Forskrift for innsamling av forbruksavfall, Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund kommuner, Hordaland og Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2000-10-05-1706
PublisertII 2002 hefte 5
Ikrafttredelse05.10.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forAustrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund kommuner, Hordaland og Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort15.08.2002
KorttittelForskrift om forbruksavfall, NGIR

Kapitteloversikt:

Fastsett av Austrheim kommune 28. juni 2000, Fedje kommune 5. oktober 2000, Gulen kommune 22. juni 2000, Lindås kommune 22. juni 2000, Masfjorden kommune 7. september 2000, Meland kommune 14. juni 2000, Modalen kommune 25. mai 2000, Radøy kommune 29. juni 2000 og Solund kommune 19. juni 2000 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningslova) § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83.

Kapittel 1. Heimel og geografisk virkeområde

Denne forskrifta er vedteken i

-Austrheim kommune (28.06.2000),
-Fedje kommune (05.10.2000),
-Gulen kommune (22.06.2000),
-Lindås kommune (22.06.2000),
-Meland kommune (14.06.2000),
-Modalen kommune (25.05.2000),
-Radøy kommune (29.06.2000),
-Solund kommune (19.06.2000),

med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, med endringar ved lov av 21. juni 1996 nr. 36, (Forurensningslova) § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83, og gjeld i kommunane frå vedtaksdato (i parantes) etter lovleg kunngjering.

Kapittel 2. Generelle avgjerder

§ 1.Føremål

Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling, transport og slutthandsaming av forbruksavfall i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. Forskrifta gjeld også avfallsgebyr.

Kommunane kan gje nærare retningsliner for gjennomføring av vilkåra i forskrifta.

§ 2.Definisjonar

Abonnementeining

Ei slik eining kan definerast på ein av dei følgjande måtane:

a)Eit hus eller husvære som er definert som bustad i GAB-registeret.
b)Privat eller offentleg verksemd som utøver aktivitet på ei fysisk adresse.
c)Ei hytte med bruksareal på meir enn 15 m 2 , der bruksareal er definert som i «Norsk Standard 3940, Areal- og volumberegning av bygninger».
d)Ei permanent oppsett campingvogn, eller tilsvarande innretning, utanfor campingplass. Med permanent vert her meint oppstilling i meir enn 3 månader.

Med heimel i forureiningslova kan og andre bueiningar som skapar hushaldsavfall, som husbåt, brakke, telt, bubil og liknande, ved nokre høve definerast som ei abonnementseining. 

abonnent er eigar eller festar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. 

avfall til materialgjenvinning er ulike og nærare spesifiserte deler av forbruksavfallet som vert henta i ein eigen separat behaldar eller levert til returpunkt eller gjenbrukstasjon. 

behaldar er ei oppsamlingseining for avfall som kommunen/NGIR stiller til rådvelde for abonnentane. 

behaldarvolum er nyttbart volum i liter eller kubikkmeter i oppsamlingsbehaldarane. 

brukar er den som disponerer behaldar eller brukar fellesbehaldar på vegne av abonnent. 

bustad er eitt eller fleire rom som er bygde eller ombygde til heilårs privatbustad for ein eller fleire personar. Det må vere tilgjenge til rommet/romma utan at ein må gå gjennom ein annan bustad. Dersom definisjonen av bustad i GAB-registeret vert endra, skal også definisjonen i denne forskrifta vera i samsvar med dette. 

fellesbehaldar er oppsamlingseining som vert stilt til rådvelde for meir enn ein abonnent. 

forbruksavfall er vanleg avfall som oppstår i hushald, mindre butikkar og kontor, og større gjenstandar som kassert inventar o.l. Det same gjeld avfall av tilsvarande art eller mengde frå anna verksemd som kafear, hotell, skip, hamn osv. 

fraksjon er ein einsarta del av avfallet som til dømes glas, papir, papp, våtorganisk avfall mv. 

