Forskrift for innsamling av risikoavfall, Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-06-20-833
PublisertII 2000 405
Ikrafttredelse01.01.2001
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§34, FOR-1994-05-19-362
Kunngjort
KorttittelForskrift om risikoavfall, Time

Kapitteloversikt:

Fastsett av Time kommunestyre 20. juni 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 31 og § 34, jf. forskrift av 19. mai 1994 nr. 362 om spesialavfall.

I

§ 1.Virkeområde
1.1 For å hindre at risikoavfall dvs. avfall frå medisinsk behandling eller veterinærbehandling og/eller tilhøyrande forskning kan kome på avveg eller vere tilgjengeleg for uvedkomane, har kommunen iverksett organisert innsamling av slikt avfall.
1.2 Ordninga gjeld risikoavfall frå alle legekontor, tannlegekontor, veterinærar, helseinstitusjonar og eventuelle andre (apotek) som har avfall av denne art. Avfallet skal vere pakka i godkjend emballasje (esker eller plastbehaldarar).
1.3 Avfallet vil etter oppmoding bli henta samtidig som ny emballasje blir utlevert. Avfallet blir levert til godkjend destruksjonsanlegg.
§ 2.Definisjonar
2.1 Risikoavfall inngår som eigen kategori i den europeiske avfallskatalogen for spesialavfall med EAK-kode nr 18 00 00. Amalgamavfall kjem også inn i denne kategorien med EAK-kode nr 18 01 06. For amalgamavfall er det ei eiga forskrift nr T-1061.
2.2 Risikoavfall kan delast inn i 2 kategoriar:
1.Stikkande, skjerande avfall

Kanyler, skalpellar, suturnåler, prøveglass og anna skjerande eller stikkande avfall

2.Smitteavfall

Avfall som er direkte forureina med sekret o.l. også bleier, når det er fare for at avfallet kjem frå personar med infeksjonar. Urin og avføring skal tømast i toalett eller bekkenspyler.

Blod, blodprodukt og blodige artiklar, herunder bandasjer o.l.

Patologisk avfall (amputerte kroppsdelar og vevsprøvar): Patologisk avfall er ikkje omfatta av denne forskrifta.

Sjølvdøde dyr/animalsk avfall: For denne type avfall gjeld reglane i forskrift av 5. november 1999 nr. 1148 om transport og behandling av animalsk avfall og anlegg som behandler animalsk avfall.

2.3 Med emballasje er meint eske med tilhøyrande plastsekk eller plastbehaldar. Emballasjen må vera godkjend av kommunen og mottaksstasjonen for risikoavfall.
§ 3.Innsamlar sine rettar og plikter
3.1 Innsamleren skal henta behalderen med risikoavfall seinast 3 dagar etter at hentebestilling er motteken, eller det kan avtalast fast henting.
3.2 Innsamlaren skal ved hentingen levera ut ny(e) behaldar(ar) tilsvarande det talet som blir henta.
3.3 Innsamleren leverer avfallet til godkjent mottaksstasjon.
§ 4.Abonnenten sine plikter
4.1 Risikoavfallet må ikkje blandast med anna avfall. Behaldarane skal disponerast og lagrast i samsvar med Forskrift om spesialavfall § 5.
4.2 Abonnenten skal sørge for at behalderen ikkje er overfylt eller skada, og den skal vere forsvarlig lukka når den vert sett fram for henting.
4.3 Etter at Time kommunestyre har vedteke å setja i verk innsamlingsordning for risikoavfall, har alle verksemder som genererer risikoavfall som er omfatta av denne forskrifta, plikt til å slutta seg til ordninga.
§ 5.Avsluttande bestemmelsar
5.1 Denne forskrifta er ei utfyllande forskrift til renovasjonsforskrift for Time kommune, vedteken av Time kommunestyre 20. juni 2000 nr. 832.
5.2 Abonnenten skal betala eit gebyr til kommunen for henting og destruksjon av risikoavfallet samt kostnader for ny emballasje. Faktura vil bli sendt ut 4 ganger pr. år.
5.3 Klage og straff er regulert i renovasjonsforskrift for Time kommune, 20. juni 2000 nr. 832 §§ 14 og 15.

II

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2001.