Forskrift om renovasjon, Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-06-20-832
PublisertII 2000 399
Ikrafttredelse01.01.2001
Sist endret
EndrerFOR-1972-09-05, FOR-1986-04-29
Gjelder forTime kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort
KorttittelForskrift om renovasjon, Time

Kapitteloversikt:

Fastsett av Time kommunestyre 20. juni 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 30, § 31, § 33 og § 34.

I

§ 1.Definisjonar

Med avfall er i denne forskrifta meint kasserte lausøyregjenstandar eller stoff, jf. forureiningslova § 27. Avfall kan delast i forbruksavfall, produksjonsavfall og spesialavfall.

Som forbruksavfall vert rekna vanleg avfall, også større gjenstandar som inventar o.l. fra hushaldninger, mindre butikkar o.l og kontor. Det same gjeld avfall av tilsvarande art og mengd frå anna verksemd dersom dette på ein enkel måte kan takast hand om innanfor den kommunale renovasjonen.

Som produksjonsavfall vert rekna avfall fra næringsverksemd og tenesteyting som i art eller mengd skil seg frå hushaldningsavfall og som ikkje lett kan takast hand om innanfor den kommunale renovasjonen. Kommunen avgjer til ei kvar tid kva som skal reknast som produksjonsavfall.

Som spesialavfall vert rekna avfall som ikkje lett kan takast hand om saman med forbruksavfall på grunn av storleik eller fordi det kan føra til alvorlig forureining eller fare for mennesker eller dyr. Eksempel på spesialavfall kan vera maling, spillolje, løysemiddel, plantevernmiddel. Sprøytespissar, bandasjar og anna smittefarlig avfall er også spesialavfall, men i denne forskrifta vert dette omtala som risikoavfall i § 9, jf. også eiga forskrift for risikoavfall frå medisinsk verksemd.

Som våtorganisk avfall (bioavfall) vert rekna matavfall, hageavfall og anna biologisk nedbrytbart avfall som egner seg for heimekompostering og/eller sentralkompostering.

Med restavfall er meint blanda avfall som blir igjen etter kjeldesortering eller sentralsortering av forbruks- eller produksjonsavfall og som vert levert til avfallsdeponi eller forbrenningsanlegg.

Med kjeldesortering er meint at abonnenten eller andre sorterer ut visse avfallstyper og leverer desse i eigna behaldar eller til godkjend mottak.

Med abonnent er meint eigar av eigendom som er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. Dersom eigedom er festa bort for minst 30 år skal festar reknast som abonnent.

Med fellesabonnement er meint at fleire abonnentar går saman om felles avfallsbehaldarar for ein eller fleire fraksjonar. Ein av abonnentane i fellesabonnementet må stå ansvarlig overfor kommunen og kvar enkelt eigendom som inngår i fellesabonnementet står økonomisk ansvarleg for sin del av fellesabonnementet.

Med brukar er meint den som til dagleg bruker behaldarane.

Med miljøstasjon er meint særskilte avfallsmottak kor avfall kan leverast kjeldesortert av abonnent.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar kjeldesortering, oppbevaring, innsamling og handsaming av avfall samt fastsetjing av avfallsgebyr i Time kommune. Forskrifta gjeld:

a.Alle typer avfall og slam som kommunen etter forureiningslova eller ved delegering fra overordna styresmakt har ansvar for.
b.Alle hushaldninger og verksemder i kommunen kor det oppstår slikt avfall, jf. pkt. a.
c.Forskrifta gjeld ikkje fritidseigedomar.

Kommunen kan, i spesielle tilfelle og etter søknad, frita enkelte eigedomar frå forskrifta.

§ 3.Kommunal innsamling av avfall

Etter forureiningslova § 30, første ledd, er det tvungen renovasjon for dei typer avfall kommunen har ansvar for, jf. § 2, pkt. a. Alle eigedomar med bygningar i kommunen der det foregår verksemd som fører til at det oppstår slikt avfall (jf. § 2, pkt. a) er omfatta av tvungen kommunal renovasjonsordning.

