Forskrift for innsamling m.v. av forbruksavfall, tømming av slamavskillarar, privét, tette tankar m.v. og for avfallsgebyr, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje kommunar, Telemark.

DatoFOR-1999-09-06-1570
PublisertII 2000 53
Ikrafttredelse01.01.2000
Sist endretFOR-2006-02-16-314 fra 01.01.2006
EndrerFOR-1995-03-30-1210
Gjelder forFyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje kommunar, Telemark.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§29, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1982-11-19-66
Kunngjort
KorttittelForskrift om avfall m.v., Telemark

Kapitteloversikt:

Fastsatt av Kviteseid kommunestyre 17. juni 1999, Vinje kommunestyre 29. juni 1999, Fyresdal kommunestyre 26. august 1999, Seljord kommunestyre 2. september 1999 og Tokke kommunestyre 6. september 1999 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26 tredje ledd, § 29, § 30 annet og tredje ledd, § 33, § 34 og § 83, samt lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene kap. 4a. Endret 16 feb 2006 nr. 314 (hele forskriften kunngjort).

§ 1.Mål for avfallssektoren

Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, gjenvinning og sluttbehandling av forbruksavfall i kommunen.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omfattar alle registrerte grunneiendommar der det oppstår hushaldningsavfall i kommunen, her også kvar einskild seksjonert del av bygning og kvar einskild sjølvstendig brukseining i bygning. Som sjølvstendig brukseining i bygning som ikkje er seksjonert, reknar ein alltid kvar einskild bueining med eige kjøkken. Likt med sjølvstendig brukseining reknar ein to hyblar med felles kjøkken over 40 m² for utleige. Kommunen avgjer i tvilstilfelle kva som skal reknast som sjølvstendig brukseining i bygning som ikkje er seksjonert. Fritidshytter og utleigehytter reknast som sjølvstendige brukseiningar.

Forskrifta gjeld også for hytter og fritidseigedommar, her også permanent oppsett campingvogn. Gardsbruk som driv gardsturisme, kan rekne sjølvstendige utleigebygg som del av registrert næringsverksemd. Hytter som ein integrera del av campingplassar eller hotelldrift, er å sjå på som ein del av campingplassen/hotellet og skal reknast som næringsverksemd.

Denne forskrifta gjeld septik og kjeldesortering, innsamling, oppsamling og transport av hushaldningsavfall. I tillegg omfattar forskrifta oppsamling, innsamling og transport av farleg avfall frå husholdningar i samsvar med § 10 i forskrift 20. desember 2002 nr. 1817 om farleg avfall.

Forskrifta gjeld også eigedomar der det oppstend næringsavfall og som er med i den kommunale renovasjonsordninga.

Forskrifta gjeld også septik- og avfallsgebyr.

Styret i Renovest IKS kan gje nærare retningsliner for gjennomføring av vilkåra i forskrifta.

