Forskrift for kjeldesortering, oppsamling, innsamling, transport og gebyr for forbruksavfall, Bø, Hjartdal og Notodden kommunar, Telemark.

DatoFOR-1997-06-16-4173
PublisertII 2000
Ikrafttredelse26.06.2000
Sist endretFOR-2000-03-06-388
Endrer
Gjelder forBø, Hjartdal og Notodden kommunar, Telemark.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort
KorttittelForskrift om forbruksavfall, Bø m.fl.

Kapitteloversikt:

Fastsett av Bø kommunestyre 16. juni 1997, Hjartdal kommunestyre 18. juni 1997 og Notodden kommunestyre 19. juni 1997 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30 og § 34. Endret 16 des 1999 nr. 4922, 16 mars 2000 nr. 388, hele forskrifta kunngjort. 

Kapittel 1. Generelle føresegner

1.1 Forskrifta er vedtatt i medhald av følgjande:
-lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) §§ 30 og 34.
-Selskapsavtale for IRMAT DA, § 2 pkt. 2.2:

Vedtatt av kommunestyret i Bø 16. juni 1997 som sak nr. 57/97.

Vedtatt av kommunestyret i Hjartdal 18. juni 1997 som sak nr. 39/97.

Vedtatt av kommunestyret i Notodden 16. juni 1997 som sak nr. 48/97.

1.2 Formål

Forskrifta har som formål å regulere gjennomføringa av dei plikter kommunen er pålagt ved lov og dei mål og regler kommunen elles har sett for oppsamling, innsamling, transport og sluttbehandling av forbruksavfallet.

1.3 Virkeområde

Forskrifta gjeld for heile kommunen og regulerer abonnenten sitt ansvar for sortering og oppbevaring av forbruksavfall, slik som spesialavfall frå private hushaldningar, og kommunen sine plikter i samband med innsamling og transport.

Forskrifta gjeld også verksemder når kommunen har bestemt at avfallet skal reknast som forbruksavfall.

Forskrifta seier også kven som skal betale renovasjonsavgift.

1.4 Definisjonar

Etter § 27 i forureiningslova

Som forbruksavfall reknast vanleg avfall, også større ting som inventar o.l., frå hushaldningar, mindre butikkar og liknande og kontor. Det same gjeld avfall av tilsvarande art og mengde frå annen verksemd. (Ref pkt. 1.3)

Som produksjonsavfall reknast avfall frå næringsverksemd og tenesteyting som i art eller mengde skil seg vesentleg frå forbruksavfall. Produksjonsavfallet regulerast ikkje av denne forskrifta.

Som spesialavfall reknast avfall som ikkje føremålsteneleg kan handsamast saman med forbruksavfall på grunn av sin storleik eller fordi det kan medføre alvorlige ureining eller fare for skade på menneskje eller dyr.

Andre definisjonar

Som avfallsfraksjon reknast ulike slag avfall som kommunen har bestemt skal sorterast ut og leverast for seg.

Som restavfall reknast i denne samanheng det forbruksavfall som er tilbake når det avfallet det er oppretta egen sorterings- og returordning for, er sortert ut.

Som oppsamlingseining reknast behaldarar og utstyr til oppsamling av avfallet.

Som abonnent reknast eigar av eigedom som omfattast av den kommunale renovasjonsordninga. For eigedomar som er festet bort for minst 30 år (eller kan forlengast tilsvarande) skal fester reknast som abonnent. For verksemder med forbruksavfall (ref. pkt. 1.3) er det eigar av verksemda som reknast som abonnent.

Med henteordning meinast eit system der avfallet blir henta hos abonnenten.

Med bringeordning meinast eit system der abonnenten sjølv må bringe avfallet til returpunkt eller gjenvinningsstasjonar.

Med returpunkt meinast ein lokalt plassert ubemanna oppsamlingseining for avfallsfraksjonar som det er bestemt skal sorterast ut og leverast for seg.

Med gjenvinningsstasjon meinast ein bemanna mottaksstasjon der abonnenten er pålagt å sortere ved levering.

Med renovatør meinast den som på oppdrag frå kommunen hentar avfallet i oppsamlingseiningane.

Med sorteringsreglement meinast reglement om avfallssortering gjeve i medhald av denne forskrift.

Med serviceabonnement meinast ei avtale som er inngått mellom abonnent og kommune og som fråvik eit standard kjeldesorteringsabonnementet.

