek fylkesmannen at krinsane Hennebygda og Lote, den del av gnr. 39-49 som ligg på nordsida av Nordfjorden, vert overført frå Gloppen kommune i Sogn og Fjordane til Eid kommune i same fylke.

Den nye grensa mellom kommunane Eid og Gloppen vil verte trekt etter midtfjordsprinsippet i Nordfjorden. Fylkesmannen kjem attende til nærare fastsetjing av grensa.

Overføringa skjer med verknad frå 1. januar 1992.