Forskrift om innsamling m.v. av forbruksavfall, Eidfjord kommune, Granvin herad, Jondal kommune, Ullensvang herad, Ulvik herad og Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-1997-05-29-675
PublisertII 1997 295
Ikrafttredelse01.01.1997, 29.01.1997, 01.07.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss kommuner, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort
KorttittelForskrift om avfall, IHM Indre Hordaland Miljøverk

Kapitteloversikt:

Fastsett av Ulvik heradsstyre 16. desember 1996, Jondal kommunestyre 19. desember 1996, Voss kommunestyre 19. desember 1996, Ullensvang heradsstyre 30. desember 1996, Eidfjord kommunestyre 29. januar 1997 og Granvin heradsstyre 29. mai 1997 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 30 og § 34.

I

1. Generelle bestemmelsar 

1.1 Forvalting av renovasjonsordninga
1.1.1 Generelt

IHM har overteke kommunen/heradet sine rettar og plikter for saker som gjeld renovasjon og avfallshandsaming, jfr. § 2 i vedtektene til IHM. IHM overtek eigedomsretten til avfallet som vert samla inn av, eller levert til IHM, jfr. § 30 i forureiningslova.

1.1.2 Klage

Vedtak og pålegg om innsamling av forbruksavfall m.m., som kan påklagast i medhald av forureiningslova, kommunelova eller forvaltningslova kan påklagast til IHM. Dersom klagen ikkje vert omgjord til gunst for klagaren, vil klagen verta send til klageinstansen.

1.1.3 Straff

Brot på desse forskriftene vert straffa med bøter etter forureiningslova § 79 andre ledd. 

1.2 Virkeområde

Forskrifta gjeld oppsamling, innsamling, transport og gjenvinning/resirkulering av forbruksavfall frå heile kommunen/heradet. Forskrifta gjeld også avfallsgebyr.

Forskrifta gjeld også for fritidseigedomar.

(Merknad: Eige pkt. 1.2 vedteke av Eidfjord kommunestyre:

Forskrifta gjeld oppsamling, innsamling, transport og gjenvinning/resirkulering av forbruksavfall innanfor renovasjonsområdet som vist i kartvedlegg datert 1. mars 1985. Forskrifta gjeld også avfallsgebyr.) 

1.3 Definisjonar

Som forbruksavfall reknast vanleg avfall, også større gjenstandar som inventar o.l., frå hushald, mindre butikkar o.l. og kontor. Som forbruksavfall reknast også avfall av tilsvarande art og mengde frå anna verksemd.

Som abonnent reknar ein eigar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal likevel festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtala. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetida vert meir enn 30 år. Ved fleire brukarar, husstandar, verksemder, fritidsbustader osv. på same eigedom, vert grunneigar rekna som abonnent.

Med oppsamlingseining er meint den eininga som abonnenten samlar avfallet i mellom leveringsdagane. For hushald vil dette seia avfallsbehaldar for restavfall og våtorganisk avfall og for papir er det avfallsbehaldar eller sekk. IHM fastset når eventuell overgang frå sekk til behaldar er aktuelt for papirfraksjonen.

Spesialavfall er giftig og miljøfarleg forbruksavfall, som t.d. plantevernmidlar, medisinar, batteri og kvikksølvtermometer. Anna avfall som krev særskild levering er flytande avfall, bildekk, større tre- og metallgjenstandar (møblar, kvitevarer, inventar), varm oske og etsande, eksplosivt eller sjølvtennande avfall. 

1.4 Handsaming av visse typer forbruksavfall

Avfall som ikkje kan leverast i avfallsbehaldar for papir, våtorganisk avfall eller restavfall, skal leverast til miljøstasjonar, andre godkjende avfallsmottak eller gjennom særskilde innsamlingsordningar eller innsamlingsaksjonar som vert kunngjort av IHM. Dette gjeld spesialavfall og anna avfall som krev særskild handsaming (sjå definisjon pkt. 1.3).

Medisinrestar skal leverast til apotek som har godkjend ordning for slikt avfall.

Abonnenten skal i størst mogeleg grad gjera seg nytte av miljøstasjonar og spesialavfallsstasjonar som er etablert. IHM kunngjer kva stasjonar som er aktuelle i deira område og gjev råd om avfallshandsaming. 

1.5 Tvungen renovasjonsordning

IHM kan overlata til andre å stå for innsamling, transport og handsaming av avfallet.

IHM kan etter søknad frita einskilde eigedomar frå ordninga, etter fylgjande reglar:

-eigedomar der hus står tomme i minst eitt år.

IHM kan etter søknad redusera gebyret og omfanget av renovasjonen for einskilde eigedomar, etter fylgjande reglar:

-eigedomar som har meir enn 500 meter transport av avfallet fram til hentestad
-andre særskilde grunnar.

Med søknaden skal det fylgja grunngjeving, gnr./bnr. for eigedomen og underskrifta til heimelshavar/festar.

