Forskrift for innsamling av forbruksavfall frå private hytter og fritidseigedomar, Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-2000-03-06-390
PublisertII 2000 196
Ikrafttredelse26.06.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1981-03-13-6
Kunngjort
KorttittelForskrift om avfall fra fritidseigedomar, Bø

Fastsett av Bø kommunestyre 6. mars 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven). 

1. Generelle føresegner
1.1 Denne forskrifta er ei tilleggsforskrift til felles forskrift av 6. mars 2000 nr. 388 for kjeldesortering, oppsamling, innsamling, transport og gebyr for forbruksavfall, Bø, Hjartdal, Notodden og Sauherad kommunar, Telemark, vedteke i Bø kommunestyre 6. mars 2000.
2. Definisjonar
2.1 Som fritidsbustad reknast, hytte og fråflytt husvære som nyttast i samband med ferie og fritid.
2.2 For å få godkjent fråflytta husvære til fritidsbustad, må det dokumenterast skriftleg.
3. Oppsamling av forbruksavfall
3.1 Abonnentane må levere avfallet fram til nærmaste felles oppsamlingseining for fritidsbustadar, returpunkt eller gjenvinningsstasjon.
4. Renovasjonsavgift

Abonnentar kan få mellombels fritak for betaling av gebyret etter følgjande reglar:

4.1 Fritidsbustadar som er i ein slik stand at dei ikkje kan nyttast, jf. 4.4.
4.2 Hytter som blir bruka i samband med produksjon/næring, jf. 4.4.
4.3 Hytter under bygging er friteke for renovasjonsavgift i eit år etter at byggeløyve er gjeve.
4.4 For søknad om fritak etter pkt. 4.1 og 4.2 nyttast «Søknadsskjema for fritak for renovasjon av fritidsbustad»,1 som er ein del av denne forskrifta.
1Søknadsskjema utelatt.