§ 3.Definisjoner
1.Avfall (jf. forureiningslovas § 27) er i denne forskrift kasserte lausøyregjenstandar eller stoff. Som avfall reknar ein også overflødige lausøyregjenstandar og stoff frå tenesteyting, produksjon og renseanlegg m.m. Avløpsvatn og avgassar blir ikkje rekna som avfall. Forureiningslova deler vidare avfallet inn i kategoriane husholdningsavfall, næringsavfall og farleg avfall.
2.Hushaldningsavfall er avfall frå private husholdningar, også større gjenstandar som inventar og liknande.
3.Næringsavfall er avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar.
4.Farlig avfall er avfall som ikkje er teneleg å handsame sammen med anna hushaldningsavfall eller næringsavfall av di det kan føre til alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr.
5.Smitte-/risiko og/eller problemavfall som er smittefarleg, avfall fra sjukehus, sjukeheimar, lækjarkontor, tannlækjarkontor, veterinærar og liknande. Ordningane omfatter ikkje patologisk avfall.
6.Matavfall er matrestar frå vanlige husholdningar og storhushaldningar, dvs. avfall frå produksjon, servering og sal av mat og matvareprodukt, samt restar etter måltid.
7.Våtorganisk avfall er lett nedbrytbart organisk avfall, som matavfall, planterestar, hageavfall, kattesand og vått hushaldningspapir.
8.Restavfall er avfall det ikkje er oppretta eigne sorteringsordningar for. Dette er avfall som blir igjen etter kjeldesortering og sentralsortering av husholdnings- og næringsavfall, og som skal leverast til forbrenningsanlegg eller avfallsdeponi som har konsesjon for mottak av slikt avfall.
9.Abonnent er eigar eller festar av eigedom eller bueining som vert omfatta av denne kommunale renovasjonsordninga.
10.Oppsamlingseining for avfall er container, behaldar eller sekk. Renovest vedtek val av type og utforming.
11.Hentestad er staden der oppsamlingseining(ar) er plassert.
12.Kjeldesortering er å sortere ulike fraksjonar frå kvarandre.
13.Tømmefrekvens er antall tømmingar av oppsamlingseininga innanfor eit gitt tidsrom.
14.Felles oppsamlingsutstyr er når fleire bueiningar slår seg saman om oppsamlingsutstyr.
15.Miniabonnement er eit abonnement for bueiningar med svært små avfallsmengder. Husstandar med berre ein fastbuande person.
16.Returpunkt er ubetjent oppsamlingsstad der publikum kan levere ein eller fleire avfallsfraksjonar, til dømes glass, papir, tøy osv.
17.Gjenvinningsstasjon er eit spesielt tilrettelagt område med organisert oppsamling av sortera avfall. Gjenvinningsstasjonar er betjent.
18.Hentesystem er eit system der kjeldesortert avfall blir henta av godkjent avfallsinnsamlar.
19.Bringesystem er eit system der publikum sjølv bringar sitt kjeldesorterte avfall til ein mottaksplass, t.d. eit returpunkt eller ein gjenvinningsstasjon.
20.Storhushaldning er hotell, restaurant/kafé, institusjonskjøkken, mindre produsent av heil- og halvfabrikata, matvareforretning, kantine o.l. Jamfør eiga forskrift.
21.Kompostering er biologisk nedbryting og stabilisering av organisk avfall med lufttilgang.
22.Transportveg er veg mellom hentestad og køyrerute. Slike vegar skal gi problemfri transport av oppsamlingseiningane og væra fri for trapper og andre hindringar som syklar, barnevogner, klessnorer etc.
23.Hybel er bueining for utleige med eige kjøkken eller felleskjøkken, og mindre enn 40 m² bruksareal.
24.Leilighet er bueining ≥ 40 m² med stove, kjøkken (ev. kjøkkenkrok) og soverom frådelt.
25.Høgstandard hytte er hytte tilknytta vatn og kloakk.
26.Fritidsbustad er hus som blir nytta som hytte. Gjeld også våning på fråflytta gardsbruk. Standardkrav som for hytte.
§ 4.Kommunal innsamling av avfall 

Lovpålagt innsamling av hushaldningsavfall

I kommunen er det lovpålagt innsamling av husholdningsavfall, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6, om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova). Alle eigedommar mv. som fell innanfor § 2 i denne forskrift omfattast av denne avfallsordninga.

Kommunen kan etter grunngitt skriftleg søknad gi dispensasjon for særskilte eigedomar. Gjeldande fritaksgrunnar jf. § 20 og § 21.

Utan skrifteg løyve frå kommunen kan ingen samle inn hushaldningsavfall i kommunen.

Det er ikkje tillate å leggje frå seg avfall utanom godkjent avfallsanlegg. Det er heller ikkje tillatt å brenne avfall utanom godkjent anlegg, slik at det kan føre til fare for forureining eller hygieniske ulemper for omgjevnadene. Det er heller ikkje tillate å grave ned eller leggje frå seg avfall o.l. i naturen. 

Kommunal renovasjon

Den kommunale renovasjonsordninga omfatter husholdningsavfall og avfall som oppstår i samband med vedlikehald av bygning.

Renovest IKS har ansvaret for å samle inn hushaldningsavfall og tøme slamavskiljarar, privèt m.v. som er omfatta av denne forskrifta. Renovest IKS kan gje løyve til at andre står for gjennomføringa av renovasjonen.

