Forskrift for renovasjonsordninga, Fusa kommune, Hordaland.

DatoFOR-1997-10-21-1522
PublisertII 1998 177 (Summarisk)
Ikrafttredelse21.10.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort
KorttittelForskrift for renovasjonsordninga, Fusa

Fastsett av Fusa kommunestyre 21. oktober 1997 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot fourensninger og om avfall § 30, § 33, § 34, § 79, og § 83. 

Fusa kommunestyre vedtok i sak 67/97 nye føresegner for innsamling av forbruksavfall og føresegner for organisert innsamling av problemavfall frå sjukehus, helseinstitusjonar, lækjarkontor, tannlækjarar, veterinærar m.v.

For forbruksavfall er det endra definisjon for kva som utgjer eit abonnement. Avgjerdsmynde vert for ein del delegert til Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap, dette omfattar i hovudsak praktisk gjennomføring av renovasjonsordninga.

Føresegnene gjeld frå vedtaksdato.

Føresegnene kan ein få ved å venda seg til Fusa kommune, 5640 Eikelandsosen, tlf 56580100.