Forskrift for innsamling av matavfall frå storkjøkken/storhushaldningar, Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-06-20-834
PublisertII 2000 406
Ikrafttredelse01.01.2001
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort
KorttittelForskrift om storkjøkkenavfall, Time

Kapitteloversikt:

Fastsett av Time kommunestyre 20. juni 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 33 og § 34.

I

§ 1.Virkeområde
1.1 For å fremma gjenbruk, avfallsminimering og redusera miljøbelastninga frå avfallshandteringa i Time kommune, skal det setjas iverk organisert innsamling av matavfall fra storkjøkken/kantiner.
1.2 Ordninga gjeld innsamling og transport av matavfall frå storkjøkken/kantiner med meir enn 50 liter matavfall pr. veke. Anna verksemd som har tilsvarende avfallsprodukt som kan nyttas til for (slakteri, bakeri etc.) og med mengder over 50 liter pr. veke, kan bli pålagt å knytta seg til ordninga dersom avfallet ikkje blir nytta direkte til for.
1.3 Formålet med innsamlinga er primært at matavfallet, etter sterilisering, kan nyttas som dyrefor. Forskrifta skal samtidig sikre en hygienisk forsvarlig oppbevaring, innsamling og transport av denne avfallskategori.
§ 2.Definisjonar
2.1 Med matavfall er meint kasserte restar og levningar frå tillaging og servering/salg av matvareprodukt, også frityrfett.
2.2 Med storkjøkken/kantiner er meint verksemder som lagar mat for andre med tanke på stell eller næringsverksemd, som institusjons-, restaurant- og hotellkjøkken, tog, kantiner, kaserner, catering osv.
2.3 Med behaldar er meint den type 60-liters behaldar som vert levert av innsamlar til formålet. Kvar abonnent kan til ei kvar tid ha så mange behaldarar som nødvendig.
§ 3.Innsamlar sine rettar og plikter
3.1 Behaldarane skal tømas minst ein gong pr. veke. Kommunen kan fastsetja hyppigere tømming. Innsamlar skal ved kvar tømming erstatta fylte behaldarar med tomme og reine behaldarar samt føre oversikt over talet behaldarar som vert tømt.
3.2 Innsamlar/mottakar skal sørga for reingjering av behaldarane etter kvar tømming.
3.3 Innsamlar skal levere matavfallet til godkjent steriliseringsanlegg.
§ 4.Abonnenten sine plikter
4.1 Abonnenten må halda matavfallet skilt frå anna avfall. Behaldarane skal disponerast i samsvar med gjeldande reglar frå helsestyresmakta.
4.2 Abonnenten skal sørga for at behaldarane, på tømedagen, er plassert på rett stad til rett tid.
§ 5.Bruk av behaldar
5.1 Behaldarane må ikkje fyllast slik at hygieniske ulemper kan oppstå. Fyllingsgrense er vist på behalderen.
5.2 Behaldarane må ikkje innehalda fraksjonar som er ueigna eller farleg som dyrefor.
5.3 Det må kun nyttast behaldar som er tildelt av innsamler.
5.4 Levering av matavfall i bulk må avtalast særskilt med innsamlar.
§ 6.Avsluttande bestemmelsar
6.1 Denne forskrift er ei utfyllande forskrift til renovasjonsforskrift for Time kommune, vedteken av Time kommune 20. juni 2000 nr. 832.
6.2 Abonnenten skal betala tømmegebyr til kommunen for henting av matavfall i samsvar med denne forskrifta. Kommunen er plikta å utarbeida eigne reglar for utrekning av storleiken på gebyret basert på gebyrgrunnlaget.

For levering av matavfall i bulk gjeld særskilt gebyr regulert etter heile kubikkmeter (m³ ).

6.3 Klage og straff er regulert i forskrift av 20. juni 2000 nr. 832 om renovasjon, Time kommune, Rogaland §§ 14 og 15.

II

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2001.