GAB-register er eit grunneigedom-, adresse- og bygningsregister oppretta og oppdatert i samsvar med eiga forskrift frå Miljøverndepartementet. 

gebyr er den summen som abonnenten må betale for renovasjonen. 

gjenbrukstasjon er ein stad som er tilrettelagt for mottak av visse deler av forbruksavfallet som på grunn av storleik, type eller mengde ikkje kan leverast i dei oppsamlingseiningane som er plasserte hos abonnentane (møblar, store delar metallavfall, hageavfall, pappemballasje, kvitevarer, trevirke mv.). 

hentestad er den staden der abonnenten plasserer behaldar eller anna oppsamlingseining for tøming eller henting. 

heimekompostering er ei ordning der abonnenten inngår ein skriftleg avtale med kommunen om at han sjølv vil gjenvinne ein nærare spesifisert del av forbruksavfallet. Avtalen skal regulere type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale. 

hytte er bygg som ikkje vert nytta som heilårsbustad, men som periodevis vert nytta eller kan nyttast til fritidsbruk. Stølshus og campinghytter/utleigehytter kan også definerast som hytter (jf. abonnementeining). 

innsamling er det arbeidet renovatøren utfører med å hente avfallet på hentestaden og tøme det i innsamlingsbilen. 

kjeldesortere er å halde avfallet sine ulike fraksjonar separert frå einannan etter kvart som dei oppstår (ved kjelda). Dei kjeldesorterte fraksjonane skal behandlast vidare hos abonnenten ved heimekompostering, plasserast i eigne oppsamlingseiningar for henting, eller leverast til returpunkt eller gjenbrukstasjonar. 

køyreveg er ein veg der renovasjonsbilane kan køyre sine henteruter lovleg på ein forsvarleg måte. 

NGIR er Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap, der kommunen er medlem. 

oppstillingsplass er den plassen der abonnenten har sin behaldar eller anna oppsamlingseining for dagleg bruk. 

oppsamling er det arbeidet abonnenten utfører med å plassere avfallet i dei oppsamlingseiningane som skal nyttast for dei einskilde fraksjonane. 

produksjonsavfall er avfall frå næringsverksemd og tenesteyting som i art eller mengde skil seg vesentleg frå forbruksavfall. 

renovatør er personell i NGIR, eller i firma som samlar inn og transporterer forbruksavfall etter oppdrag frå NGIR. 

returpunkt er eit ubemanna lokalt mottak (ved forretningssenter, bensinstasjonar e.l.) der publikum kan levere ein eller fleire fraksjonar av avfall til materialgjenvinning. 

restavfall er den delen av avfallet som er att etter at avfall til materialgjenvinning, spesialavfall og risikoavfall er sortert ut. 

risikoavfall er smittefarleg, skjerande eller stikkande avfall frå lækjarkontor o.l. som skal haldast fråskilt frå anna avfall. 

spesialavfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Døme på spesialavfall er spillolje, malingsrestar og løysemiddel. Spesialavfall er definert og handsama under eiga forskrift. 

vår-/haustrydding er innsamlingsruter for store avfallsgjenstandar frå hushald/hytter i område med lang veg til gjenbrukstasjon.

§ 3.Tvungen renovasjon

I kommunane som er med i NGIR er det tvungen kommunal renovasjon.

Alle eigedomar der det er oppført bygning som kan definerast som abonnementeining etter § 2 vert omfatta av denne forskrifta. Utleigehytter i permanent utleige, det vil seie der bruken tilsvarar hus/husvære, vert rekna som abonnementeining i kategori a.

Kommunen kan etter grunngjeven skriftleg søknad, og etter at ev. kommunehelseansvarleg og NGIR ha uttalt seg, gje dispensasjon for særskilde eigedomar når krava etter forurensingslova § 7 og § 28 er oppfylt.

Kommunen avgjer kva som skal reknast som forbruksavfall, og kommunane syter for innsamling av forbruksavfall gjennom NGIR.

Utan skriftleg løyve frå kommunane kan ingen samle inn forbruksavfall i NGIR-kommunane.

Abonnenten har sjølv ansvar for å levere produksjonsavfall til godkjent mottak. Dersom samfunnsmessige tilhøve talar for dette (t.d. ved lang transportavstand) og det er ledig kapasitet på renovasjonsruta, kan NGIR, etter nærare avtale med kunden, samle inn produksjonsavfall saman med forbruksavfallet.

