Forskrift om vedtekter for Masfjorden kraftfond, Masfjorden kommune, Hordaland.

DatoFOR-2001-06-13-1700
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse13.06.2001
Sist endret
Endrer
Gjelder forMasfjorden kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1992-09-25-107
Kunngjort16.01.2003
KorttittelForskrift om vedtekter for Masfjorden kraftfond

Kapitteloversikt:

Fastsett av Masfjorden kommunestyre 13. juni 2001 med heimel i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven).

I

§ 1.Kraftfond - Heimel, kapital og avkastning
a.Fondskapitalen er: Kraftfond på 1. million kroner, innbetalt av Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK) i medhald av punkt 12 i konsesjonsvilkåra for regulering og overføring i Matrevassdraget, oppretta ved kongeleg resolusjon av 11. desember 1964 og i medhald til punkt 2 i konsesjonsvilkåra for ytterlegare reguleringar og overføringar i Matre og Haugsdalsvassdraga i samband med bygging av Haugsdal kraftanlegg (Vemundsbotten kraftstasjon), gjeve med kongeleg resolusjon av 8. februar 1980.
b.Avkastning:
-Årleg konsesjonsavgift som vert innbetalt av Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK) i medhald av konsesjonsvilkåra for Matre- og Haugsdalsvassdraga.
-Renter og annan avkastning av fondskapitalen

Avkastninga kan nyttast til tilskot og/eller lån.

§ 2.Føremål

Kraftfondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak som tryggjer og aukar busetnaden i Masfjorden kommune.

Prosjekt som har til føremål å betra vilkåra for sysselsetjing av ungdom og kvinner bør prioriterast.

Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.

Verksemder som mottar vesentleg overføringar frå statsbudsjettet bør ikkje prioriterast.

Fondets midlar kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar.

§ 3.Former for stønad

Stønad gjennom kraftfondet kan gjevast i form av tilskot eller lån.

Vidare er det høve til å stilla garantiar for kommunale tiltak i den grad desse er gyldige garantiføremål etter kommunelova § 51 og føresegnene for kommunale garantiar.

Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private bedrifter. Dersom kommunen teiknar aksjar, kan ikkje dette utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen i bedrifta. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg o.l. som kommunen etablerer i samarbeid med private interesser.

§ 4.Forholdet til internasjonale plikter på statsstøtteområdet

Bruken av kraftfondet skal vera i samsvar med det internasjonale reglane Noreg har slutta seg til på statsstøtte område (dvs. EØS-avtalen sitt regelverk for offentleg støtte) jf. rettleiar frå Nærings- og handelsdepartementet av 5. januar 2001.

§ 5.Vilkår for stønad

Samla finansiering frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 25% av den samla kapitaltrongen for eit prosjekt.

Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75% finansiering.

Stønaden (tilskot og eventuelle subsidiar i samband med lån med redusert rente) skal vere avgrensa til:

Maksimal stønad må liggje innanfor ei samla grense på 100.000 ECU (omrekna i høve til referansekurs fastset av ESA - EFTA overvakingsorgan kvart år) til ei og samme bedrift i ein tre års periode.

Bedrift som mottar stønad plikter å opplyse om bagatellmessig stønad bedrifta har motteke dei siste tre åra.

-Bagatellmessig stønad kan gjevast alle bedrifter uavhengig av storleik
-Det kan gjevast bagatellmessig stønad til alle typar kostnader og næringar, unnateke stønad til primær stålproduksjon, skipsbygging, transport og eksport.

Dersom fondsstyre i kommunen ynskjer eit kraftfond utan avgrensingane som reglane om bagatellmessig stønad gjev, må kommunen sjølv ordne med at tiltaket vert meldt til Nærings- og handelsdepartementet, via Kommunal- og regionaldepartementet i samsvar med lov om offentleg stønad § 2.

§ 6.Forvaltning

Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret er for tida identisk med formannskapet. Styret kan delegera avgjerdsrett til administrasjonen etter nærare gitte fullmaktsgrenser. Slik mynde kan ikkje gå ut over dei avgrensingar som følgjer av kommunelova sine reglar og dei kommunale budsjett- og rekneskapsføresegner.

Fondsmidlane skal plasserast på rentebærande konto, slik at midlane til ei kvar tid er til rådvelde.

Rente og avdrag utlån skal attende til kraftfondet. I særlege høve kan Kommunestyret gjera unntak for heile eller deler av renta. Annan plassering av fondsmidlane kan berre godtakast dersom dette ikkje er til hinder for at midlane kan disponerast til ei kvar tid.

Når det gjeld høve til å klage på avgjerder syner ein til § 59 i kommunelova (lovlighetskontroll) og forvaltningslova § 28 andre ledd (klage på enkeltvedtak). Klagefrist er 3 - tre - veker etter at vedtaket er gjort.

§ 7.Årsmelding

Det skal leggjast fram ei melding om kraftfondet si verksemd for kommunestyre kvart år. Gjenpart av denne årsmeldinga skal sendast Fylkesmannen og fylkeskommunen.

§ 8.Godkjenning av vedtektene

Kommunestyre skal gjera vedtak om endring av vedtektene.

Vedtak om endring av vedtektene for kraftfondet skal godkjennast av Fylkesmannen i Hordaland.

Kopi av godkjende vedtekter vert å sende Fylkeskommunen/SND.

II

Forskriften trer i kraft 13. juni 2001.