Forskrift om vedtekter for skattetakstar over faste eigedomar, Leikanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2000-02-17-1006
PublisertII 2000 475
Ikrafttredelse17.02.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forLeikanger kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1975-06-06-29
Kunngjort
KorttittelForskrift om skattetakstvedtekt, Leikanger

Kapitteloversikt:

Fastsett av Leikanger kommunestyre 17. februar 2000 med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.

Kap. I. Skattetakstnemnder

§ 1.Samansetjing og val av takstnemnd

Til å førebu verdisetjing av faste eigedomar i Leikanger kommune i medhald av reglane i byskattelova 1. kap om eigedomsskatt, vel kommunestyret ei skattetakstnemd og ei overskattetakstnemnd. I skattetakstnemnda skal det vera 3 medlemar (leiar, nestleiar og ein medlem) og i overskattetakstnemnda skal det vera seks medlemar (leiar, nestleiar og fire medlemar). Det skal veljast personlege varamenn for alle.

Halvparten av medlemane og varamedlemane går ut og blir erstatta ved nytt val kvart anna år, fyrste gong etter loddtrekning. Kommunestyret peikar ut leiar og nestleiar for kvar nemnd. Når leiaren har forfall rykkjer nestleiar opp som leiar.

Dersom eit medlem går frå for godt, vel kommunestyret ein av varamedlemane til å tre inn som fast medlem for resten av perioden.

Skattetakstnemnda sitt takstområde vert til ei kvar tid fastsett av kommunestyret.

§ 2.Val og habilitet

Valbare og pliktige til å ta i mot val til medlem til skattetakstnemnda og overskattetakstnemnda er dei som pliktar å ta i mot val til kommunestyret. Kommunestyret sine medlemar kan nekte val.

Eit medlem er ugild til å delta i taksta:

1.når han sjølv er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedomen.
2.når han er i slekt eller svogerskap med ein som nemnt under pkt 1 i opp- eller nedstigande line eller sideline så nær som søsken
3.når han er eller har vore gift med eller forlova med eller er fosterfar eller fostermor eller fosterbarn til ein eigar e
4.når han er verge for ein person som er nemnt under pkt 1
5.når han styrer eller er medlem av styret for eit selskap, foreining, bank, stifting eller offentleg innretning som er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedomen.

Likeeins er han ugild når andre særeigne tilhøve føreligg som er eigna til å svekke tilliten til hans habilitet.

§ 3.Sakkunnige for takstnemnd

Kommunestyret kan oppnemne eit utval på fem sakkunnige på det bygningstekniske, industrielle og maskintekniske området.

Skattetakstnemnda kan av dette utvalet tilkalle ein eller fleire til å avgje rettleiande uttale når dei skal taksera bedriftseigedomar med tilhøyrande maskiner og liknande.

Dei sakkunnige deltek ikkje i sjølve takseringa og har ikkje stemmerett. Takstnemnda kan elles søkje sakkunnig hjelp til rettleiande orientering i den mon dei finn det nødvendig.

Kap. II. Taksta

§ 4.Konferansar om retningsliner for vanleg taksering m.m

Nemnda kjem saman før den vanlege takseringa tek til, for samla å drøfte og vedta vanlege retningsliner for takseringa for å sikre størst mogleg likskap i vurderinga. Protokoll for desse møta blir innhefta i takstprotokollen som blir ført av eigedomsskattekontoret.

Vedtak som blir gjort med vanleg fleirtal, er av rettleiande art.

Likningssjefen skal bli innkalla til alle slike møter.

§ 5.Førebuing av taksering

Det ligg til leiar av takstnemnda å planlegge og leie arbeidet herunder fastsetje tid for takstene. Han skal syte for at eigedomen sin eigar eller hans fullmektig blir varsla, og dersom det er mogleg gjeva ei vekes/3 dagars varsel.

Alminneleg taksering skal dessutan kunngjerast på førehand i pressa eller med rundskriv.