Kapittel 3. Innsamling

§ 4.Kommunen sine plikter

Gjennom NGIR stiller kommunen det tal behaldarar og det behaldarvolum til rådvelde for abonnenten som gjeldande renovasjonsordning medfører.

Forbruksavfallet skal hentast med fastsette intervall som vert bestemt av NGIR.

Intervalla kan fråvikast i situasjonar med streik, samt ved rørlege helgedagar, og ved andre spesielle høve som NGIR ikkje har herredøme over.

Renovatøren er pliktig til å ta med avfall som er lagt i behaldar, såframt avfallet tilfredsstiller krava i § 8 og kravet om kjeldesortering i § 5.

Innsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt o.l.

Etter tøming skal renovatøren setje behaldaren tilbake til hentestaden med lukka lok og han skal fjerne eventuelt søl frå tøminga. Renovatøren skal nytte eventuell etablert sikring for å hindre behaldarar i å kome på avvegar i vind mv.

Der praktiske høve talar for det, kan kommunen påleggje fleire abonnentar eller abonnementeiningar å bruke fellesbehaldar(ar). Kommunen avgjer plassering av fellesbehaldarar.

Vedlikehald og reparasjon av fellesbehaldarar er NGIR sitt ansvar.

Kommunen/NGIR skal halde abonnentane orientert om alle endringar i abonnementstilhøve.

§ 5.Abonnenten sine plikter

Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til kommunen/NGIR.

Eventuelle endringar i abonnementstilhøva skal meddelast kommunen/NGIR straks.

Personar eller verksemder som kjem inn under definisjonen av abonnent og/eller abonnementeining etter denne forskrifta, pliktar å straks melde frå til kommunen/NGIR dersom personen eller verksemda ikkje står i gebyrregisteret for avfall.

Abonnenten er ansvarleg for at plasseringa og bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta.

Abonnenten plikter å følgje dei vedtak om kjeldesortering som kommunen har fatta. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør ved bruk av klistrelapp e.l. varsla om mangelen og ikkje ta avfallet med på vanleg rute.

Fellesbehaldar som er meint for sjølveigande hytter skal ikkje nyttast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller private anlegg for turisme. Brot på dette vert definert som om den aktuelle abonnenten har for lite behaldarvolum (jf. § 15).

Avfall levert til kommunal innsamlingsordning, eller kommunalt mottak, kan bli manuelt sortert/kontrollert av kommunen/NGIR. Abonnenten er ansvarleg for at avfall som han vil halde konfidensielt vert makulert.

§ 6.Brukaren sine plikter

Dersom brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er brukaren sine plikter dei same som abonnenten sine plikter, med unnatak av det økonomiske forholdet til kommunen/NGIR.

§ 7.Plassering av behaldarar

På oppstillingsplassen hos abonnenten skal behaldaren plasserast slik at han ikkje er til ulempe for nabo med omsyn til søl, er verna mot vind og vèr og åtak frå skadedyr/rotter/fugl mv. Plassert innomhus skal rommet behaldaren står i vere lufta og elles tilfredsstille dei krav som byggeforskriftene set til slike rom.

Hentestaden skal vere ved køyreveg. Kommunen har rett til å fastsetje hentestad, og stille krav til vegstandard, vedlikehald, tilkomst og utforming.

På hentestaden skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit flatt og fast underlag i bakkenivå. Det skal setjast av tilstrekkeleg areal til plassering og handtering av behaldarar. Tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere tøminga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar, brøytekantar osv. Om nødvendig skal brukaren syte for sikringsordningar som skal hindre at behaldaren vert flytta eller velta av vind e.l. Sikringsordninga skal likevel ikkje vere til hinder for renovatøren sitt arbeid.

Kommunen kan krevje at fleire abonnentar nyttar felles hentestad. Ansvaret for brøyting, reinhald osv. av ein slik hentestad kviler på abonnentane/fellesskapet som nyttar hentestaden.