Ved nybygging vil eigedom/bueining bli pålagt ei renovasjonsordning frå byggestart. Eigedom må ha ei renovasjonsordning for byggeavfall frå byggestart. Ordinær renovasjonsavgift startar å løpe frå ferdigstilling eller seinast 1 år etter byggeløyve. Ein kan etter søknad til kommunen inngå eiga avtale med Renovest IKS om ei anna renovasjonsordning. 

Smitte- og risikoavfall

Det er ikkje tillate å levere smitte/risikoavfall fra helseinstitusjonar (lækjarkontor, tannlækjarkontor o.l.) innblanda i anna avfall til kommunal avfallsordning. Jamfør eiga forskrift. Smitte/risikoavfallet skal kjeldesorterast og leverast separat til godkjent innsamlingsordning. Kommunens innsamlingsordning omfatter ikkje smitte/risikoavfall. 

Farleg avfall

Renovest IKS skal syte for at det eksisterar eit tilstrekkeleg tilbod for mottak av farleg avfall frå hushaldningar og verksemder jamfør forskrift om farleg avfall.

For farleg avfall frå husholdningar tilbyr kommunen eiga innsamlingsordning eller mottak ved gjenvinningsstasjonar og betjente mottak. For farleg avfall frå verksemder tilbyr Renovest IKS, mot betaling, mottak ved eigen mottaksstasjon på Brunkeberg avfallsmottak.

§ 5.Avfall som ikkje er omfatta av kommunal innsamling

Næringsavfall omfattast ikkje av lovpålagt kommunal avfallsordning. Slikt avfall skal bringast til lovleg avfallsmottak med mindre det gjenvinnast eller brukast på annan måte. Brenning av næringsavfall er kun tillate i godkjente anlegg.

Avfallsbesittar må sjølv syte for å bringe farleg avfall og næringsavfall til godkjent anlegg for behandling eller til annan godkjent slutthandtering.

For næringsavfall som det passar å samle inn saman med husholdningsavfall, kan Renovest IKS tilby slik innsamling.

For dei fleste avfallstyper som ikkje blir omfatta av den tvungne avfallsordninga, tilbyr Renovest IKS mottak på sine gjenvinningsstasjonar, sorteringsanlegg eller forbrenningsanlegg.

Renovest IKS kan også, der dette passar, tilby eiga innsamling av næringsavfall.

§ 6.Krav til sortering m.m. av avfallet

Abonnentar som er med i lovpålagt kommunal avfallsordning, pliktar å kjeldesortere avfallet i dei avfallsfraksjonar Renovest IKS etablerer innsamlings- og mottaksordningar for. Avfall levert til kommunal avfallsordning, kan bli manuelt sortert/kontrollert av Renovest IKS. Abonnenten er sjølv ansvarleg for at avfall han vil halde konfidensielt er makulert. 

Hentesystemet

Alle abonnentar som inngår i lovpålagt kommunal avfallsordning, skal kjeldesortere avfallet i fylgjande fraksjoner:

-Matavfall
-Papp/papir
-Hushaldningsplast
-Restavfall.

Fraksjonane skal haldast skilde og leggjast i eigne oppsamlingseiningar hos kvar abonnent.

Det er ikkje høve til å legge andre typer avfall i oppsamlingseininga enn det som er nemnt ovanfor.

Det er ulike tømmefrekvensar for desse fraksjonane. For nærare opplysningar om tømmefrekvensar viser ein til eigen renovasjonskalender frå Renovest IKS. Renovest IKS kan gjera endringar i utval og antall fraksjonar. 

Bringesystemet

Anna avfall skal bringast til returpunkta, eller gjenvinningsstasjonar. Renovest IKS kan gjera endringar i utval og antall fraksjonar på mottaka.

Hushaldningsavfall som er for stort eller tungt til å kunne leggjast i oppsamlingseiningane hos kvar abonnent leverast til betjent gjenvinningsstasjon.

Farleg avfall frå husstandar, som går inn i kommunal avfallsordning, kan leverast på miljøstasjonane eller ved betjent avfallsmottak (gjenvinningsstasjon).

