Delegering av mynde etter luftfartslova § 5 første leden til Samferdsledepartementet til å gje forskrift vedkomande restriksjonsområde R 401 - Finnmark og Nord-Troms.

DatoFOR-1992-05-22-415
PublisertII 1992 239
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1999-12-10-1276 (fra 01.01.2000)
EndrerFOR-1959-01-07
Gjelder forFinnmark og Nord-Troms
HjemmelLOV-1960-12-16-1-§5.
Kunngjort
KorttittelDelegering av mynde etter luftfartslova § 5

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 22. mai 1992. Fremja av Samferdsledepartementet. Endra ved kgl.res. 10 des 1999 nr. 1276. 

1.Norsk område aust for meridianen 20° 30′ skal vere tillate for sivil luftfart berre på visse nærare vilkår.
2.Samferdsledepartementet får mynde til i samråd med Forsvarets Overkommando, Luftforsvarsstaben, å fastsetje forskrift om frie korridorar og vilkåra elles for sivil luftfart i området med heimel i luftfartslova § 5, første leden jf. § 214.
3.Samferdsledepartementet delegerer til Luftfartstilsynet fullmakt til å fastsetje slik forskrift som nemnt under pkt. 2.
4.Luftfartstilsynet fastset i samråd med Forsvarets Overkommando, Luftforsvarsstaben, når forskrifta skal tre i kraft. Frå same tidspunkt fell kgl.res. av 7. januar 1959 bort.
0Endra ved forskrift 10 des 1999 nr. 1276 (i kraft 1 jan 2000).