Økonomikontoret er kommunen sitt eigedomsskattekontor og utfører alt administrativt og kontormessig arbeid for takstnemndene.

Ved synfaring av eigedomen bør det om mogleg føreligge opplysningar om

-eigedomen sitt areal, så vel totalt som bebygt
-oppgåve over kva slags husvære og forretningslokaler m.m som bygningen inneheld med mogleg oppgåver over flate- og rominnhald.
-for bedriftseigedomar liste over større maskinar og liknande.

Leiaren skal sjå til at det vert einsarta verdsetjingar.

Er ein takstmann/kvinne ved lovleg forfall hindra frå å møta, skal han/ho snarast melde frå til leiaren, som kallar inn varamedlem. Leiaren sørgjer for at kvar av nemndmedlemane får ein ajourførd kopi av reglane i byskattelova 1. kap om eigedomsskatt, kopi av lov om eigedomsskatt og eit eksemplar av vedtektene.

§ 6.Synfaring og protokollføring

Eigedomane skal i alle høve synfarast. Taksta skal setjast så langt det er mogleg til eit tal som er deleleg med 1000/500.

Grunn og bygning kan takserast særskilt dersom dei er eigd av ulike personar.

Nemnda fører forhandlingsprotokoll og takstprotokoll.

Takstprotokollen må innehalde opplysning om kva tid taksta er halden, kva for eigedom det gjeld, og takstsummen. Den skal underskrivast for kvart møte.

Skjema for takstprotokollen blir fastsett i samråd med likningssjefen. Skjemaet bør innrettast slik at det kan takast kopi/utskrifter til naudsynte underretningar.

Kopi/underskrift blir å sende likningssjefen.

§ 7.Utlegging og kunngjering

Innan 1 desember det året alminneleg taksering blir avslutta skal det utleggjast liste over alle takstar til offentleg ettersyn i 4 veker. Det skal kunngjerast i lokalavisene når og kvar utlegginga skjer. Kunngjeringa skal innehalde opplysning om fristen for krav om overtakst og kven kravet skal sendast til.

Ved omtaksering i perioden mellom to vanlege takseringar skal det sendast kopi av takstprotokollen til eigaren med påminning om at krav om overtakst må vera kome inn til eigedomsskattekontoret innan 4 veker frå utsendinga av takstdokumentet.

Kap. III. Overtakst

§ 8.Krav om overtakst

Overtakst kan krevjast av vedkomande skatteytar eller av formannskapet innan 4 veker frå utlegging av skattetakstlista. Kravet skal sendast til leiar i skattetakstnemnda/eigedomsskattekontoret som så snart som mogleg etter utløpet av fristen oversender den til leiar i overskattetakstnemnda.

§ 9.Overskattetakstnemnda

Overtaksta blir utført av alle medlemane av overskattetakstnemnda, eventuelt med varamedlemar. Reglane i §§ 4 - 7 for skattetakstnemnda blir å bruke på same måte så langt det høver. Dersom skattetakstnemnda har tilkalla sakkunnige etter reglane i vedtektene § 3, skal overtakstnemnda tilkalle ein eller fleire av dei sakkunnige som ikkje har vore med ved undertaksta. Overskattetakstnemnda fører særskild protokoll, innretta på same måte som for skattetakstnemnda. Når alle overtakster er avslutta vert protokollen utlagd til offentleg ettersyn i 4 veker på same stad som skattetakstene har vore utlagde. Leiaren kunngjer utlegginga i pressa.

Kap. IV. Omtaksering

§ 10.Omtaksering

Når det i tida mellom to alminnelege eigedomstakseringar er skjedd deling av ein eigedom, når det på eigedomen er bygningar som er rivne eller er øydelagde ved brann eller liknande, eller når det er oppført nye bygningar eller tilbygg på eigedomen skal det skje ny verdsetjing dersom endringa svarar til ein verdi på minst kr 50.000,-, jf. byskattelova § 4, tredje ledd.