§ 7.Kompostering

Hage/parkavfall går ikkje inn i hushaldningsavfallet. Abonnentar som har eigen godkjent kompostbinge for kompostering av matavfall, kan inngå kontrakt med kommunen om heimekompostering. Dei abonnentar som teiknar slik kontrakt og på denne måten reduserer si eiga avfallsmengde, får ein reduksjon i avfallsgebyret, forutsett at abonnenten ikkje legg matavfall i oppsamlingseininga. Abonnenten må sjølv skaffe behaldar. Det er ein føretsetnad at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredsstillande måte, som ikkje trekker til seg skadedyr, gjev sigevatn, vond lukt eller verkar sjenerande for omgjevnadene. Tilvisingar frå kommunen skal fylgjast, og det kan bli ført kontroll med at kontrakten vert etterlevd.

Heimekompostabonnement kan berre invilgast etter skriftleg søknad og skriftleg avtale med kommunen. Abonnentar som har gjødselkjellar som er i bruk kan nytte denne som kompostbinge.

§ 8.Oppsamlingseiningar

Alle oppsamlingseiningar tilhøyrer Renovest IKS, som også har ansvar for innkjøp og utsetting. Einingane er av ei slik type og tilstand at avfallet er sikra mot rotter og andre skadedyr. Renovest IKS avgjer når ei eining må reparerast eller fornyast, og står for reparasjon og utskifting etter behov ved normal slitasje. Kvar einskild eining er registrert på den einskilde eigendom og fylgjer denne.

Unntak er spesialbehaldarar, som må kostast og eigast av abonnenten. Spesialbehaldarar må godkjennast av Renovest IKS.

Kommunen kan pålegge fleire abonnenter å nytte fellesbehalder.

Ved kjeldesortering av avfall til materialgjenvinning kan Renovest IKS dele ut fleire behaldarar til samme abonnent.

§ 9.Plassering av oppsamlingseiningar og krav til vegstandard 

Generelle vilkår

Alle oppsamlingseiningar må plasserast slik at dei ikkje gir hygieniske ulemper eller er til sjenanse (dvs. praktisk og estetisk) for andre, korkje ved oppbevaring, bruk eller i samband med tømming. På hentestaden skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag i bakkenivå. Det skal settast av tilstrekkeleg areal til plassering og handtering av behaldarane. Einingane skal plasserast slik at renovatør er sikra mot ulemper frå husdyr. Dersom plasseringa av ei oppsamlingseining utgjer ein skaderisiko, forringar renovatørens arbeidsmiljø eller fører til andre ulemper, kan Renovest kreve at einingane blir flytta eller at abonnenten iverksett tiltak for å fjerne ulempene. 

Konkrete vilkår

Hentestaden skal ligge ved køyrbar veg og væra lett tilgjengeleg. I periodar med is og snø må adkomstveg, transportveg og hentestad vera rydda for snø, strøydd og utan fare for taksras. Renovest kan i slike høve påleggje flytting av oppsamlingseiningane.

Ved 3 abonnentar eller fleire, og der vegstandarden tilfredstiller krava under, kan avfallet bli henta. 

Vegstandardar

A)Veg må vera farbar med komprimatorbil heile året og ha ei vegbredde på minst 4.0 m. Det må vera rydda høgde på minst 4.0 m.
B)Stigningstilhøva bør berre untaksvis overstige 1:8. Vegstandarden må då ellers vera som krava, men ein må sjå på ei samla vurdering av køyreretning, skråningar utanfor veg, svingar og liknende.
C)Vegbredde ned til 3,5 m kan aksepterast om vegen ellers blir rekna som god.
D)Renovest IKS eller transportør står ikkje ansvarleg for skade pga. dårleg vegstandard.

Alle vegar skal godkjennast av Renovest IKS.

Bruk av privat adkomstveg skal regulerast ved skriftlig avtale mellom Renovest IKS og vegeigar/dei som har vegrett.

§ 10.Bruk av oppsamlingseiningar for hushaldning

Skarpe eller knuselege gjenstandar, sprøytespissar mv. skal væra forsvarleg innpakka før plassering i behaldar/sekk. Varm oske må avkjølast heilt før ho blir emballert og lagt i behaldar/sekk.

Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. I behaldaren må det videre ikkje leggjast større metallgjenstandar, stein og jord, hageavfall, sand/grus eller bygningsavfall.

I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall.

Farleg avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. Opplysningar om kor slikt avfall kan leverast, kan ein få ved å vende seg til kommunen/Renovest IKS. Ein viser også til § 4 og § 5 i denne forskrifta. I tvilstilfelle skal kommunen/Renovest IKS kontaktast på førehand.

