Forskrift for innsamling m.v. av forbruksavfall, tømming av slamavskillarar, privet, tette tankar m.v. og for avfallsgebyr, Årdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1997-09-25-1188
PublisertII 1997 631
Ikrafttredelse09.01.1998
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31og§34.
Kunngjort
KorttittelForskrift om forbruksavfall m.v., Årdal

Kapitteloversikt:

Fastsett av Årdal kommunestyre 25. september 1997 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) § 26, § 30, § 31 og § 34.

Kap. 1. Generelle føresegner

§ 1.Føremål

Årdal kommune har som målsetting å redusere avfallsproblema ved å hindre at avfall oppstår, redusere mengda farlege stoff i avfallet, fremje ombruk, materialgjenvinning og sikre ein forsvarleg slutthandsaming av restavfallet.

Føresegna har som føremål å realisere dei pliktene kommunen er pålagd ved lov, og dei mål som Årdal kommune til ei kvar tid har nedfelt i sine plandokument.

§ 2.Verkeområde

Føresegnene omfattar kildesortering, oppsamling, innsamling og transport av forbruksavfall og tømming av slamavskillarar, privet, tette tankar m.v. innan Årdal kommune.

Føresegnene gjeld:

-Alle typar avfall som kommunen etter forureiningslova eller ved delegering frå overordna forureiningsmyndigheit er tillagt mynde over.
-Alle husstandar, hytter og verksemder der det oppstår avfall.
-Føresegna gjeld og avfallsgebyr og gebyr for tømming av slamavskillarar, privet, tette tankar m.v.

Kommunen kan gi nærare retningslinjer for å gjennomføra føresegnene.

§ 3.Definisjonar

Som forbruksavfall vert rekna vanleg avfall, også større ting som inventar o.l. frå hushaldningar, mindre butikkar o.l. og kontor. Som forbruksavfall vert og rekna avfall av tilsvarande art og mengde frå anna verksemd såframt dette hensiktsmessig kan handterast innafor den kommunale renovasjonen.

Som produksjonsavfall vert rekna avfall som i art eller mengde skil seg vesentleg frå forbruksavfall og som ikkje hensiktsmessig kan handterast innafor den kommunale renovasjonen. Kommunen avgjer til ei kvar tid kva som vert rekna som produksjonsavfall.

Som restavfall vert rekna forbruksavfall som det ikkje er oppretta sorteringsordningar for.

Som avfallsfraksjon vert rekna ulike typar avfall som kommunen har bestemt skal sorterast ut og leverast for seg.

Kildesortering tyder at abonnenten held visse avfallstypar skilde og legg desse i tilviste avfallsbehaldarar eller bringer desse til tilviste mottaksplassar.

Som abonnent vert rekna eigar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal likevel festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtala. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetida blir meir enn 30 år.

Husstand tyder ein eigen bueining med kjøkken og toalett.

§ 4.Avfall som ikkje vert omfatta av kommunal innsamling

Giftig og miljøfarleg forbruksavfall, som vert omfatta av føresegn om spesialavfall, slik som til dømes plantevernmidlar, medisin, batteri og etsande eksplosivt eller sjølvtennande avfall vert ikkje henta hos den einskilde abonnent. Slikt avfall skal holdast avskilt frå det øvrige forbruksavfallet og leverast til godkjent spesialavfallsmottak. Verksemder med meir enn 400 kg spesialavfall i året må ha eigen avtale med godkjent spesialavfallsmottakar.

Hushaldningsartiklar, sanitærutstyr, møblar, syklar o.l. varm oske, samt plengras og anna hageavfall vert heller ikkje henta hos den einskilde abonnent, men må fraktast til eige mottak.

§ 5.Tvungen renovasjonsordning og tvungen slamtømming

Årdal kommune har med heimel i forureiningslova § 30 innført tvungen renovasjon for forbruksavfall. Alle bebygde eigedomar i kommunen der det foregår virksomheit som medfører at det oppstår forbruksavfall vert omfatta av den tvungne kommunale renovasjonsordninga. Tvungen kommunal renovasjon gjeld og for hytter og andre fritidseigedommar.

Kommunen skal samla inn forbruksavfall som vert omfatta av desse føresegnene. Ingen skal foreta innsamling og transport av forbruksavfall utan kommunen sitt samtykke. Kommunen kan etter søknad frita enkelte eigedomar frå den kommunale renovasjonsordninga eller deler av denne når særlege grunnar føreligg.

Årdal kommune har med heimel i forureiningslova § 26 innført tvungen slamtømming. Alle eigedomar, også hytter og andre fritidseigedommar, som har slamavskillar eller tett tank vert omfatta av den tvungne slamtømminga. Eigedomar med slamavskiljar eller tank som ligg utanfor rekkevidda til det utstyret kommunen til vanleg nyttar kan etter søknad fritakast frå ordninga.

§ 5a.Kildesortering

Abonnenten pliktar å kildesortera dei typar avfall som kommunen etablerer innsamlings- og gjenvinningsordningar for.