Bruk av privat veg eller privat fellesveg som køyreveg for renovasjon skal godkjennast av kommunen, og bruken skal regulerast ved skriftleg avtale mellom kommunen og vegeigarane/dei som har vegrett.

§ 8.Bruk av behaldarar

Det skal berre nyttast behaldarar som vert skaffa og utplassert av kommunen/NGIR. Det kan gjerast unnatak frå dette kravet for verksemder.

Behaldarane som tilhøyrer NGIR, er registrerte på den enkelte eigedom og skal ikkje flyttast ved skifte av eigar.

Ved kjeldesortering av avfall til materialgjenvinning kan kommunen//NGIR dele ut fleire behaldarar til same abonnent eller abonnementeining (jf. § 11).

Brukaren plikter å setje rett behaldar fram til hentestad innan kl. 07.00 tømedagen for å ha krav på innsamling.

Brukaren er ansvarleg for at behaldaren ikkje valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.

Brukaren skal bringe behaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som den er tømt.

Brukaren er ansvarleg for at behaldaren vert handsama med varsemd og halden rein i samsvar med krav frå helseansvarlege myndigheiter.

For å redusere hygieniske ulemper må behaldaren ikkje fyllast meir enn at loket kan lukkast tett til. Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømast. Vekta av avfallet bør ikkje overstige 30 kg per 140 l behaldarvolum. På vinterstid er brukaren ansvarleg for at avfallet ikkje er frose fast og dermed ikkje let seg tøme.

Brukaren skal syte for naudsynt reinhald av hentestad og oppstillingsplass, jf. likevel § 4 om renovatøren sitt ansvar for å fjerne søl ved hentestad.

NGIR reparerer og skifter ut behaldarar etter behov.

Bortkomne eller øydelagde behaldarar, utover normal slitasje, skal erstattast økonomisk av abonnent.

Fuktig avfall, skarpe eller knuselege gjenstandar mv. skal vere forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren. Varm oske må avkjølast heilt før den vert emballert og lagt i behaldaren. Emballeringa av oske, avfall frå støvsugar o.l. må vere eigna til å redusere støvplage under innhenting.

Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. I behaldaren må det vidare ikkje leggjast større metallgjenstandar, stein, jord, sand eller grus, større mengder hageavfall, eller bygningsavfall.

I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall.

Spesialavfall eller risikoavfall skal heller ikkje leggjast i behaldaren.

Brukaren kan gjerast økonomisk ansvarleg for skadar på behaldar, renovasjonsbil eller på tømeplass for renovasjonsbilen som følgje av aktlaus bruk av behaldaren.

§ 9.Spesielle oppsamlingsordningar

Det vert arbeidd med å fremje utvikling av meir effektive oppsamlingsordningar for spesielle tilhøve. I slike høve kan anna enn standard behaldarar og system tillatast/påleggjast. Slike ordningar skal berre innførast i samarbeid med og med samtykke av kommunen.

§ 10.Ordningar for visse typar avfall

Spesialavfall skal leverast til godkjende mottaksstasjonar for spesialavfall, eller til andre mottaksordningar som NGIR gjev informasjon om.

Risikoavfall skal leverast til eigne mottaks- eller innsamlingsordningar som NGIR gjev informasjon om.

Forbruksavfall frå hushald/hytter som grunna form og storleik ikkje kan plasserast i vanleg behaldar, kan leverast på gjenbrukstasjonane, eller til vår-/haustrydding.

Kommunen kan utforme eigne forskrifter om matavfall frå storkjøkken, risikoavfall og spesialavfall frå hushald og småverksemder.

§ 11.avfall til materialgjenvinning

Kommunen kan gjere vedtak om at abonnentane pliktar å kjeldesortere avfall til materialgjenvinning, og levere det til organiserte innsamlingsordningar. Dette gjeld t.d. returpapir og glas, og andre fraksjonar som NGIR informerer om.

Avfall til materialgjenvinning skal enten gjenvinnast ved heimekompostering eller plasserast i behaldar for henting hos abonnent, eller leverast til returpunkt, eller gjenbrukstasjon. Ved levering i behaldar gjeld vilkåra i § 7 og § 8.