Fritidseigedomar skal visast til oppsamlingsplass. For slike eigedomar gjeld ikkje avstandsgrense til veg/oppsamlingsplass.

2. Innsamling m.v. av forbruksavfall 

2.1 IHM sine plikter

IHM skal syta for at abonnenten har avfallsbehaldarar som er tilpassa dei fraksjonane som skal sorterast ut og køyreruta til renovatøren. Innanfor ramma av lovverket og desse forskriftene, kan IHM påleggja abonnentane andre ordningar enn dei som fyrst var godkjende, dersom det viser seg at avfallshandsaminga ikkje vert forsvarleg.

IHM vedlikheld og skiftar ut behaldarar ved normal slitasje. 

2.2 Abonnenten sine plikter

Abonnenten er ansvarleg for bruken og plasseringa av behaldaren i samsvar med desse forskriftene. Behaldaren skal brukast slik at avfallet er sikra mot rotter og skadedyr - eller andre hygieniske ulemper. Ved misbruk/aktløyse som skadar behaldaren, skal abonnenten betale kostnaden med ny behaldar.

Abonnenten er ansvarleg for reinhald av behaldarane. IHM set krav til kva behaldarstorleik som skal nyttast og kor mange behaldarar abonnenten skal ha.

Abonnenten er ansvarleg for særskild merking av behaldaren dersom IHM krev det. Abonnenten kan sjølv merke behaldaren med eigne klistrelappar, dersom desse kan fjernast ved eventuell innlevering av behaldaren. Ved innlevering av behaldaren til IHM skal den vera reingjort.

Abonnenten er ansvarleg for å sortera avfallet som skal leverast i behaldaren i samsvar med IHM sine krav og desse forskriftene.

Avfall som det er innført organisert gjenvinning for, skal ikkje leverast i avfallsbehaldaren. Abonnenten pliktar å sortere det avfallet som vert levert til miljøstasjonar, gjenbruksstasjonar osv. i samsvar med IHM sine rettleiingar.

Ved endring av abonnementstilhøve, ved flytting o.l. er abonnenten ansvarleg for å gje skriftleg melding til IHM. Ved manglande melding er den registrerte abonnenten ansvarleg for alle kostnader i medhald av desse forskriftene.

Deler av abonnenten sine plikter kan, i høve der det er gjeve særskilt godkjenning til det, overførast til eigarlag, burettslag o.l. som har felles oppsamlingseiningar. Overføring av plikter gjeld berre i den grad det går fram av skriftleg godkjenning.

Det er forbod mot brenning av forbruksavfall, utanom i særskilt godkjende forbrenningsanlegg. 

2.3 Innkjøp og utlevering av oppsamlingseiningar

IHM kjøper, leverer ut og eig avfallsbehaldarane. Kvar behaldar har eit nummer som samsvarar med namnet til ein abonnent eller ei gruppe av abonnentar. Kostnaden med behaldarane er rekna inn i renovasjonsgebyret.

Burettslag eller andre abonnentar som ynskjer å gå saman om felles oppsamlingseiningar må ha samtykkje frå kommunen/heradet. 

2.4 Plassering av oppsamlingseininga

Abonnenten bestemmer sjølv kvar oppsamlingseiningane skal plasserast utanom tømmedagane. Plasseringa må ikkje vera i strid med denne forskrifta, plan- og bygningslov, grannelov, veglov eller andre relevante lover eller forskrifter. Tømmedagen skal abonnenten plassera oppsamlingseiningane ved renovasjonsbilen si køyrerute på den hentestaden og til den tida som IHM bestemmer. Hentestaden, der renovatøren hentar behaldarane og tømmer dei i renovasjonsbilen, skal ikkje liggje meir enn 5 meter frå køyreveg.

Hentestaden skal vera lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag. Det skal avsetjast nok areal til oppsamlingseiningane og tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjera hentinga vanskeleg. Vinterstid skal tilkomsten vera rydda for snø og om naudsynt sandstrødd.

Abonnenten syter sjølv for å transportera behaldarane tilbake til fast plasseringsstad etter tømming. Hentestad og fast plasseringsstad kan vera den same.

IHM fastset stoppeplassen for renovasjonsruta. Desse skal leggjast slik at innsamlinga kan gå føre seg på ein rasjonell og trafikktrygg måte og med stor komprimatorbil.

Ved innandørs oppsamlingssystem må eininga plasserast i eige avfallsrom, i samsvar med byggeforskriftene.

I område der det er avsett felles oppsamlingsplassar for oppsamlingseininga, kan kommunen/heradet visa abonnentane til å nytta desse. 

2.4 Krav til køyreveg

Renovasjonsruta kan, etter søknad og særskilt løyve frå kommunen/heradet, gå på andre vegar enn offentleg veg. Ein føresetnad for dette er at vegen oppfyller dei etterfylgjande krava:

Vegen må ha snuplass og kurvatur, stigning, breidde og styrke til å tåle ein stor komprimatorbil. Vegen må ha ei fri høgd på minst 4 meter og vegen må nyttast av minst 5 hus.

Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vera brøytt og om naudsynt, strødd. Heile året skal vegdekket vera tilfredsstillande vedlikehalde og vegen skal vera sikra med rekkverk der kommunen/heradet krev det.

Dersom tilkomsten vert hindra av parkerte bilar, manglande vedlikehald og/eller snøbrøyting er abonnenten pliktig å bringa avfallet fram til renovasjonsbilen eller ta vare på avfallet på ein forvarleg måte til neste hentedag. 

2.5 Bruk av oppsamlingseininga

Behaldarane må ikkje overfyllast og avfallet må ikkje pakkast så fast i behaldaren at det vert vanskeleg å tømma den. Oppsamlingseininga må berre brukast til oppsamling av avfall som er i samsvar med denne forskrifta og det kan ikkje leggjast avfall i den som kan skade behaldaren, renovasjonsmannskapet eller renovasjonsutstyret. Skarpe gjenstandar, glas, fuktig avfall og illeluktande boss må pakkast godt inn. Flytande eller varmt avfall (t.d. varm oske) skal ikkje leggjast i behaldaren. 

2.6 Innsamling av forbruksavfall

Den som samlar inn avfall er berre pliktig til å ta med avfall som er lagt i oppsamlingseininga. Avfallet skal hentast regelmessig etter ein hentefrekvens som vert bestemt og kunngjort av IHM. I særlege høve, t.d. ved høgtider, kan det etter kunngjering fastsetjast andre hentetider.

Renovatøren vil gjennomføra stikkprøvar av innhaldet i behaldarane og han skal ikkje tømma behaldarar som inneheld avfall som er i strid med denne forskrifta, men leggje att ei skriftleg orientering om kvifor tømming ikkje er utført.

Abonnenten må sjølv syte for levering til avfallsplass av bygningsavfall og forbruksavfall som er så stort at det ikkje er plass til det i oppsamlingseininga. I særskilde høve kan IHM bestemme ein annan hentefrekvens, eller at innsamlinga berre skal gjennomførast visse delar av året.

Innsamlinga skal utførast slik at abonnentane ikkje unødig vert sjenerte av støv, lukt eller støy. Oppsamlingseininga skal etterlatast i lukka stand. Under transport må avfall sikrast slik at det ikkje fell av. Renovatøren må rydda opp avfall som ev. fell av. Renovatøren skal, dersom ikkje anna i særskilde høve er avtala med IHM, utføre renovasjonen med lukka komprimatorbil. 

2.7 Avfall som vert samla inn ved eigne innsamlingar

Avfall som det er fast organisert gjenvinningsordning for, skal leverast via gjenvinningsordninga, og ikkje leggjast i den vanlege oppsamlingseininga. IHM kunngjer dei ordningar som gjeld.

Papir vert samla inn ved hjelp av eigen sekk/behaldar eller det kan leverast til eigne mottaksstasjonar. Matavfall/våtorganisk avfall vert samla inn ved hjelp av eigen behaldar.

Dersom andre enn IHM ynskjer å etablera ordning for innsamling og resirkulering av avfall, skal dette godkjennast av Fylkesmannen og IHM. Slike ordningar skal gjennomførast i samsvar med denne forskrifta.

3. Avfallsgebyr 

3.1 Kven skal betala gebyr

Abonnenten skal betala eit årleg gebyr. Kommunen/heradet kan overlata til IHM å krevja inn gebyret, jfr. § 10 i vedtektene, siste ledd. Gebyret kan krevjast inn over fleire terminar.

Gebyret dekkjer også levering av forbruksavfall til organisert gjenvinning av ulike avfallsfraksjonar.

Gebyret vert rekna frå og med den 1. i den månaden abonnenten melder seg inn i renovasjonsordninga og vert rekna fram til den siste i den månaden abonnenten melder seg ut av renovasjonsordninga. 

3.2 Utrekning og fastsetjing av gebyret

I samsvar med forureiningslova § 34 skal kommunen, etter tilråding frå IHM, fastsetja avfallsgebyr som dekkjer alle kostnader kommunen har med avfallshandsaminga, jfr. retningsliner frå SFT 94:01. Kommunen vedtek betalingsregulativ for gebyr og fastset gebyr. 

3.3 Innkrevjing, renter m.m.

Etter at eigar/heimelshavar har fått den naudsynte varslinga, er han sjølv ansvarleg ved for sein betaling eller anna misleghald.

Avfallsgebyr med renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane §§ 26 og 27 tilsvarande og lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

II

I kommunane Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss vert forskrifta gjort gjeldande frå 1. januar 1997.

I Eidfjord kommune vert forskrifta gjort gjeldande frå 29. januar 1997.

I Granvin herad vert forskrifta gjort gjeldande frå 1. juli 1997.