Når verdien av ein eigedom ved endringar er vesentleg auka eller minska i høve til andre eigedomar, kan formannskapet så vel som den skattepliktige kreve særskild verdsetjing halde i tida mellom to alminnelege eigedomstakseringar.

Krav om omtaksering må sendast eigedomsskattekontoret innan 1. november, som sørgjer for vidaresending til leiaren i takstnemnda.

Ved omtaksering skal ein så langt det er mogleg bruke same vurderingsgrunnlag som ved siste alminnelege taksering.

Kap. V. Eigedomsskatten

§ 11.Endring i skatten som følgje av ny takst

Endringar i eigedomsskatten som følgje av endra takstverdi på ein eigedom, blir gjennomført ved utlikninga av eigedomsskatt for det skatteåret som følgjer etter det året taksten vart føreteken.

Blir taksta endra ved overtakst, skal taksta omreknast.

§ 12.Område for eigedomsskatt
1.Kommunestyret har vedteki at det skal skrivast ut eigedomsskatt i området Sogndal grense i aust til krysset rv55/Valbrekkavegen i vest. Grensa mot sør følgjer kommunegrensa ved sjøen og i nord yttergrensa for fast busetnad.

(Området blir nærare definert utifrå faste kartreferanser til møtet 10. januar 1999).

2.Det skal skrivast ut eigedomsskatt på verk og bruk utanfor området nemnd i pkt 1, og med same skattesats. Takstnemnda skal leggje til grunn den opprekninga av verk og bruk som går fram av lova § 4, annet ledd og 3. pkt og elles etter fast praksis dersom nemnde opprekning ikkje er uttømande.
3.Kommunestyret fritek fylgjande eigedomar for eigedomsskatt etter § 7 i eigedomsskattelova:
-Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne kommunen, fylket eller staten.
-Bygningar som har historisk verdi.
-Bygningar som heilt vert nytta som husvære dersom dei er yngre enn 20 år. Dersom bygningen berre delvis vert nytta som husvære, vert skatten å setja ned høvesvis.
-Eigedom som vert drive som gardsbruk eller skogbruk med unntak av våningshus.
-Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak etter søknad, og etter tilråding frå skattetakstutvalet.

Kap. VI. Diverse

§ 13.Godtgjersle til takstmennene

Kommunestyret avgjer den godtgjersla som takstmennene/kvinnene og dei sakkunnige som er nemnde i § 3, skal ha. Godtgjersla vert utbetalt av økonomiavdelinga etter oppgåve frå leiaren i nemnda og etter tilvising frå rådmannen.

§ 14.Utskriving av eigedomsskatten

Økonomikontoret reknar ut eigedomsskatten og skriv ut skattelistene. Økonomikontoret skal ajourføre ei liste (protokoll) over samtlege eigedomar, deira takster og eigarar. Eigdomsskattelista skal omfatte alle takserte eigedomar enten dei er skattepliktige eller ikkje. Eigedomane skal vera oppført i nummerrekkefølge etter matrikkelen eller etter husnummer. Som tillegg til lista skal det skrivast liste over dei ulike gruppene med skattefrie eigedomar. Det påligg sjef for næring og utvikling å melde inn til økonomiavdelinga alle oppmålingar, matrikuleringar og oppdeling av eigedomar. Likeså pliktar han ved utgangen av kvart år å melde til økonomikontoret alle avslutta byggearbeid til ein kalkulert verdi på minst kr 10.000,- og om nedskriving av eldre bygningar. Eigedomsskatten skal så vidt det er mogleg vera utskriven og skattesetlar utsendt innan 1 mars i skatteåret. Økonomikontoret står for utsending og innfordring.

Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar, 15. mai og 15. november frå 1. januar 2001.

For år 2000 blir eigedomsskatten å betale i 1 termin etter 1. juli.

§ 15.Verknadstidspunkt

Desse vedtektene trer i kraft straks.