Einingar for kjeldesortert avfall skal berre innehalde den type avfall som Renovest IKS til ei kvar tid bestemmer.

Alt avfall som blir sett fram for tømming skal ligge i godkjent oppsamlingseining som ikkje er fylt meir enn at lokket lett kan leggjast på. Sekkar skal ha ei fri fyllingshøgde på 20 cm og maksimal vekt på 20 kg.

Det er abonnentens ansvar å syte for naudsynt reinhald av oppsamlingseiningane og hentestaden. Behaldarar som er komne bort eller øydelagt utover normal slitasje, skal erstattast økonomisk av abonnent.

Abonnenten må setja rett behaldar fram til hentestaden innan kl. 07.00 tømmedagen for å kunne krevje innsamling. Der avstand frå køyreruta til stativ/dunk er over 10 m må abonnenten setje rett behaldar/sekk fram til hentestad innan kl. 07.00 tømedagen for å kunne krevje innsamling.

Renovest IKS kan påleggje den einskilde abonnent å auke volumet på oppsamlingseininga(ane) dersom dette synest naudsynt for å sikre tilstrekkeleg sortering av avfallet eller for å hindre at avfallet blir oppbevart eller handtert på ein uheldig måte.

Renovest IKS er ikkje plikta til å tømme oppsamlingseiningar som blir bruka i strid med denne forskrifta.

§ 11.Bruk av oppsamlingseiningar for hytter og fritidsbustader

Renovest IKS skal syte for naudsynt reinhald av behaldarar, hentestad og oppstillingsplass for behaldarar til bruk for hytter og fritidsbustader.

Behaldarar som er utplasserte og merkte for hytter, skal berre nyttast av brukarar av hytter og fritidsbustader.

Dei som leverar til hyttereturpunkt må sortere i dei einingar som det er sett ut sortering for. Større avfallsfraksjonar som møblar/kvitevarer, farleg avfall/bygge- og rivingsavfall må bringast til betjente mottak.

Ellers gjeld dei andre vilkåra i denne forskrifta.

§ 12.Renovatørens plikter

Renovatøren er pliktig til å ta med avfall som er lagt i godkjent oppsamlingseining. Innsamling og tømming skal skje slik at det fører til minst mogleg ulempe m.o.t støv, støy, lukt o.l. Under transport skal avfallet væra sikra slik at ikkje noko fell av eller sølar til plass eller veg. Eventuelt søl frå tømminga skal ryddast opp av renovatør.

Avfallet skal hentast etter gjeldende tømmerutine som fastsetjast av Renovest IKS og kunngjerast på egna måte.

Ved endring i tømmerutiner skal abonnenten varslast i god tid og på ein teneleg måte.

§ 13.Abonnentens plikter

Abonnenten er ansvarleg for at plassering og bruk av oppsamlingseining skjer i samsvar med denne forskrifta.

Abonnenten er også ansvarlig for naudsynt reinhald og vedlikehald av oppsamlingseiningar og hentestad, samt for eventuelle skader på oppsamlingseeiningane pga. feil bruk, hærverk eller liknande.

Eigar eller festar av eigedom der det oppstend hushaldningsavfall pliktar å straks melde frå til kommunen dersom han ikkje er i gebyrregisteret eller det blir endringar i abonnementstilhøve.

§ 14.Gebyrplikt

Abonnentar som omfattast av vilkåra i denne forskrifta skal betale avfallsgebyr.

Ved registrering av nytt abonnement og endring av abonnement, gjeld fylgjande:

Godkjende søknader/meldingar datera i tidsromet 20. mars til 20. september vert gjort gjeldande frå 1. juli.

Godkjende søknader/meldingar datera i tidsromet 20. september til 20. mars vert gjort gjeldande frå 1. januar.

Prisar for ulike tilleggstenester vert bestemt av Renovest IKS.

Storleiken på avfallsgebyret fastsettast av kommunen.

§ 15.Innkreving og renter

Avfallsgebyr med tillegg for løpande renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Abonnenten skal betale gebyr for kvar abonnementseining, jf. § 2.