1.5 Særskilte tiltak for visse slag avfall

Giftig og miljøfarlig avfall skal ikkje blandast med resten av forbruksavfallet, men leverast til eigen oppsamlingsstad for spesialavfall.

Varm oske, eksplosivt og radioaktivt avfall, risiko- og smitteavfall eller sjølvantenneleg avfall skal ikkje leggast i oppsamlingseiningane. 

1.6 Kommunal renovasjon

Kommunen er ansvarlig for å samle inn forbruksavfall frå alle eigedomar i kommunen, men kan i særlige tilfeller frita enkelte eigedomar frå heile eller delar av renovasjonsordninga, jf. pkt. 1.7, 1.8 og 5.2.

Kommunane kan etter vedtak i kommunen overdra sitt ansvar for innsamling, transport og gebyrinnkrevjing til det interkommunale renovasjonsselskapet IRMAT DA.

1.7 Heimekompostering

Abonnentar som ønskjer å heimekompostere matavfallet kan søke kommunen om løyve til dette.

Kommunal helsemyndighet skal uttale seg til søknaden og bare komposteringseiningar godkjent av kommunen vert tillatt bruka.

Heimekompostering skal gå føre seg etter nærmare reglar gjeve i ei skriftleg avtale mellom kommune og den enkelte abonnent.

Brot på avtala kan medføre at løyvet inndragast.

1.8 Matavfall til dyrefôr eller i private gjødselkjellarar m.m.

Etter søknad kan abonnentar enkeltvis få fritak frå deler av renovasjonsordninga (matavfallet) dersom det kan dokumenterast ei annen forsvarlig miljømessig handtering av avfallet. Kommunal helsemyndighet skal gjeva ei uttale til søknaden, og det skal inngåast ei skriftleg avtale mellom kommunen og den enkelte abonnent. Brot på avtala kan medføre at løyvet blir inndrege.

Kapittel 2. Oppsamling av forbruksavfall

2.1 Henteordning. Abonnement for kjeldesortering

Kvar eigedom skal - enten separat eller via sambruk - ha 3 oppsamlingseiningar for avfall: Ei eining for organisk avfall, ei eining for papp/papir og eventuelt drikkekartongar og ei eining for restavfall, samt mindre supplerande oppsamlingseiningar til bruk innomhus.

Kommunen fastset storleiken på oppsamlingseiningane og kan fritt endre på talet på slike einingar. Kommunen definerer til ei kvar tid kva som skal leggast i dei ulike einingane og fastsett tømmefrekvensar.

Kommunen må gi samtykke til eller tilvise fleire abonnentar i eit område til å nytte felles oppsamlingseiningar. Kommunen kan fastsette plasseringa av einingane.

Alle oppsamlingseiningane er kommunen sin eigedom og kommunen syter for utlevering.

Abonnenten er ansvarlig for reinhald og skade som skuldast uvettig bruk eller hærverk og liknande.

2.2 Plassering av einingar

I eit standard kjeldesorteringsabonnement kan hovudeiningane plasserast kvar som helst på eigedommen, men må settes fram til maks. 5 meter frå vegkant av abonnenten før renovatøren kjem på tømmedag.

I eit utvida abonnement kan denne avstanden fråvikes etter reglar fastsett av kommunen. Under dette kjem innandørs plassering av oppsamlingsutstyret i søppelrom.

Oppsamlingseiningane skal plasserast lett tilgjengelig på eit plant og fast underlag.

Abonnenten er ansvarlig for at vegen er fri for hindringar som kan gjera henting/tømming vanskeleg, og slik at almenn trafikktryggleik blir ivaretatt.

Vinterstid skal vegen vera rydda for snø og det skal om naudsynt vera sandstrødd.

2.3 Bringeordning

Avfallsfraksjonar som det er etablert returordningar for, men som ikkje hentast hos abonnenten i ordinær renovasjonsordning, pliktar abonnentane sjølv å bringe til etablerte returpunkt eller gjenvinningsstasjonar. Kommunen fastset kva for fraksjoner som kan leverast og plasseringa av oppsamlingseiningar.

Kapittel 3. Innsamling av forbruksavfall

3.1 Oppgåvene til renovatøren

Renovatøren er bare pliktig til å ta med avfall som inngår i renovasjonsordninga og som er lagt i oppsamlingseiningane. Kommunen fastset kvar og når avfallet skal hentast. Dette avtalast i kontrakt mellom kommunen og renovatøren.