Kommunen kan bestemme at enkelte eigedomar ikkje vert omfatta av kildesorteringa.

§ 5b.Eigenhandsaming

Hageavfall skal så langt det er mogeleg komposterast.

Abonnentar som har eige hageareal som er egna for bruk av kompost kan inngå avtale med kommunen om heimekompostering av matavfall. Det er ein føresetnad at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredsstillande måte og at det ikkje verkar sjenerande på omgivnadene. Komposteringsbehaldaren skal godkjennast av kommunen.

Kommunen har høve til å gi abonnentar som teiknar avtale om heimekompostering redusert avfallsgebyr under føresetnad av at abonnenten ikkje legg mat- og hageavfall i restavfallsdunken. Eventuelle anvisningar frå kommunen skal følgjast, og det vil bli ført kontroll med at avtalen vert følgd. Kommunen kan seie opp avtalen dersom den ikkje finn drifta av komposteringa tilfredsstillande.

Brenning av avfall er ikkje tillatt. Kommunen kan i samsvar med rundskriv frå Statens forureiningstilsyn og Statens helsetilsyn gi nærare bestemmelser.

Kap. 2. Innsamling m.v. av forbruksavfall

§ 6.Abonnenten sine plikter

Abonnentane skal sørge for å ha dei oppsamlingseiningane som kommunen bestemmer. Abonnenten skal påsjå at bruken og plasseringa av oppsamlingseiningane er i samsvar med desse føresegnene.

Abonnenten er ansvarleg for skader på oppsamlingseiningane som skuldast feil bruk, hærverk o.l.

Kommunen avgjer når ein oppsamlingseining må reparerast eller skiftast ut, og skal påsjå at bruken og plasseringa av oppsamlingseiningane skjer i samsvar med desse føresegnene.

Kvar eigedom skal ha tilstrekkeleg tal oppsamlingseiningar. Kommunen bestemmer det tal oppsamlingseiningar som abonnenten skal ha.

Kommunen kan sette opp større oppsamlingseiningar til felles bruk og be abonnentane om å nytta desse. Abonnenten si plikt etter første ledd gjeld ikkje dersom kommunen har sett opp oppsamlingseiningar til felles bruk for abonnentane i området.

Abonnenten er ansvarleg for reinhald av oppsamlingseiningane.

Abonnenten skal sortere ut dei avfallsfraksjonane kommunen bestemmer og legga dei i rett oppsamlingseining.

Glas, spesialavfall og anna avfall som det er eller vert fast organisert gjenvinningsordning for, skal ikkje leverast i oppsamlingseiningane som abonnenten får utlevert, jamfør § 4. Abonnenten vert pålagd å sortere det avfallet som vert levert til gjenbruksstasjonar, miljøstasjonar o.l.

§ 7.Om å skaffe seg oppsamlingseining. Utlevering

Oppsamlingseiningane, bortsett frå heimekomposteringsbehaldaren, vert levert ut av kommunen, vert vedlikehalde av kommunen og er kommunen sin eigedom.

Kommunen kan påby eller syta for å skaffe nye eller fleire oppsamlingseiningar dersom det er for få oppsamlingseiningar, eller dersom oppsamlingseiningane er øydelagde eller ikkje tilfredsstiller kommunen sine krav.

Burettslag eller andre abonnentar som ønskjer å gå saman om felles oppsamlingsutstyr må ha kommunen sitt samtykke.

§ 8.Plassering av oppsamlingseininga

Abonnenten kan sjølv velje kvar oppsamlingseiningane skal stå utanom tømmedagen så lenge dette ikkje strir mot andre lover eller føresegner (til dømes plan- og bygningslova, grannelova, veglova, desse føresegnene m.v.).

På tømmedagen skal abonnenten plassere oppsamlingseininga ved renovasjonsbilen sin køyreveg. Hentestad og tid vert avgjort av kommunen. Abonnenten skal rette seg etter renovatøren sin anvisning vedkommande rett plassering av oppsamlingseiningar som skal tømmast. Tilkomst til oppsamlingseiningane skal vere fri for hindringar som gjer hentinga vanskeleg. Abonnenten skal syte for at oppsamlingseiningane vert henta tilbake til eigedomen, eller anna fast opphaldstad snarast mogeleg etter tømming. Hentestad og fast opphaldstad kan vere den same.

§ 9.Bruk av oppsamlingseininga

Oppsamlingseininga må ikkje overfyllast, og ho må ikkje pakkast fastare enn at ho lett kan tømmast. Oppsamlingseininga må kun brukast til oppsamling av avfall som vert omfatta av desse føresegnene.

I oppsamlingseiningane skal det ikkje leggast flytande avfall, varm oske, farleg stoff som spesialavfall o.l. eller avfall som kan skade renovasjonsmannskapet eller renovasjonsutstyret.

Stein, sand, større metallgjenstandar samt plengras og anna hageavfall skal heller ikkje kastast i oppsamlingseiningane.