Det er ikkje tillatt å brenne avfall utandørs i opne tønner/småomnar eller på opne bål på open mark dersom dette kan føra til fare for forureining, helserisiko eller er til sjenanse for andre, jf. lov om helsetenesten i kommunen.

Det er heller ikkje lov å grave ned eller legge avfall o.l. i naturen, jf. forureiningslova § 28.

Kommunen kan med generelle reglar eller i det enkelte tilfelle stille krav til den enkelte abonnent/avfallsprodusent om kjeldesortering og leveringsmåte for ulike delar av avfallet som er omfatta av denne forskrifta.

§ 4.Avfall som ikkje er omfatta av kommunal innsamling

Spesialavfall frå verksemder med meir enn 400 kg spesialavfall pr. år er ikkje omfatta av kommunal innsamlingsordning.

Produksjonsavfall er ikkje omfatta av kommunal innsamlingsordning. Slikt avfall skal bringast til godkjend avfallsmottak. Open brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt dersom det kan føre til fare for forureining, helserisiko eller er til sjenanse for andre.

For sjølvdøde dyr/animalsk avfall gjeld forskrift om transport av animalsk avfall og anlegg som behandler animalsk avfall.

§ 5.Spesialavfall

Denne forskrifta omfattar spesialavfall (jf. § 1) som fell innanfor den kommunale renovasjonsordninga, dvs spesialavfall frå husstandar og frå næringsverksemder med mindre enn 400 kg spesialavfall pr. år.

Spesialavfall må lagrast på ein slik måte at det ikkje fører til forureining eller skade på menneske eller dyr, eller fare for dette.

Spesialavfall skal ikkje blandast med anna avfall. Ulike spesialavfallstypar skal ikkje blandas dersom dette kan føre til fare for forureining, eller skape problem for vidare handsaming av avfallet.

§ 6.Alternativ handsaming av våtorganisk avfall (bioavfall)

Abonnentar kan som alternativ til eigen behaldar for innsamling av våtorganisk avfall, kompostere i eigen behaldar.

Kompostering må foregå på ein hygienisk tilfredstillande måte og i samsvar med gjeldande retningsliner, fastsett av kommunen.

Det er ein føresetnad at abonnentar som er med på ordninga ikkje deponerer mat- og hageavfall i behaldar for restavfall.

Abonnentar som driv med husdyrhald kan, som alternativ til kompostbehaldar, kompostere våtorganisk avfall i gjødselkjellar. Det er bare høve til å kompostere avfall som oppstår på eigedomen. Det er ikkje tillatt å ta imot avfall frå andre.

Abonnentar som ønsker å driva med heimekompostering eller kompostering i gjødselkjellar må ha skriftleg avtale med kommunen.

Kommunen har rett til å kontrollere at retningslinene for heimekompostering vert følgde.

§ 7.Avfallsbehaldar

Kommunen står for utlevering og vedlikehald av oppsamlingsbehaldarane. Utgiftene til dette vert dekka av kommunen. Abonnenten sørger for reinhald. Abonnenten er også ansvarleg for skade som skuldast feil bruk, hærverk eller liknande. Dersom behaldaren må byttast ut kan abonnenten bli pålagt eit nærare bestemt gebyr.

Abonnement kan ikkje seiast opp anna enn ved flytting, sal av eigendom e.l. (tvungen renovasjon, jf. § 3). Det vert rekna renovasjonsavgift fram til abonnement er lovleg oppsagt og dette er stadfesta av kommunen. Behaldarane er kommunen sin eigedom.

Kommunen bestemmer talet på avfallsbehaldarar som er nødvendig for den enkelte eigedom. Fleire abonnentar kan søke om fellesabonnement der to eller fleire naboar kan ha felles behaldar for ein eller fleire avfallsfraksjonar. Ein av abonnentene i fellesabonnementet må stå ansvarlig overfor kommunen, jf. også § 1.

