Forskrift for vass- og kloakkavgifter, Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-1996-12-16-1409
PublisertII 1996 599
Ikrafttredelse11.03.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1974-05-31-17
Kunngjort
KorttittelForskrift for vass- og kloakkavgifter, Bø

Kapitteloversikt:

Fastsett av NTN-utvalet 19. november 1996 med heimel i lov av 31. mai 1974 nr. 17 om vass- og kloakkavgifter. Godkjent av Kommunestyret 16. desember 1996. Vert opphevd med forskrift 8 feb 2010 nr. 412 (i kraft 1 juli 2010).

1. Avgiftsplikt

1.1. Plikta til å betale vatn og/eller kloakkavgift gjeld:

Fast eigedom som er tilknytta kommunal vass- og/eller kloakkledning direkte eller gjennom privat samleledning.

Eigedom som bygningsrådet i medhald § 66 eller § 92 i bygningslova har kravd tilknytt kommunal kloakkledning.

Avgiftsplikta gjeld også eigedom som ligg utanfor stadfest reguleringsplan.

Eigaren står ansvarleg for avgiftene. For eigedom som er bortfesta, betalar festaren i staden for grunneigaren. Føresetnaden for dette er at det enno er minst 30 år att av festetida, rekna frå det tidspunkt då avgiftsplikta kom inn første gongen. Det same gjeld dersom festaren etter avtale, har rett til å krevje festet forlenga for så lang tid at den samla attståande festetid er 30 år.

Eigedomen er å sjå på som tilkopla vatn og kloakk når ledningen er tilkopla offentleg ledning og lagt fram til eigedomen. Dersom eigaren ønskjer å legge vassledningen fram til eigedomen, evt. i samband med legging av kloakkledning, men førebels ikkje ønskjer å kople seg til vatn, kan dette gjerast etter skrifteleg avtale mellom kommune/eigar, men vilkåret er at ledningen må plomberast av kommunen.

2. Definisjon av kloakkledning

Med kloakkledning meiner ein i desse forskriftene separate ledningar for avlaup frå sanitærutstyr og industriproduksjon (spillvassledningar).

3. Avgiftsform

Avgiftene omfattar:

-Tilknytningsavgift for vatn
-Tilknytningsavgift for kloakk.
-Årsavgift for vatn.
-Årsavgift for kloakk.

4. Avgiftssatsar

Avgiftssatsane blir fastsette av kommunestyret og blir sett iverk frå den tid kommunestyret gjer vedtak.

5. Restriksjonar på vasslevering og kloakkmottak

Restriksjonar over avgrensa tid og kortare avbrot i levering av vatn eller mottak av kloakk, gjev ikkje grunnlag for reduksjon av avgiftene.

6. Arealutreikningsmetode

Så langt avgiftsutrekninga vert gjort på grunnlag av storleiken på huset, skal avgiftspliktig areal følgje dei reglar som er trekt opp i rundskriv - Bygg nr. 342 av 15. desember 1969 frå Kommunal- og arbeidsdepartementet.

7. Tilknytningsavgifter

7.0 Tilknytningsavgift blir fastsett etter m² leigeareal for bustadbygg/fritidshytter, og brutto golvflate for andre bygg.
7.1 Tilknytningsavgift for vatn og/eller kloakk skal betalast:

Ved nybygg eller tilbygg over 25 m², og dersom det utvida bygget kjem over minstearealet. Ein betalar da for den delen som kjem over minsteaeralet. (Jfr. punkt 1 i avgiftssatsar).

Når eigedom som det er hus på blir tilknytt kommunal vass- og/eller kloakkledning.

Regelverket gjeld og private fritidshytter.

Kommunestyret kan fastsetje minimumsavgifter.

7.2 Tilknytningsavgifta vert fastsett i høve til storleiken på bygningane, men det skal reknast tilkoplingsavgift etter samla areal på eigedomen. (Ikkje ei minsteavgift pr. bygning).

På uthus skal det reknast tilkoplingsavgift for fjøsdelen der det er dyr. Dette må det opplysast om ved tilkopling av eigedomen. Uten dyr blir uthuset å sjå på som ein lagerbygning. Der fjøset seinare eventuelt blir tatt i bruk til dyr, må det meldast frå og det skal da reknast tilkoplingsavgift for dette etter gjeldande satsar.

For bygningar/eigedomar som inneheld fleire bueiningar, slik som terrassehus, rekkehus som kan eller skal seksjonerast ut til sjølveigarleilighetar, sameigeleilighetar, eller sjølvstendige bueiningar som t.d. borettslag, skal kvar leilighet reknast for seg, d.v.s. ei minsteavgift pr. leilighet. (Det er her ikkje meint hybelleilighetar).