Omfang, henterutinar, leveringsmåte mv. vert fastsett av NGIR, og kunngjort gjennom nærare informasjon.

Kapittel 4. Avfallsgebyr

§ 12.Kven skal betale gebyr

Abonnenten skal betale gebyr for kvar abonnementeining. Ved registrering av ny abonnent, eller ved endring av eksisterande abonnement, vert nytt gebyr rekna frå næraste halvår etter at endringa er meldt og godkjent av kommunen.

Gebyr kan og krevjast ved levering av avfall på omlastingsplass, gjenbrukstasjon eller handsamingsanlegg.

I samsvar med Forureiningslova § 34 fastset kommunen avfallsgebyra etter tilråding frå representantskapet i NGIR. Gebyra skal dekke dei faktiske kostnadene ved renovasjonen.

Kommunen vedtek gebyrpraksis. For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning kan kommunen innføre differensierte gebyrsatsar. Differensiering kan skje på grunnlag av avfallsmengder, avfallstypar, materialgjenvinning mv.

Forbruksavfall frå verksemder er omfatta av kommunal renovasjonsordning. Verksemder skal inngå leveringsavtale direkte med NGIR for forbruksavfall. Prisar vert fastsett av NGIR basert på avfallstype og mengde. Dersom ei verksemd ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg renovasjonsordning, kan kommunen påleggje dette. Kommunen avgjer kva som er forbruksavfall.

§ 13.Innkrevjing og renter

Avfallsgebyr med tillegg for løpande renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov om kommunale vass- og kloakkavgifter av 31. mai 1974 nr. 17, § 4 tilsvarande.

Kapittel 5. Klager, sanksjonar mv.

§ 14.Klage

Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85. Klagen vert handsama etter regelverket i forvaltningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova.

Klagen vert send til det forvaltingsorganet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den oversendt til den offentlege instansen som skal gjere endeleg vedtak.

§ 15.Sanksjonar

Dersom det viser seg at ein abonnent har for lite behaldarvolum, slik at det er fare for at avfallet vert disponert i strid med forskrifta, kan kommunen påleggje abonnenten det behaldarvolumet som ein finn føremålstenleg. Byte av behaldar vil skje seinast ein månad etter at skriftleg varsel er sendt frå kommunen.

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige abonnementeiningar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan kommunen ileggje ekstragebyr frå den datoen som abonnementeininga(ne) vart gebyrpliktig(e). Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, kan abonnenten verte ilagt gebyr frå to år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

Kommunen, gjennom NGIR, kan for abonnenten si rekning påleggje ekstra henting av avfall som ikkje er sortert i samsvar med gjeldande ordningar for avfall til materialgjenvinning, eller henting av avfall som på annan måte er plassert i strid med denne forskrifta. Abonnenten er t.d. ansvarleg for opprydding av avfall som er plassert utanfor behaldar eller fellesbehaldar. Kommunen, gjennom NGIR, kan nytte innhaldet i avfallet til å identifisere kven som er ansvarleg for feilsortering, feilplassering o.l.

Pålegg om opprydding mv. og betaling vert handsama i samsvar med § 37 i forurensingslova.

Utover dette kan brot på forskrifta bli straffa med bøter etter forureiningslova § 79, 2. ledd.

§ 16.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon frå forskrifta når krava i forureiningslova § 7 og § 28 er oppfylt.

Abonnent pliktar å informere kommunen dersom grunnlaget for tildelt dispensasjon vert endra. Det kan stillast vilkår for dispensasjonen. Vilkåret må i tilfelle ligge innafor føremålet med denne forskrifta.

§ 17.tilhøve til helseforskrifter

Dei lokale helsestyresmaktene har ansvar for å sjå til at handtering av avfall skjer i samsvar med helseforskrifta om oppbevaring av avfall, og kan på sjølvstendig grunnlag fastsetje vilkår som sikrar hygienisk oppbevaring og disponering av avfallet.

All handtering av avfall etter denne forskrifta skal skje i samsvar med sentrale og lokale helsestyresmakter sine retningsliner og vilkår.