§ 16.Delegering

Renovest IKS har rett til å gjennomføre renovasjons- og septikordninga i samsvar med denne forskrifta.

Mindre endringar i denne forskrifta kan endrast av styret i Renovest IKS.

Dei fullmakter som i denne forskrifta er lagt til Interkommunalt Renovasjonsselskap, er gjeve med heimel i forurensingslova § 83.

§ 17.Klageadgang

Vedtak etter denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er eit einskildvedtak, jf. forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85. Klaga blir behandla etter regelverket i forvaltningslova, jf. kap. VI.

Klaga skal sendast til kommunen. Dersom klaga ikkje blir teke til fylgje, skal den legjast fram for klagenemda i kommunen.

§ 18.Sanksjoner og straff

Ved manglande eller feilaktig sortering av avfallet i samsvar med vilkåra i denne forskrifta, vil Renovest IKS gi melding om at dette må rettast. Ved graverande eller gjentatte overskridingar av sorteringsvilkåra kan renovatør nekte å tømme oppsamlingseininga før avfallet er korrekt sortert. For å unngå eventuelle helsemessige problem kan Renovest IKS for abonnentens rekning syte for separat henting og sortering av det feilsorterte avfallet.

Ved brot på vilkåra med anna abonnement enn standardabonnement, skal dette betalast med full avgift frå det tidspunkt feilen blir oppdaga.

§ 19.Tilhøve til helseforskrifter

Dei lokale helsestyresmakter har ansvar for å sjå til at handtering av avfall skjer i samsvar med kommunehelsetjenestelova, og kan på sjølvstendig grunnlag fastsette vilkår som sikrar hygienisk oppbevaring og disponering av avfallet.

All handtering av avfall etter denne forskrifta skal skje i samsvar med sentrale og lokale helsestyresmakters retningsliner og vilkår.

Brot på denne forskrifta kan utover dette bli straffa med bøter, jf. forurensingslova § 79 andre ledd. 

Dispensasjonsreglar

§ 20.Standardabonnement bustad

Fylgjande kriterier kan gi grunnlag for at eigedom kan søkje om eller bli pålagt bringeordning. Desse får då redusert standardabonnement og blir ikkje forsynt med sorteringsskap. Desse abonnentane må sjølve sortere og bringe slikt som papir, matavfall og plast til mottak. Restavfallet skal setjast fram til køyrerute.

A) Redusert standardabonnement.

1)Eigedomar som må bringe avfall meir enn 500 m i køyreavstand til køyrerute.
B)Andre abonnementstyper ein kan søkje om:
1)Bustadhus som blir meldt fråflytta kan søkje om å få gå over til fritidsabonnement.
2)Miniabonnement.
3)Heimekompost.
C)Det kan søkjast om fritak frå renovasjonsordninga når kriterier som bli vektlagt er:
1)Hus ikkje er i bruk.
2)Eigedom ligg slik at dei ikkje kan gjera seg nytte av renovasjonsordninga. Fritak kan innvilgast etter grunngjeven søknad.
3)Bustadeigedom som er fråflytta over 6 mnd. og ikkje blir nytta som fritidshus, kan få tidsavgrensa fritak.
§ 21.Hytter
A)Hytter med høg standard vil ikkje få redusera sats.
B)Skogshusvære og stølsbuer som berre vert nytta til føremålet dei er bygd for, er generelt unntatt denne forskrifta.
C)Fritidseigedomar som pga. lokalisering normalt vil levere svært små avfallsmengder til avfallsanlegget, kan etter søknad og konkret vurdering få redusera hyttegebyr. I vurderinga vil det m.a. bli lagt vekt på:
1)Abonnent som må køyre ein omveg på meir enn 500 m til hyttecontainerplass.
2)Eigedom utan køyreveg, men gangavstand > 2 km til vinterparkering.
D)Hytter som er heilt ute av bruk kan søkje om fritak. 

Tøming av slam frå slamavskiljarar mv. jf. forureiningslova § 26

§ 23.Abonnentens plikter

Abonnenten skal syte for at anlegget som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming. Snø, is, jord osv. over kumlokket skal fjernast av abonnenten før tømming blir utført.

Den som tømmer anlegget, har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.