Tilkoplingsavgifta skal reknast ut slik:

A. For dei første 200 m², som og vert fastsett som minimumsavgift:

Avgiftssats 200 m² x 1,0

B. For overskytande areal: Avgiftssats x antall m² x 0,5

7.3 Tilknytningsavgifta forfell til betaling seinast ved tilknytning. Arbeid som krev byggeløyve - medrekna graving og fylling - må ikkje setjast igang før avgifta er betalt. Dette gjeld anten det blir krevd byggeløyve etter § 93 i plan- og bygningslova eller melding etter §§ 81, 84, 85 eller 86. Kommunestyret kan dispensere frå det som her er fastsett. Før tilkopling til offentleg ledning, må det meldast skrifteleg frå til teknisk etat med opplysning om bygningen/anes areal etc. Etaten godkjenner tilkoplingspunkt.
7.4 Hytter

Der det ikkje er praktisk mogeleg å tilkople offentleg kloakk til hytta, kan det etter skrifteleg avtale mellom kommunen og hytteeigar gjevast løyve til å kople offentleg vatn til ei utekran. Tilkoplingsavgifta er i slike høve 1/2-parten av minsteavgifta.

7.5 Eigedomar med gamal bebyggelse der tilknytningsavgifta til vatn- og kloakk er betalt, skal ved riving og oppføring av nye bygg ikkje betale tilknytningsavgift for meir enn dei m² som nybygget er større enn det gamle.

8. Årsavgifter

8.1 Årsavgift for vatn og/eller kloakk skal betalast:

Når eigedomen er tilknytt kommunalt vass- og/eller kloakkledning, d.v.s. når ledningen er tilkopla offentleg ledning og lagt fram til eigedomen. Det kan gjerast skrifteleg avtale om fritak for årsavgift vatn jfr. pkt. 1.1 siste ledd.

8.2 Årsavgifta skal vera basert på målt vassforbruk eller etter areal. Ved feil kan teknisk etat stipulere avgiftene utfrå tidlegare forbruk.
8.3 Eigedom som har godkjent vassmålar, betalar årsavgift for både vatn og kloakk i samsvar med målt vassforbruk og gjeldande m³-pris. Årsavgifta for eigedomen skal beregnast samla både der det er installera vassmålar og der avgifta vert rekna etter areal. For bygningar/eigedomar som inneheld fleire bueiningar, slik som terrassehus, rekkehus som kan eller skal seksjonerast ut til sjølveigarleilighetar, sameigeleilighetar, eller sjølvstendige bueiningar som t.d. borettslag, skal kvar leilighet reknast for seg, d.v.s. ei minsteavgift pr. leilighet. (Det er her ikkje meint hybelleiligheter).

Dersom kloakkmengda er vesentleg større eller mindre enn målt vassforbruk skal kloakkavgifta baserast på faktiske målingar. For eigedomar som betalar etter målt vassforbruk, gjeld ei minste årleg avgift etter 200 m³. Tilsvarande 100 m² for bygningar som får berekna årsavgift etter areal.

For private fritidshytter gjeld minste årleg avgift etter 100 m³, tilsvarande 1/2 minsteavgift på bustadhus.

For hytter som har fått løyve til å kople vatn bare til utekran, er årleg avgift 1/4 part av minsteavgift på bustadhus.

For installasjon og bruk av vassmålar gjeld det som er fastsett under pkt. 11.

8.4 Eigedom som ikkje har installera vassmålar skal betale årsavgift for vatn og/eller kloakk i samsvar med stipulert vassforbruk basert på storleiken på bygningane, og samla for eigedomen. Eigedomens samla areal leggast til grunn (dvs. g.nr./b.nr., festenr., seksjnr. etc.).

Grendehus/forsamlingslokale

Grendehus og forsamlingslokale som er lite i bruk, kan etter skrifteleg avtale installere vassmålar og betale etter faktisk forbruk (ikkje minsteavgift).

8.5 Hytter

Årsavgifta for hytter er 1/2 parten av minsteavgifta. For hytter som har fått løyve til å kople offentleg vatn til utekran er årsavgifta 1/4 av minsteavgifta.

8.6 Vassforbruk og kloakkmengd vert fastsett til 2 m³ /m² leigeareal pr. år for heilårsbustad og 2 m³ /m² brutto golvflate for andre bygg. Ved kombinerte bygningar, d.v.s. bygningar/eigedomar som inneheld bustadareal og anna areal, skal avgifta baserast for dei to gruppene separat.
8.7 Årsavgift kan tidlegast krevjast inn frå og med månaden etter at innflytting skjer eller bruksløyve kan gjevast. I slike høve vert avgifta då kravd med forholdsvis del av full årsavgift.

