Forskrift for innsamling av matrestar frå storkjøkken, Fusa kommune, Hordaland.

DatoFOR-1998-05-26-1540
PublisertAvd II 1999 353
Ikrafttredelse26.05.1998
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort
KorttittelForskrift om restematinnsamling, Fusa

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fusa kommunestyre 26. mai 1998 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 33, § 34, § 79 og § 83.

I

Fusa kommunestyre har vedteke føresegner for innsamling av matrestar fra storkjøkken.

Føresegnene forpliktar storkjøkken til å levera matavfall gjennom ordning driven av Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap, og regulerer denne ordninga.

Føresegnene kan ein få ved å venda seg til Fusa kommune, plan- og miljøetaten, 5649 Eikelandsosen, tlf 56580100.

II

Forskrifta trer i kraft straks.