Renovatøren skal utføre innsamlinga slik at abonnenten ikkje unødig sjenerast av støv, lukt og støy. Oppsamlingsutstyret skal settes tilbake der det ble henta i lukka stand, og grinder, porter og dører skal lukkast. Under transport skal avfallet sikrast slik at det ikkje fell av.

Abonnentar som periodevis har meir restavfall enn det som går i den vanlege restavfallseninga kan kjøpe godkjent ekstrasekk av kommunen. Denne sekken plikter renovatøren å ta med.

3.2 Tømmetider

Avfallet blir henta i samsvar med til ei kvar tid gjeldene tømmeplan.

3.3 Spesielle innsamlingsordningar

Kommunen kan etter denne forskrifta fastsette innsamlingsordningar også for det forbruksavfallet som ikkje samlast inn i kjeldesorteringsordninga. Eksempel på dette kan være matavfall frå storhushaldningar, avfall frå hytteområde, eller det smitte- og risikoavfallet frå institusjonar og kontor og elles det som definerast som forbruksavfall.

Kapittel 4. Transport av forbruksavfall

4.1 Krav til kjørbar veg

Som kjørbar veg reknast normalt offentleg veg som har snuplass og kurvatur, stigning, bredde og styrke til å tåle eit renovasjonskjøretøy med akseltrykk opptil 8 tonn.

Vegen må ha ein fri høgde på minst 4 m (Jernbaneundergangar unntatt), ei fri bredde på minst 3 m og ein kjørebane på min. 2,5 m.

Langs vegen må det ikkje være greiner eller anna som kan hindre renovasjonsbilen i å koma fram. Om vinteren må vegar og snuplassar vera brøyta og om naudsynt strødd. For private vegar er dette abonnenten sitt ansvar.

Private vegar og oppkjøringar til gardsplassar/tun kortare enn 50 meter reknast ikkje som køyrbar veg.

Ved tvist om ein veg er køyrbar eller ikkje er kommunen sitt syn avgjerande.

4.2 Sikring av last

Vegtrafikklova sine føresegner gjeld her.

Kapittel 5. Renovasjonsavgift

5.1 Fastsetting av renovasjonsgebyr

Kommunen fastset og krev inn avfallsgebyr i samsvar med ureiningslova.

Satsane blir vedteke årleg i kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga, etter forskrift om full kostnadsdekning på renovasjonssektoren.

Renovasjonsgebyret skal være differensiert med basispris i eit standard kjeldesorteringsabonnement.

Dersom det viser seg at et standard kjeldesorteringsabonnement ikkje er tilstrekkelig, plikter abonnenten å teikne eit serviceabonnement som utvidar kapasiteten.

Ekstraordinær levering av restavfall til innsamlingsordninga kan gjerast i merka sekker kjøpt til formålet til ein pris vedteke av kommunen.

Anna forbruksavfall plikter abonnenten sjølv å bringe til godkjent mottak. Eventuelle leveringsavgifter på slike mottak dekkast ikkje av renovasjonsgebyret.

Kommunen kan pålegge abonnenten straffegebyr ved utilstrekkelig sortering der ettersortering eller anna naudsynt arbeid må utførast.

5.2 Fritak

Abonnentar kan få mellombels fritak for betaling av gebyret etter følgjande regler:

a)Bustaden på eigedommen må stå tom.
b)Det gjevast bare fritak for heile terminar.
c)For fritak for inneverande termin, må søknad frå eigaren vera sendt seinast i byrjinga av terminen og den må vise nøyaktig tidsrom eigedommen skal stå tom.
d)Renovasjon av hytteeigedomar regulerast av eigen tilleggsforskrift.
e)Det gjevast ikkje fritak eller reduksjon i renovasjonsavgifta ut frå sosiale kriterium.

Kapittel 6. Avsluttande føresegner

6.1 Klage

Vedtak som er fatta av kommunen eller andre som er delegert mynde i medhald av desse forskriftene, kan påklagast til kommunen jf. § 2 i forvaltningslova og kommunen sitt delegasjonsreglement.

6.2 Straffeansvar

Brot på denne forskrifta straffes med bøter etter § 79 i forureiningslova, annet ledd.