Forskrift for tømming av slamavskiljarar, tette tankar og feittavskiljar med tilhøyrande gebyr, Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-2000-03-06-389
PublisertII 2000 194
Ikrafttredelse26.06.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26
Kunngjort
KorttittelForskrift om tømming av slamavskiljarar, Bø

Kapitteloversikt:

Fastsett av Bø kommunestyre 6. mars 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall (Forurensningsloven) § 26.

Kap. 1. Generelle føresegner

1.1 Forskrifta er vedteke i medhald av lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureining og om avfall (Forureiningslova) § 26.
1.2 Formål

Forskrifta har som formål å regulere gjennomføringa av dei plikter kommunen er pålagt ved lov og dei mål og regler kommunen elles har satt for tømming av slamavskiljarar m.v.

1.3 Virkeområde

Forskrifta omfattar tøming av slamavskiljarar og tette tankar for oppsamling av avløpsvatn/kloakk.

Forskriftene gjeld heile kommunen.

1.4 Definisjonar

Som abonnent reknast eigar av eigedom som har slamavskiljar, tett tank eller liknande.

Dersom eigedomen er bortfesta for meir enn 30 år er det festaren som blir rekna som abonnent.

1.5 Tvungen tømmeordning

Kommunen skal tøme slamavskiljarar i hele kommunen.

Kommunen kan likevel gje andre løyve til å stå for tømminga.

Alle eigedomar er omfatta av ordninga.

1.6 Pliktene til abonnenten

Abonnenten skal syte for at anlegg som skal tømast er lette å kome til med bil for tøming.

Overdekking av kumlokk o.l. med jord, snø, is m.v. må vera fjerna av abonnenten før tøming skal utførast. Den som står for tøming av anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tøminga.

1.7 Tøming av slamavskiljar m.v.

Varsel om når tøming av tank vil bli utført, blir gjeve av kommunen og på ein måte som kommunen finn formålsteneleg.

For eigedomar med fast busetnad og med toalett tilknytt slamavskiljar, skal tøming skje etter følgjande rutiner: 

Type bustad/fritidshus:Tankstorleik (m³ ):Tømmefrekvens (år):
Bustad m/klosett< 4kvart
Bustad m/klosett> 4annan kvart
Bustad u/klosett< 2kvart
Bustad u/klosett> 2annan kvart
Hytte m/klosett< 2annan kvart
Hytte m/klosett> 2fjerde kvart
Hytte u/klosett< 1annan kvart
Hytte u/klosett> 1fjerde kvart
 

Tette tankar skal tømmast minst ein gong i året eller etter behov.

Tøming skal utførast slik at det ikkje er unødig ulempe for oppsitjarane og anlegget skal forlatast i lukka stand.

1.8 Tøming av feittutskiljarar

Feittutskiljarar skal tømmast minst ein gong i året eller etter behov.

Kap. 2. Tømmegebyr

2.1 Kven som skal betale gebyr

Abonnent etter desse forskrifter skal betale eit gebyr til kommunen. Kommunen utferdar reglar for fastsetting av storleiken på gebyret.

Kap. 3. Avsluttande føresegner

3.1 Klage

Vedtak som er fatta av kommunen eller andre som er delegert mynde i medhald av desse forskriftene, kan påklagast til kommunen jf. § 2 i forvaltningslova og kommunen sitt delegasjonsreglement.

3.2 Straffeansvar

Brot på denne forskrifta straffast med bøter etter § 79 i forureiningslova, andre ledd.