Forskrift om vedtekter om forsøk med lokale skulestyre, Sund kommune, Hordaland.

DatoFOR-1993-12-23-1287
PublisertAvd II 1994 Nr. 11
Ikrafttredelse01.01.1994
Sist endret
Endrer
Gjelder forSund kommune, Hordaland.
Hjemmel
Kunngjort
KorttittelForskrift om forsøk med lokale skulestyre. Sund

Fastsatt av Kommunal- og arbeidsdepartementet 23. desember 1993 med heimel i lov av 26. juni 1992 nr. 87 om forsøk i offentleg forvaltning § 7, jf. kongeleg resolusjon av 18. desember 1992.

§ 1.Føremål

Føremålet med lokale skulestyre er å gje foreldra reell medverknad gjennom eit forpliktande samarbeid med skulen, og gje dei tilsette sterkare innverknad og medansvar på eigen arbeidsplass.

§ 2.Samansetting av skulestyret

Ved kvar skule vert det skipa eit skulestyre med 5 eller 7 medlemmer. Kommunestyret, eller det utvalet som kommunestyret har delegert avgjerdsretten til, fastset talet for kvar skule etter at samarbeidsutvalet og arbeidstakarorganisasjonane ved skulen er høyrde.

I skulestyre med 5 medlemmer skal 3 vera foreldre og 2 vera tilsette ved skulen. I skulestyre med 7 medlemmer skal 4 vera foreldre og 3 vera tilsette.

Foreldrerepresentantane med personlege vararepresentantar vert valde for to år om gongen.

Representantane for dei tilsette vert valde/utnemnde av arbeidstakarorganisasjonane.

§ 3.Oppgåver

Det lokale skulestyret har avgjerdsrett i saker som gjeld:

a) Skulen sitt budsjett innanfor tildelte rammer.
b) Skulen si opningstid.
c) Organisering av undervisninga.
d) Timeplanen
c) Det lokale læreplanarbeidet.
f) Fag og timebyteplan.
g) Ordensreglar.
§ 4.Møteskipnad

Rett til å gjera framlegg, seia si meining og få denne førd i møteboka har:

a) Ordføraren
b) Rådmannen
c) Skulesjefen
d) Leiaren for Hovudutval for undervisning
e) Hovudtillitsvalde for arbeidstakerorganisasjonane.

Det lokale skulestyret avgjer kven andre i det einskilde møtet som skal få seia si meining, og få den førd i møteboka. (Elevar, lærarar, klassekontaktar og andre).

Det lokale skulestyret vel sjølv leiar og nestleiar for eitt år om gongen. Den som har vore leiar i to år, kan nekta attval. Er leiaren vald mellom foreldra, vert nestleiaren vald mellom representantane for dei tilsette, og omvendt.

Leiaren kallar inn til møta og styrer desse.

Skulestyret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmene er til stades, dersom både foreldre og tilsette er representerte.

For alle møta skal det førast møtebok med eit stutt referat. Utskrift av møteboka skal sendast Hovudutval for undervisning (skulekontoret) innan ei veke etter kvart møte.

§ 5.Skulestyret sin administrasjon

Rektor ved kvar skule er sekretær for skulestyret.

Kommunestyret, eller det utvalet som kommunestyret har delegert avgjerdsretten til, gjev nærare retningsliner for korleis dette arbeidet skal organiserast.

§ 6.Ankerett

Eit mindretall eller rektor kan i møtet anka vedtak i det lokale skulestyret inn for Hovudutval for undervisning.

§ 7.Legalitetskontroll

Skulesjefen skal sjå til at vedtak i det lokale skulestyret er i samsvar med lover, føresegner og vedtekter som gjeld for skulen.

§ 8.Rådsorgana

Det lokale skulestyret tek over funksjonane til samarbeidsutvalet, og kan omorganisera eller leggja ned rådsorgana ved skulen. Kommunestyret, eller det utvalet som kommunestyret har delegert avgjerdsretten til, vedtek i så fall alternative samarbeidsordningar mellom heim og skule, og mellom tilsette og skule.

§ 9.Iverksetjing

Denne føresegna om vedtekter trer i kraft 1. januar 1994 og gjeld til 1. august 1994.

§ 10.Reglar som vedtektene kjem i stadenfor

Vedtektene §§ 3 og 8 - lov om grunnskulen av 13. juni 1969 nr. 24 §§ 30 og 32.