§ 8.Krav til sortering og bruk av avfallsbehalderen

Avfall som er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga skal kjeldesorterast i fylgjande fraksjonar:

Våtorganisk avfall (bioavfall) til kompostering (behalder for våtorganisk avfall eller kompostbinge). Det er forbudt å legge avfall som ikkje kan komposterast i behalder for våtorganisk avfall eller kompostbinge.

Papp, papir og veskekartong som skal til gjenvinning skal leggast i den behaldaren som er utplassert til det føremålet (blå behaldar). Kommunen kan bestemma at andre tørrfraksjonar som plast el skal leggast i same behaldar. Det er forbudt å legge andre avfallstyper i denne behaldaren.

Restavfall skal i den grå (mørkegrå) behalderen. Det er forbudt å legge våtorganisk avfall i den grå behalderen.

Det er ikkje lov å legge varm oske, spesialavfall, eksplosiver eller sjølvantennande stoff i avfallsbehaldarane.

Døde kjæledyr er sett på som forbruksavfall og eigaren har ansvar for å bringe dyret til godkjend mottak, evt. gjennom veterinær. Det er forbudt å legge døde kjæledyr i nokon avfallsbehaldar. Det same gjeld for døde husdyr.

Bruk av kjøkkenavfallskverner for oppmaling og utslepp av organisk avfall til kommunalt avløp er forbode.

Kommunen kan vedta ytterlegare innsamlings-/mottaksordninger for spesielle avfallstyper.

§ 9.Plassering og tømming av oppsamlingsbehalderen

Behaldarane må plasserast slik at dei ikkje er til sjenanse for andre verken til dagleg eller i samband med tømming.

På tømmedagen skal brukaren plassere behaldaren ved vegkanten av kjørerute, der skal også renovatøren setje behaldaren når den er tømd. Abonnentar uten kjørbar veg kan avtale spesielle ordninger. Der det er felt mellom gang/sykkelveg og gate, skal behalderen plasserast ved kanten av gata.

Renovatøren har bare plikt til å ta med avfall som er plassert oppi behaldaren. Ekstra avfall kan leverast i tillegg dersom det er betalt gebyr og sekken er merka med kvittering. Nærare retningsliner for levering av «ekstra sekk» vert bestemt av rådmannen.

Tømming skal tidlegast foregå kl. 0600. Innsamling skal foregå på ein slik måte at bebuarane ikkje unødig blir sjenert av støv, lukt og støy. Behaldarane skal forlatast lukka og vera plassert på ein slik måte at dei ikkje er til sjenanse for trafikken.

§ 10.Krav til kjørerute

Dersom veg skal godkjennast som kjørerute må den tilfredstille krav til kjørbar veg: ha tilfredsstillande snuplass eller gjennomkøyring og dessuten kurvatur, stigningsforhold, bredde og styrke til å tåle eit kjøretøy av type LL med aksellast på 11,5 tonn, jfr vegnormalen sin definisjon av kjøretøy.

I tillegg skal forhold som avstand til offentleg veg og trafikktryggleik vurderast når kjøreruta skal bestemmast.

Vinterstid kan glatt vegbane føre til at veg eller gate ikkje kan reknast som kjørerute.

Rådmannen bestemmer kjøreruta for renovasjonsbilen. Veg må ha ei fri høgd på minst 4 meter.

§ 11.Tømming av slam frå slamavskiljar m.v.

Melding om tidspunkt for tømming vil bli gitt gjennom pressa eller på annan måte som kommunen finn praktisk.

Tømming av slamavskiljar skal skje minst kvart anna år. Tette tankar skal tømmast når det er nødvendig.

I spesielle tilfelle kan kommunen bestemme andre tømmefrekvensar.

Tømming skal utførast på ein slik måte at bebuarane ikkje unødig blir sjenert av lukt og støy. Anlegget skal forlatast lukka, eventuelt låst.

