Forskrift om faglege kvalifikasjonar for ansvarshavande ved bygging av separate avløpsanlegg i Møre og Romsdal.

DatoFOR-1995-09-25-840
PublisertII 1995 306
Ikrafttredelse01.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1981-03-13-6-§11, FOR-1992-07-08-519
Kunngjort
KorttittelForskrift om avløpsanlegg, Møre og Romsdal

Fastsett av fylkesmannen i Møre og Romsdal 25. september 1995 med heimel i forskrift 8. juli 1992 nr. 519 om utslipp fra separate avløpsanlegg.

§ 1.Kva forskrifta gjeld

Denne forskrifta fastset minimumskrav til faglege kvalifikasjonar for den som skal godkjennast som ansvarshavande for bygging av separate avløpsanlegg.

§ 2.Kven forskrifta gjeld for

Ansvarshavande er den som på arbeidsplassen har ansvaret for den praktiske utføringa av eit anlegg.

§ 3.Anlegg som blir omfatta av forskrifta

Forskrifta omfattar separate avløpsanlegg som er med som hovudløysing i dei tekniske retningslinene til forskrift om utslipp fra separate avløpsanlegg gitt av Miljøverndepartementet 8. juli 1992 nr. 519.

§ 4.Sertifisering

Den som har oppfylt krav til faglege kvalifikasjonar, gjennomgått godkjent spesialkurs og har erfaring frå denne type arbeid, kan tildelast «Sertifikat for bygging av separate avløpsanlegg». Sertifikatet blir utskrive av kommunen og gjeld for 5 år.

§ 5. Tilbakekalling av godkjenning

Kommunen kan trekkje tilbake sertifikatet eller avslå søknad om godkjenning av ansvarshavande i den enkelte sak dersom vedkomande ikkje har retta seg etter dei krav som kommunen stiller.

§ 6.Dispensasjon

Fylkesmannen eller den fylkesmannen gjev mynde, kan gje dispensasjon frå krava i denne forskrifta.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta blir følgde.

§ 8.Klage

Kommunen sine vedtak etter denne forskrifta kan påklagast til fylkesmannen.

§ 9.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. desember 1995.