Forskrift for innsamling m.v. av forbruksavfall og tømming av slamavskiljarar, privet, tette tankar m.v. og for avfallsgebyr, Odda kommune, Hordaland.

DatoFOR-2000-03-15-4240
PublisertII 2000 834
Ikrafttredelse15.03.2000
Sist endretFOR-2000-12-14-1612
EndrerFOR-2000-03-15-4240
Gjelder forOdda kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30
Kunngjort
KorttittelForskrift om forbruksavfall m.m, Odda

Kapitteloversikt:

Fastsett av Odda kommunestyre 15. mars 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30. Endret 14 des 2000 nr. 1612, hele forskriften kunngjort.

Kap 1. Avfall

§ 1.Heimel og geografisk virkeområde

Denne forskrifta er vedteken i Odda kommunestyre den 15. mars 2000 med heimel i: lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83 og gjeld i kommunen frå vedtaksdato etter lovleg kunngjering.

Denne forskrifta opphevar renovasjonsforskrift fastsett av Odda kommunestyre 7. desember 1988, godkjent av Fylkesmannen i Hordaland 8. februar 1989.1

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.
§ 2.Føremål

Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling innafor renovasjonsdistriktet, transport og slutthandsaming av avfall i Odda kommune.

Renovasjonsdistriktet er definert i kart dat. 14. januar 2000.

§ 3.Definisjonar

Forbruksavfall: Som forbruksavfall reknast vanleg avfall, også større gjenstandar som inventar og liknande frå hushald, frå mindre forretningar o.l og kontor. Det same gjeld avfall av tilsvarande art og mengde frå anna verksemd.

Produksjonsavfall: Som produksjonsavfall reknast avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar som i art eller mengde skil seg vesentleg frå forbruksavfall.

Spesialavfall: Som spesialavfall reknast avfall som ikkje hensiktsmessig kan handsamast saman med forbruksavfall på grunn av sin storleik eller mengde eller fordi det kan føre til alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Hushald: Avgjerande er om nokon har sitt private hushald, dvs. si kvile og sitt matstell på staden.

Abonnent: Som abonnent reknar ein eigar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir skal festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtalt. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga slik at den samla festetida blir meir enn 30 år.

§ 4.Abonnementeining

Inndeling av einingane skjer gjennom gebyrregulativet og omfattar kvart/kvar sjølvstendig hus/husvære/bueining/verksemd/hytte m.m med eige eller felles kjøkken/kantine/matrom og stølshus.

§ 5.Unntak for visse typer avfall

Spesialavfall frå næringsverksemd tas ikkje imot.

Odda kommune tek ikkje imot eksplosiv, medisinar, døde dyr, smittefarleg avfall og bildekk.

Bilbatteri tas kun imot frå hushald.

§ 6.Tvungen renovasjon

I Odda kommune er det tvungen renovasjon innafor den til ei kvar tid definert distrikt for alt forbruksavfall.

§ 7.Odda kommune sine plikter

Odda kommune opparbeider samleplassar langs offentleg veg til rådvelde for abonnentane.

I enkelte område (langs RV 550 og RV 13) kan det avtalast utsetjing av sekkar fram til offentleg veg.

Odda kommune er ansvarleg for reinhald og merking av containarane og brøyting av samleplassane.

Innsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt o.l.

Etter tøming/reingjering skal renovatøren setje containaren tilbake på henteplassen med lukka lokk og fjerne eventuelt søl frå tømminga.

Avfallet skal hentast etter oppsette køyreruter.

Kommunen skal halde abonnentane orientert gjennom lokalavisa om alle endringar.

§ 8.Abonnenten sine plikter

Abonnenten er den økonomiske ansvarlege parten i høve til kommunen. Eventuelle endringar i abonnentstilhøva skal meddelast kommunen straks. Personar eller verksemder som kjem inn under definisjonen av abonnent og/eller abonnenteining etter denne forskrifta pliktar å straks melde frå til kommunen dersom personen eller verksemda ikkje står i gebyrregisteret for avfall.