§ 24.Renovatørens plikter

Den som tømer skal reise frå anlegget i lukka stand. Alle sikringsordningar skal attende på plass. Renovest skal varsle huseigar dersom anlegget er uforsvarleg sikra eller sikringsanordning er defekt eller vert skadd ved tøming.

§ 25.Tømming av slamavskiljar mv.

Renovest IKS i det minste gjennom annonser i dagspressa varsle om når det blir tøming.

Tømming av separate slamavskiljarar skal skje slik:

Heilårshus med vassklosett.Tankvolum <4 m³årleg tømming eller oftare.
Heilårshus med vassklosett.Tankvolum = eller >4 m³tømming kvart andre år.
Heilårshus utan vassklosett.Tankvolum <2 m³tømming kvart andre år eller oftare.
Heilårshus utan vassklosett.Tankvolum = eller >2 m³tømming kvart fjerde år.
Hytte med vassklosett.Tankvolum <2 m³tømming kvart andre år eller oftare.
Hytte med vassklosett.Tankvolum = eller >2 m³tømming kvart fjerde år.
Hytte utan vassklosett.Tankvolum <1 m³tømming kvart andre år eller oftare.
Hytte utan vassklosett.Tankvolum = eller >1 m³tømming kvart fjerde år.

Felles slamavskiljarar skal tømmast minst ein gong pr. år, eller i samsvar med løyve.

Tette oppsamlingstankar skal tømmast minst ein gong kvart år, eventuelt oftare om det er behov.

I spesielle tilfelle kan kommunen påleggje ein annan tømmefrekvens. 

Generelt

Anlegget skal etterlatast i lukka stand. Grinder, portar og dører skal lukkast eventuelt låsast.

Felles for alle tankar er at dei må vera slik plassera at høgdskilnaden frå vannspeil i tank til inntak på bil ikkje må overstige 6 m.

Maksimalt slangeutlegg utan tillegg i pris er 30 m.

§ 26.Verknad

Forskrifta blir gjort gjeldande frå 1. januar 2000.

II

Endringane blir gjort gjeldande frå 1. januar 2006.

Vedlegg - Gebyrforskrift

(Satsane fastsetjast i samband med budsjetthandsaminga for kvart nytt kalenderår.)

Fastsett av kommunestyret i medhald av lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) § 34.

I. Satsar for avfallsgebyr kommunen 

Abonnentar med sekk og skap

A0 Grunnavgift (stativ og skap)
A1 Standardabonnement bustad.
A2 Standardabonnement med heimekompost
A3 Redusera standardabonnement bustad
A4 Miniabonnement
A5 Høgstandard hytte.
A6 Standard hytte.
A7 Redusera hytteabonnement
A8 Utleigehyblar m/kjøkken

Abonnentar med dunk og skap:

D0 Grunnavgift (med 190 L dunk og skap)=A0 kr. D0 pr. år

Pris avhengig av dunkstorleik (190L = standard) kr. D0 * 0,3 + (D0 x 0,7) * X/190 L pr. år 

Alternativt

D1 Pris avhengig av dunkstorleik (140L = standard) kr. D0 * 0,3 + (D0 x 0,7) *X/140 L pr. år.

Standard dunkstorleik kan endrast. 

Abonnentar som har trong for større volum i oppsamlingsutstyret kan.

-Levere ekstra hushaldningsavfall til avfallsmottak og betale for mengder utover 300 kg/år.
-Abonnere på utvida ordning.
-Kjøpe ekstrasekk.

Abonnentar som ynskjer å ha oppsamlingsutstyret meir enn 10 m får køyrbar veg må betale fylgjande tillegg:

B1 10-25 mfrå vegkantkr pr. tømming
B2 25-50 mfrå vegkantkr pr. tømming
Over 50 m inga henting
 

Levering av avfall til mottak:

Prisliste vedtatt av styret i Renovest IKS.

II. Septik

Tøming av slamavskiljarar, tette tankar og feitavskiljarar:

Grunnpris < eller = 4 m³kr. pr. tømming
Tillegg for > 4 m³kr. pr. m³
Tilkøyringsgebyr (Tillegg for tøming utanom rute)kr. pr. tur.
Einskildhusstander med tankar inntil 7 m³ skal betale grunngebyr.

Verknad

Gebyrvedtaket gjeld frå 1. januar 2006.