9. Frådrag/tillegg i årsavgifta

9.1. For industribedrifter, jordbruksverksemd og verksemd som har kloakkvatn som i mengde eller samansetning avvik vesentleg frå vanleg hushaldkloakk i gunstig/ugunstig retning, kan det reknast eit frådrag/tillegg i årsavgifta for kloakk. Storleiken på frådraget/tillegget vert fastsett etter tingingar med teknisk etat og avtale godkjennast av NTN-utvalet. Kjem ikkje avtale i stand, vert storleiken på tillegget fastsett av NTN-utvalet.
9.2 Avgiftspliktig som unnlet å følgje pålegg om å fjerne eller kortslutte privat septiktank, skal betale eit tillegg til kloakkavgifta. Tilleggsavgifta reknar ein frå 6 månader etter at pålegget er gjeve. Tillegget utgjer 100% av eigedomens ordinære kloakkavgift, og skal reknast for kvart påbyrja kvartal. Avgifta vert rekna til pålegget er oppfyllt.
9.3 Avgiftspliktig som unnlet å etterkome pålegg om å utbetre lekkasjer på vassledningen til eigedomen eller manglar ved kloakkanlegg eller sanitærutstyr som fører med seg auka belastning på ledningar eller renseanlegg, skal betale eit tillegg til vass- og/eller kloakkavgifta. Tilleggesavgifta tek til å gjelde ein månad etter at pålegget er gitt. Tillegget utgjer 100% av eigedomens ordinære avgift og skal reknast for kvart påbyrja kvartal. Avgifta vert rekna til pålegget er oppfyllt.
9.4. For symjebasseng på eigedom som ikkje betalar etter målt forbruk skal det betalast ei tilleggsavgift for vatn og/eller kloakk tilsvarande eit årleg vassforbuk.

på 40 m³ for bassengvolum inntil 20 m³

på 80 m³ for bassengvolum inntil 40 m³

på 120 m³ for bassengvolum over 40 m³ 

Basseng under 3 m³ er friteke for avgift. Dette punkt gjeld både fastmonterte basseng og basseng som kan demonterast.

9.5 For bensin og servicestasjonar med vaskeplassar, og som ikkje har installert vassmålar, skal det betalast ei tilleggsavgift for vatn- og/eller kloakk tilsvarande eit årsforbruk på 500 m³ pr. vaskeplass (tappekran).

11. Reglar for installering av vassmålar

11.1 Eigaren av ein eigedom kan velja om han vil ha årsavgifta basera etter areal eller målt vassforbruk. I siste tilfelle må han sjølv syte for å få installera vassmålar. Eigaren skal på førehånd melde frå om dette til teknisk etat.

Kommunen kan og i særlege høve pålegge eigaren å montere vassmålar.

11.2 For eigedomar med installert vassmålar gjeld dessutan følgjande:

Målaren er huseigaren sin eigedom. Teknisk etat godkjenner type, plassering og storleik på målaren.

Utgifter til innkjøp, installasjon og vedlikehald av målaren betalast av huseigaren.

Teknisk sjef avgjer kven som skal stå for installasjon, vedlikehald, samt eventuell flytting, bytting eller fjerning av målaren.

Blir bytting eller utskifting turvande, skal huseigaren straks melde dette frå til teknisk etat, slik at avlesing kan finne stad.

Huseigaren er pliktig til å halde oppsyn med at målaren verkar som han skal.

Teknisk sjef kan ved skrifteleg pålegg til huseigaren krevje kontroll av vassmålaren. Viser kontrollen ei feilavlesing på meir enn 5% blir justering, eventuelt utskifting utført utan utgifter for kommunen.

Teknisk etat skal plombere vassmålar. Skade på plombering må meldast straks.

Misleghald kan meldast til lensmannen.

For installering og bruk av vassmålar gjeld elles kommunen sine tekniske reglar.

12. Innbetaling av avgift

12.1 Avgiftene skal betalast årleg og delast i 2 terminar Vassmålarane avlesast og avregnast ein gang i året.
12.2 Dersom årsavgifta ikkje er betalt innan 1 mnd etter at den avgiftspliktige har motteke andre gongs varsel om innbetaling, kan NTN-utvalet - når kommunelege ikkje set seg mot det - stenge den kommunale vassforsyninga til eigedomen.
12.3 Krav til avgifter er med omsyn til pantesikkerhet og inndriving likestilt med skatt.

13. Klage

Vedtak som NTN-utvalet har fatta i medhald av forskriftene kan påklagast til kommunestyret.