Abonnenten er ansvarleg for at bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta. Abonnenten pliktar å følgje dei vedtak om kjeldesortering som fattast i kommunen.

Avfall som vert levert Miljøstasjonen på Lindenes skal sorterast i samsvar med ordninga på staden og kan bli manuelt kontrollert av Odda kommune. Abonnenten er ansvarleg for at avfall som han vil halde konfidensielt vert makulert.

§ 9.Brukaren sine plikter

Dersom brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er brukaren sine plikter dei same som abonnenten sine plikter med unntak av det økonomiske tilhøve til kommunen.

§ 10.Bruk av samleplassane/containerane

Odda kommune har innført kjeldesortering med følgjande oppdeling:

-Glas/metall
-Papir
-Våtorganisk
-Drikkekartongar
-Klede
-Restavfall

Containaren skal brukast til det den er merkt for og det skal ikkje leggjast avfall på samleplassen/ved containaren.

På samleplassen skal det ikkje plasserast:

-spesialavfall i samsvar med § 5
-kvitevarer eller elektriske artiklar
-rivingsavfall
-hageavfall
-grus/jord/stein
-septikslam.

Rivingsavfall og hageavfall frå hushald kan leverast til Lindenes Miljøstasjon mot betaling etter gjeldende satser.

Kap. 2. Slamtøming

§ 11.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syta for at anlegget som skal tømast er lett tilgjengeleg for tøming med bil.

Snø, is, jord m.v. over kumlokk skal fjernast av abonnenten før tøming.

Den som tømer anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tøminga.

§ 12.Tøming av slamavskiljar m.v.

Varsel om når tøming vil skje vert gjeven gjennom lokalavisa eller på annan hensiktsmessig måte.

For eigedom med fast busetjing og med toalett tilknytta slamavskiljaren, skal slamavskiljaren som hovudregel tømast 1 gong kvart andre år.

For eigedomar med fast busetjing utan toalett tilknytt slamavskiljaren og for fritidseigedomar skal slamavskiljaren tømast minst kvart fjerde år.

Tette oppsamlingstankar tømast etter behov.

I spesielle tilfelle kan kommunen bestemma ein annan tømefrekvens.

Tøminga skal utførast slik at bebuar ikkje unødig sjeneras av støy og lukt. Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grinder, portar og dører skal lukkast, eventuelt låsast.

Kap. 3. Gebyr m.v.

§ 13.Gebyr for avfall og slamtøming

Odda kommune vedtek gebyrregulativ og storleiken på gebyret i samband med handsaming av økonomiplanen.

Abonnenten skal betala gebyr til kommunen for kvar eining. Ved registrering av ny abonnent, eller ved endring av eksisterande abonnement, vert nytt gebyr rekna frå den 1. i neste månad etter at endringa er meldt til kommunen. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til den siste dagen i månaden der gebyrplikta vert avslutta.

Gebyr for mottak på Lindenes miljøstasjon kan krevjast og vert fastsett i gebyrregulativet.

Renovasjonsgebyret skal fastsetjast etter § 34 i forureiningslova og skal dekke dei faktiske kostnadene med renovasjonen.

Gebyr med tillegg for løpande renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

§ 14.Feil gebyrgrunnlag

Dersom det viser seg at ein registrert abonnent ikkje har meldt frå om gebyrpliktige abonnementeiningar eller endring i gebyrplikta som medfører tillegg i gebyret, kan kommunen ilegge gebyr frå inntil tre år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

§ 15.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad frita einskilte områder frå renovasjonsordninga.

Ein eigar skal ikkje betala for meir enn ei hytte/stølshus på same eigedomen dersom det kan godtgjerast at desse ikkje er i bruk.

§ 16.Klage

Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom det er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 bokstav b og forureiningslova § 85. Klagen vert handsama etter regelverket i forvaltningslova jf. Kap VI.