§ 10.Avfall som vert samla inn ved særskilde innsamlingar

Særskilde innsamlingar som kommunen finn føremålstenleg å setja i verk vil bli annonsert på førehand.

Risikoavfall frå helseinstitusjonar, lege- og tannlegekontor skal leverast til særskild innsamlingsordning.

§ 11.Innsamling av forbruksavfall

Den som samlar inn avfall skal ta med framsett avfall på tømmedagen. Avfallet skal hentast regelmessig etter ein hentefrekvens som vert avgjort av kommunen. Den som samlar inn avfallet, renovatøren, skal gjennomføre kontrollar av avfallet, og han skal ikkje tømme oppsamlingseiningar som inneheld feil avfall, til dømes at det er kasta matavfall eller glas i oppsamlingseininga for papp/papir/folieplast.

Innsamlinga skal utførast slik at ibuarane ikkje unødig blir sjenerte av støv, lukt og støy. Oppsamlingseininga skal forlatast i lukka stand.

Grovavfall og spesialavfall som kjem under definisjonen forbruksavfall, og som er unnateke frå den ordinære renovasjonen, jfr. § 4, skal abonnenten sjølv syta for transport av. Dette avfallet skal leverast på dei plassane som kommunen til ei kvar tid bestemmer.

Under transport skal avfallet sikrast, slik at det ikkje fell av.

Kap. 3. Tømming av slam frå slamavskillar m.v.

§ 12.Abonnenten sine plikter

Abonnentane skal syta for at anlegga som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming med bil. Overdekking av kumlokk o.l. med snø, is, jord osv. skal væra fjerna av abonnenten før tømming skal utførast.

Den som tømmer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømming.

Latrinedunkar frå priveter skal fraktast til oppsette samlehytter.

§ 13.Tømming av slamavskillarar m.v.

Varsel om når tømming vil skje vil bli gjeve gjennom pressa eller på annan måte som kommunen finn tenleg.

For eigedomar med fast busetnad og med toalett tilknytt slamavskillaren, skal slamavskillaren tømmast kvart 2 år. For eigedomar med fast busetnad utan toalett tilknytt slamavskillaren og for fritidsbygg skal slamavskillaren tømmast kvart 4 år. Tette tankar skal tømmast i god tid før dei er fulle og minst 1 gong kvart år.

I særlege høve kan kommunen bestemma kor ofte det skal tømmast.

Tømming skal utførast slik at ibuarane ikkje blir unødig sjenert av støy og lukt. Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grinder, portar og dørar skal lukkast.

Innsamling av latrinedunkar skal skje ein gong pr. veke når det er tilkomst til samlehyttene med bil. Elles i året vert samlehyttene tømde etter trong.

Kap. 4. Gebyr

§ 14.Kven som skal betala gebyr

Abonnenten skal betala eit årleg gebyr til kommunen. Gebyr vert og betalt ved levering av avfall på opplagsplass eller anlegg for handsaming.

I samsvar med forureiningslova § 34 skal kommunen fastsette avfallsgebyr som dekker alle kostnadene som kommunen har med avfallsbehandlinga, jamfør retningslinjer frå SFT 94:01. Kommunen fastsett reglar for utrekning av gebyret sin storleik. Gebyra vert fastsett årleg av kommunestyret.

Kommunen skal og fastsette gebyr for eventuell levering av grovavfall til privat renovatør/gjenvinningsstasjon.

§ 15.Differensiering av renovasjonsgebyra

Kommunen har høve til å fastsette differensierte gebyrsatsar for renovasjon. Satsane fastsettest slik at dei fremmer avfallsreduksjon, kildesortering og gjenvinning.

§ 16.Innkrevjing, renter m.v.

Gebyr med påløpande renter og kostnader er sikra mot lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og innkrevjing av gebyr gjeld reglane i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane, paragrafane 26 og 27 tilsvarande.

Det er kommunen som skal fakturere det årlege gebyret til abonnentane.

For levering av grovavfall direkte til privat renovatør/gjenvinningsstasjon er det innehavaren som skal krevje inn gebyret.

Kap. 5. Avsluttande reglar

§ 17.Klage

Vedtak som er fatta av kommunen i medhald av desse føresegnene, kan påklagast etter forvaltningslova § 28.

§ 18.Straff

Den som ikkje overheld føresegnene, vert straffa med bøter etter forureiningslova § 79, annet ledd.

§ 19.Forhold til helseføresegner

Renovasjonen og tilhøyrande bestemmelser skal i alle deler og til ei kvar tid vere slik at sentrale myndigheiter og den kommunale helsemyndigheit sine krav til hygienisk avfallshandsaming vert oppfylt.

§ 20.Endring i abonnement

Eventuelle endringar i abonnementstilhøve, slik som eigarskifte, fråflytting, nedriving, brann etc. skal meldast til kommunen. Gebyrplikta gjeld til melding er motteken.

Det kan ikkje gjevast dispensasjon frå ordninga eller betalingsplikta på grunnlag av at ordninga ikkje vert nytta, at ordninga er tungvint, vert sett på som unødvendig eller av liknande årsaker.