Abonnenten skal sørge for at anlegget som skal tømmast er lett å koma til for tømming med bil. Overdekking av kumlokk med jord, snø el. må abonnenten fjerna før tømming.

Den som tømmer anlegget har rett til å plassera nødvendig utstyr på eigedomen. Gebyr skal reknast pr. bustadeining pr. tømming.

§ 12.Renovasjonsgebyr

Abonnenten skal betale renovasjonsgebyr til kommunen for både pålagte og frivillig valgte tenester i samsvar med den kommunale renovasjonsordninga. For husstandar mv. med fellesabonnement skal gebyret betalast av kvar abonnent i forhold til talet på deltakarar og aktuelle delar i fellesabonnementet.

Kommunen har plikt til å utarbeide eigne reglar for utrekning av gebyr, basert på gebyrgrunnlaget.

Renovasjonsgebyret skal fastsetjast i to delar, ein fast og avfallsuavhengig del og ein variabel avfallsavhengig del, slik:

Fast (avfallsuavhengig) del:

Denne delen skal utgjera ein fast del av gebyrgrunnlaget og vert fastsett lik for alle abonnentar.

Variabel (avfallsavhengig) del:

Denne delen skal utgjera resten av gebyrgrunnlaget og kan reknast som ein differensiert gebyrdel, avhengig av storleik på behaldar, tenesteomfang, avfallsvolum eller -vekt.

Kommunen fastset til ei kvar tid kva for abonnentgrupper og tenester som skal inngå i differensiert gebyrordning, også forholdet mellom fast og variabel gebyrdel samt på kva måte gebyrdifferensiering skal gjennomførast.

Kommunen fastset også gebyr til dekking av utgifter for tilleggstenester som f.eks. utkjøring av nye eller henting av brukte avfallsbehaldarar, mottak av avfall som vert levert til mottaksplass og gjenvinningsstasjonar, ekstra innsamling frå enkeltabonnentar osv.

Gebyrsatsane vert fastsett av kommunestyret.

§ 13.Innkreving av renovasjonsgebyr, renter m.v.

Avfallsgebyr med renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelovas § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling, tilbakebetaling og innkreving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomskatt til kommunane §§ 26 og 27 tilsvarande.

§ 14.Unntak, dispensasjonar og klager

Rådmannen kan i enkeltsaker, etter skriftleg søknad gjera unntak frå eller gi dispensasjon frå bestemmelsane i forskrifta dersom det er rimelege grunnar til det.

Utrekning av gebyr og andre avgjerder som er foretekne av rådmannen kan, etter forvaltningslova av 10. februar 1967, påklagast.

§ 15.Sanksjonar

Kommunen kan pålegge abonnenten å auke volumet på behaldarane dersom det er nødvendig for å sikre tilstrekkelig sortering av avfallet, eller for å hindre at avfallet ikkje vert teke vare på på ein forsvarleg måte.

Ved manglande eller feil sortering av avfallet etter reglane i denne forskrifta, vil abonnenten få melding frå kommunen. Meldinga skal vera skriftleg.

For å unngå eventuelle hygieniske problem kan kommunen i slike tilfelle, for abonnenten si rekning, sørge for separat innkjøring og sortering av avfall som er feil sortert.

Renovatøren kan nekte å tømme avfallsbehaldarar som er overfylte, for tunge eller på annan måte fylt opp i strid med bestemmelsane i § 7, eller som ikkje til rett tid eller stad er plassert for tømming.

Brot på renovasjonsforskrifta kan straffast med bøter etter forurensingslova § 79, annet ledd.

§ 16.Meldingar om endringer av abonnementet

Abonnenten skal melde frå om endringer som kan bety noko for abonnementet på eigendommen, så som eigarskifte og eventuelle bruksendringar.

II

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2001 og erstattar vedtekter for søppelrenovasjon vedteken av Time kommunestyre 5. september 19721 og forskrift av 29. april 19861 for tømming av slamavskillere, tette tanker m.v. Time kommune, Rogaland.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend