Forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming, Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2001-10-31-1260
PublisertII 2001 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort15.11.2001
KorttittelForskrift om forbruksavfall, SIMAS, Sogn

Kapitteloversikt:

Fastsett av Aurland kommunestyre 25. oktober 2001, Balestrand kommunestyre 23. oktober 2001, Høyanger kommunestyre 4. september 2001, Leikanger kommunestyre 21. juni 2001, Luster kommunestyre 18. oktober 2001, Lærdal kommunestyre 20. september 2001, Sogndal kommunestyre 31. oktober 2001 og Vik kommunestyre 18. oktober 2001 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83.

Kapittel 1: Heimel og geografisk virkeområde 

Denne forskrifta er vedteken i kommunane: Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik, med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, med endringar ved lov av 21. juni 1996 nr. 36, (Ureiningslova), § 26, § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83. Forskrifta gjeld innanfor dei områda som er synt på vedlagde1 kartutsnitt for den einskilde kommunen.

Med atterhald om lovleg kunngjering, er forskrifta gjeldande frå 1. januar 2002.

1Kart utelate.

Kapittel 2: Generelle avgjersle

§ 1.Føremål

Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling, transport og slutthandsaming av forbruksavfall og slam i kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik, innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter, samt å fylgje opp måla som er nedfelt i SIMAS sin avfallsplan. Forskrifta gjeld også avfallsgebyr og slamgebyr.

Årdal kommune har i dag eigne ordningar og forskrifter for avfalls- og slamhandsaminga, men har høve å slutte seg til denne forskrifta seinare. Årdal kommune vil i størst mogleg grad tilpasse sine forskrifter til denne forskrifta.

§ 2.Definisjonar

Abonnementeining

Ei slik eining kan definerast på ein av dei følgjande måtane:

a:Eit hus eller husvære som er definert som bustad i GAB-registeret eller der kjøkken tilhøyrer bueininga, enten åleine eller delt mellom fleire bueiningar.
b:Ein hybel med eige kjøkken eller inntil 2 hyblar som deler eit felles kjøkken.
c:Privat eller offentleg verksemd som utøver aktivitet på ei fysisk adresse.
d:Eit fritidshus eller fritidshusvære med bruksareal på meir enn 15 m² , der bruksareal er definert som i «Norsk Standard 3940, Areal- og volumberekning av bygningar».
e:Ei permanent oppsett campingvogn. Med permanent vert her meint oppstilling i 3 månader eller meir.

Med heimel i ureiningslova kan og andre bueiningar som skapar hushaldsavfall, som husbåt, brakke, telt, bubil og liknande, definerast som ei abonnementeining.

Abonnent er eigar eller festar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga og eller den kommunale slamordninga.

Avfall til materialgjenvinning er ulike og nærmare spesifiserte deler av forbruksavfallet som vert henta i ein eigen separat behaldar eller levert til ein samlingsstad, returpunkt eller miljø- og avfallsstasjon.

Behaldar er ei oppsamlingseining for avfall som kommunen/SIMAS stiller til rådvelde for abonnentane.

Behaldarvolum er nyttbart volum i liter eller kubikkmeter i oppsamlingsbehaldarane.

Brukar er den som disponerer behaldar eller brukar fellesbehaldar på vegne av abonnent.

Fellesbehaldar er oppsamlingseining som vert stilt til rådvelde for meir enn ein abonnent.

Forbruksavfall er vanleg avfall («bos») som oppstår i hushald, mindre butikkar og kontor, og større gjenstandar som kassert inventar o.l. Det same gjeld avfall av tilsvarande art eller mengde frå anna verksemd som kafear, hotell, skip, hamn osv.

Fraksjon er ein einsarta del av avfallet som til dømes glas, papir, papp, våtorganisk avfall mv.

GAB-register er eit grunneigedom-, adresse- og bygningsregister oppretta og oppdatert i samsvar med eiga forskrift frå Miljøverndepartementet.

Gebyr er den summen som abonnenten må betale for renovasjonen. Storleiken på gebyret vert fastsett av kommunestyret.

Miljø- og avfallsstasjon (tidlegare kalla miljøstasjon) er ein stad som er tilrettelagt for mottak av visse deler av forbruksavfallet som på grunn av storleik, type eller mengde ikkje kan leverast i dei oppsamlingseiningane som er plasserte hos abonnentane (møblar, store deler metallavfall, hageavfall, pappemballasje, kvitevarer, trevirke mv.).

Hentestad er den staden der abonnenten plasserer behaldar eller anna oppsamlingseining for tøming eller henting.

Heimekompostering er ei ordning der abonnenten inngår ein skriftleg avtale med SIMAS om at ho/han sjølv vil gjenvinne ein nærare spesifisert del av forbruksavfallet. Avtalen skal regulere type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale.

Samkompostering er ei ordning der abonnenten vert anvist til ein bestemt stad for levering av ein nærmare spesifisert del av forbruksavfallet.

Fritidshus/fritidshusvære er bygg/husvære som ikkje vert nytta som heilårsbustad, men som periodevis vert nytta eller kan nyttast til fritidsbruk. Stølshus og campinghytter/utleigehytter kan også definerast som fritidshus (jf. abonnementeining).

Innsamling er det arbeidet renovatøren utfører med å hente avfallet på hentestaden og tøme det i innsamlingsbilen.

SIMAS tyder Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap IKS og er det avfallsselskapet dei nemnde kommunane eig.

Kjeldesortere er å halde avfallet sine ulike fraksjonar separert frå einannan etter kvart som dei oppstår (ved kjelda). Dei kjeldesorterte fraksjonane skal behandlast vidare hos abonnenten ved heimekompostering, plasserast i eigne oppsamlingseiningar for henting, eller leverast til samkomposteringsbingar, returpunkt eller miljø- og avfallsstasjonar.

Køyreveg er ein veg som tilfredsstiller krava i denne forskrifta § 8/SIMAS-kommunane sine retningslinjer.

Oppstillingsplass er den plassen der abonnenten har sin behaldar eller anna innsamlingseining for dagleg bruk.

Oppsamling er det arbeidet abonnenten utfører med å plassere avfallet i dei oppsamlingseiningane som skal nyttast for dei einskilde fraksjonane.

Problemavfall er smittefarleg, skjerande eller stikkande avfall frå lækjarkontor o.l. som skal haldast fråskilt frå anna avfall.

Produksjonsavfall er avfall frå næringsverksemd og tenesteyting som i art eller mengde skil seg vesentleg frå forbruksavfall.

Renovatør er personell i SIMAS eller firma som samlar inn og transporterer forbruksavfall eller slam etter oppdrag frå SIMAS.

Returpunkt er eit ubemanna lokalt mottak (ved forretningssenter, bensinstasjonar e.l.) der publikum kan levere ein eller fleire fraksjonar av avfall til materialgjenvinning.

Restavfall er den delen av avfallet som er att etter at avfall til materialgjenvinning, energigjenvinning, spesialavfall og problemavfall er sortert ut.

Spesialavfall er avfall som det ikkje er høveleg å handsame saman med forbruksavfall på grunn av storleiken, eller fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Døme på spesialavfall er spillolje, malingsrestar og løysemiddel. Spesialavfall er definèrt og handsama under eiga forskrift.

Tvungen slamtøming er ei ordning for tøming av slamavskiljarar og tette tankar og gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank.

§ 3.Tvungen renovasjon og slamtøming

I kommunane som er med i SIMAS er det tvungen kommunal renovasjon innanfor det området som forskrifta gjeld for, jamfør kapittel 1 i forskrifta og vedlagde kartutsnitt for den einskilde kommunen.

Alle eigedomar innanfor dei vedtekne områda i kapittel 1, der det er oppført bygning som kan definerast som abonnementeining etter § 2, vert omfatta av denne forskrifta. Utleigehytter i permanent utleige, det vil seie der bruken tilsvarar hus/husvære eller hybel, vert rekna som abonnementeining i kategori a eller kategori b.

Kommunen kan etter grunngjeven skriftleg søknad, og etter at ev. kommunehelseansvarleg og SIMAS har uttalt seg, gje dispensasjon for særskilde eigedomar når krava etter forurensingslova § 7 og § 28 er oppfylt.

Kommunen kan innføre samkompostering av våtorganisk avfall på stadar der kommunen ut frå ei heilheitsvurdering, finn at dette miljømessig og økonomisk sett er det beste. Abonnentane som dette vil gjelde for vil få nærmare informasjon frå SIMAS om kva type av våtorganisk avfall som skal leverast, kvar det skal leverast og når. Avstand frå husvære til abonnent og fram til leveringsstad for samkompostering, skal ikkje vere over 2 kilometer.

Kommunen kan innføre ordning om levering av forbruksavfall i fellesbehaldarar med sortering i opptil tre fraksjonar (våtorganisk avfall, restavfall og papp/papir) på stadar der kommunen ut frå ei heilheitsvurdering, finn at dette miljømessig og økonomisk sett er det beste. Abonnentane som dette vil gjelde for vil få nærmare informasjon frå SIMAS om kva type forbruksavfall som skal leverast, kvar det skal leverast og når.

Kommunen avgjer kva som skal reknast som forbruksavfall og kommunane syter for innsamling av forbruksavfall gjennom SIMAS.

Utan skriftleg løyve frå kommunane kan ingen samle inn forbruksavfall i SIMAS-kommunane.

Abonnenten har sjølv ansvar for å levere produksjonsavfall til godkjent mottak. Dersom samfunnsmessige tilhøve talar for dette (t.d. ved lang transportavstand) og det er ledig kapasitet på renovasjonsruta, kan kommunen etter nærare avtale samle inn produksjonsavfall saman med forbruksavfallet.

Tvungen slamtøming gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank. Kommunen kan gjere unntak for tømeordninga der eigaren etter søknad og avtale syter for forsvarleg tøming og der slamavskiljar/tank er utanfor rekkevidde av det slamtømeutstyret som vert nytta.

Kapittel 3: Innsamling mv. av forbruksavfall

§ 4.Kommunen og SIMAS sine plikter

Gjennom SIMAS stiller kommunen naudsynt tal behaldarar og høveleg behaldarvolum til rådvelde for abonnenten.

Forbruksavfallet skal hentast med fastsette intervall som vert bestemt av SIMAS.

Intervalla kan fråvikast i situasjonar med streik, samt ved rørlege helgedagar, og ved andre spesielle høve som SIMAS ikkje har herredøme over.

Renovatøren er pliktig til å ta med avfall som er lagt i behaldar, såframt avfallet tilfredsstiller krava i § 9 og kravet om kjeldesortering i § 5.

Innsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt o.l.

Etter tøming skal renovatøren setje behaldaren tilbake til hentestaden med lukka lok og han skal fjerne ev. søl frå tøminga.

Renovatøren skal nytte eventuell etablert sikring for å hindre behaldarar å kome på avvegar i vind mv.

For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, burettslag og liknande tett busetnad, samt for mindre grender og for utleigehytter, campingplassar mv., kan kommunen påleggje fleire abonnentar eller abonnementeiningar, å bruke fellesbehaldar.

Fellesbehaldarar som er knytt til særskilde brukarar som nemnt over, er desse brukarane sitt ansvar.

Kommunen skal halde abonnentane orienterte om alle endringar i abonnementsforhold.

§ 5.Abonnenten sine plikter

Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til kommunen/SIMAS.

Eventuelle endringar i abonnementstilhøva skal meldast kommunen/SIMAS straks. Personar eller verksemder som kjem inn under definisjonen av abonnent og/eller abonnementeining etter denne forskrifta, pliktar å straks melde frå til kommunen/SIMAS dersom personen eller verksemda ikkje står i gebyrregisteret for avfall.

Abonnenten er ansvarleg for at plasseringa og bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta.

Abonnenten plikter å følgje dei vedtak om kjeldesortering som kommunen har fatta. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør ved bruk av klistrelapp e.l. varsla om mangelen og ikkje ta avfallet med på vanleg rute.

Fellesbehaldar som er meint for sjølveigande hytter skal ikkje nyttast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller private anlegg for turisme. Brot på dette vert definert som om den aktuelle abonnenten har for lite behaldarvolum (jf. § 19).

Avfall levert til kommunal innsamlingsordning, eller kommunalt mottak, kan bli manuelt sortert/kontrollert av SIMAS. Abonnenten er ansvarleg for at avfall som han vil halde konfidensielt vert makulert.

§ 6.Brukaren sine plikter

Dersom brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er brukaren sine plikter dei same som abonnenten sine plikter, med unnatak av det økonomiske forholdet til kommunen.

§ 7.Plassering av behaldarar

På oppstillingsplassen hos abonnenten skal behaldaren plasserast slik at han ikkje er til ulempe for nabo med omsyn til søl, og slik at han er verna mot vind og vèr og åtak frå skadedyr/rotter/fugl mv.

Hentestaden skal vere ved køyreveg. SIMAS har rett til å fastsetje hentestad. SIMAS har rett til å stille krav til vegstandard, vedlikehald, tilkomst og utforming av private vegar. På hentestaden skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit flatt og fast underlag i bakkenivå. Det skal setjast av tilstrekkeleg areal til plassering og handtering av behaldarar. Tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere tøminga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar, brøytekantar osb. Om nødvendig skal brukaren syte for sikringsordningar som skal hindre at behaldaren vert flytta eller velta av vind el.l. Sikringsordninga skal likevel ikkje vere til hinder for renovatøren sitt arbeid.

SIMAS kan krevje at fleire abonnentar nyttar felles hentestad. Ansvaret for brøyting, reinhald osv. av ein slik hentestad kviler på abonnentane/fellesskapet som nyttar hentestaden.

Bruk av privat veg eller privat fellesveg som køyreveg for renovasjon skal godkjennast av SIMAS og bruken skal regulerast ved skriftleg avtale mellom SIMAS og vegeigarane/dei som har vegrett. § 8 «Krav til køyreveg», eller «Retningslinjer for køyreveg for renovasjonsruter», skal leggjast til grunn.

§ 8.Krav til køyreveg

Køyreveg som skal brukast i samband med renovasjonsordningar skal i størst mogleg grad anten ha snuplass eller vere gjennomgåande og renovasjonsbilane skal køyre henterutene på ein lovleg og forsvarleg måte.

Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vere brøytt og om naudsynt strødd. Heile året skal vegdekket vere tilfredsstillande vedlikehalde og vegen skal vere sikra med rekkverk, der kommunen krev det.

Dersom tilkomsten vert hindra av parkerte bilar, manglande vedlikehald og/eller snøbrøyting og liknande, er abonnenten pliktig til å bringe avfallet fram til renovasjonsbilen, eller ta vare på avfallet på ein forsvarleg måte til neste hentedag.

Etter at SIMAS har fått utarbeidd «Retningslinjer for køyreveg for renovasjonsruter», skal desse retningslinjene gjelde for nye vegar som kjem med i renovasjonsordninga.

§ 9.Bruk av behaldarar

Det skal berre nyttast behaldarar som vert skaffa og utplassert av SIMAS. Behaldarane tilhøyrer SIMAS. Dei er registrerte på den enkelte eigedom og skal ikkje flyttast ved skifte av eigar.

Ved kjeldesortering av avfall til materialgjenvinning kan SIMAS dele ut fleire behaldarar til same abonnent eller abonnementeining (jf. § 11).

Brukaren plikter å setje rett behaldar fram til hentestad innan kl. 07.00 tømedagen for å ha krav på innsamling.

Brukaren er ansvarleg for at behaldaren ikkje valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.

Brukaren skal bringe behaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som den er tømd.

Brukaren er ansvarleg for at behaldaren vert handsama med varsemd og halden rein i samsvar med krav frå helseansvarlege myndigheiter.

For å redusere hygieniske ulemper må behaldaren ikkje fyllast meir enn at loket kan lukkast tett til. Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømast.

På vinterstid er brukaren ansvarleg for at avfallet ikkje er frose fast og dermed ikkje let seg tøme.

Der plassforholda ikkje tillet utplassering av nok behaldarvolum for laust avfall, eller andre sterke grunnar talar for det, kan SIMAS godkjenne bruk av behaldar tilknytt komprimator med brutto vekt inntil 300 kg. Ved komprimering av avfallet må komprimatoren vere justert slik at denne vektgrensa ikkje vert overskriden.

Brukaren skal syte for naudsynt reinhald av hentestad og oppstillingsplass, jf. likevel § 4 om renovatøren sitt ansvar for å fjerne søl ved hentestad. Der det vert nytta nedkastsjakt skal brukaren sjølv syte for at avfallet vert overført frå sjakt til behaldar.

Behaldaren må berre brukast til oppsamling av avfall som vert omfatta av denne forskrifta.

SIMAS reparerer og skifter ut behaldarar etter behov.

Bortkomne eller øydelagde behaldarar utover normal slitasje skal erstattast økonomisk av abonnent.

Fuktig avfall, skarpe eller knuselege gjenstandar mv. skal vere forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren. Varm oske må avkjølast heilt før den vert emballert og lagt i behaldaren. Emballeringa av oske, avfall frå støvsugar o.l. må vere eigna til å redusere støvplage under innhenting.

Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. I behaldaren må det vidare ikkje leggjast større metallgjenstandar, EE-avfall, stein og jord, større mengder hageavfall og sand/grus, eller bygningsavfall. I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall.

Spesialavfall eller problemavfall skal ikkje leggjast i behaldaren.

Brukaren kan gjerast økonomisk ansvarleg for skader på behaldar, renovasjonsbil eller på tømeplass for renovasjonsbilen som følgje av aktlaus bruk av behaldaren.

§ 10.Spesielle oppsamlingsordningar

Det vert arbeidd med å fremje utvikling av meir effektive oppsamlingsordningar for spesielle tilhøve. I slike høve kan anna enn standard behaldarar og system tillatast. Slike ordningar skal berre innførast i samarbeid med og med samtykke av kommunen.

§ 11.Ordningar for visse typar avfall

Spesialavfall frå hushalda skal leverast til SIMAS sine mottaksstasjonar for spesialavfall eller til andre mottaksordningar som SIMAS gjev informasjon om.

Problemavfall skal leverast til eigne mottaks- eller innsamlingsordningar som SIMAS gjev informasjon om.

Forbruksavfall som grunna form og storleik ikkje kan plasserast i vanleg behaldar, kan leverast på miljø- og avfallsstasjonane.

Kommunen kan utforme eigne forskrifter om matavfall for storkjøkken, problemavfall og spesialavfall frå hushald og småverksemder.

§ 12.avfall til materialgjenvinning

Kommunen kan gjere vedtak om at abonnentane pliktar å kjeldesortere avfall til materialgjenvinning, og levere det til organiserte innsamlingsordningar. Dette gjeld t.d. returpapir og glas, og andre fraksjonar som SIMAS informerer om.

Avfall til materialgjenvinning skal enten gjenvinnast ved heimekompostering eller samkompostering, eller plasserast i behaldar for henting hjå abonnent, eller leverast til returpunkt, eller miljø- og avfallsstasjon. Ved levering i behaldar gjeld vilkåra i § 7 og § 9.

Omfang, henterutinar, leveringsmåte mv. vert fastsett av SIMAS og kunngjort gjennom nærare informasjon.

Kapittel 4: Tøming av slam frå slamavskiljar mv.:

§ 13.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengeleg for tøming med bil.

Overdekking av kumlokk og liknande med snø, is, jord, stein, eller anna skal vere fjerna av abonnenten før tøminga skal gjerast. Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tøminga.

§ 14.Tøming av slamavskiljarar mv.

Abonnenten skal varslast om kva tid tøminga vil bli gjennomført. Varselet skal skje gjennom pressa eller på annan formålsteneleg måte.

For eigedomar med fast bustad/heilårsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljaren, skal tøminga gjerast ein gong annakvart år.

For eigedomar med fast bustad//heilårsbustad utan at toalett er tilknytta slamavskiljaren og for fritidsbustader, skal tøminga skje ein gong kvart fjerde år. Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle.

Kommunen kan fastsetje annan tømefrekvens enn det som er innteke ovanfor.

Kommunale og private felles slamavskiljarar for fleire bustadhus, bustadfelt, verksemder, industriområde og andre typar byggeområde eller tettstadar, skal tømast i samsvar med tømefrekvens oppgjeve i utsleppsløyvet.

Køyring og tøming skal gjerast slik at abonnentane og grannane vert minst mogleg plaga av lukt og støy og slik at det ikkje vert gjort skade på abonnenten sin eigedom. Anlegget skal etterlatast i lukka stand og reingjort for slamsøl, portar og grinder skal vere lukka.

Kapittel 5: Gebyr

§ 15.Gebyr og gebyrfastsetting

Abonnenten skal betale avfallsgebyr til kommunen for kvar abonnementeining. Ved registrering av ny abonnent, eller ved endring av eksisterande abonnement, vert nytt gebyr rekna frå den første i månaden etter at endringa er meldt til kommunen. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til den siste dagen i månaden der gebyrplikta vert avslutta.

Gebyr kan og krevjast ved levering av avfall på omlastingsplass, miljø- og avfallsstasjon, handsamingsanlegg o.l.

I samsvar med ureiningslova § 34 skal kommunen fastsetje avfallsgebyret. Dette skal dekke dei faktiske kostnadene ved renovasjonen. Kommunen vedtek gebyrpraksis og fastset storleiken på gebyret. Avfallsgebyret kan krevjast inn i fleire terminar.

For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning kan kommunen innføre differensierte gebyrsatsar. Differensiering kan skje på grunnlag av avfallsmengder, avfallstypar, materialgjenvinning mv.

Ved heimekompostering kan det differensierast på 2 måtar:

a)Dei som ynskjer å heimekompostere på stadar der renovatørbilen likevel køyrer forbi og hentar våtorganisk avfall, skal få eit tilskot til kjøp av binge, samt ein reduksjon i det årlege renovasjonsgebyret, fastsett i gebyrforskrifta.
b)Dei som går med på å heimekompostere på stadar der kommunen på grunn av bruken av bingen vil få ein reduksjon i transportkostnaden, vil få utlevert ein komposteringsbinge som abonnenten leiger på lik linje med ein standard behaldar, samt ein reduksjon i det årlege renovasjonsgebyret, fastsett i gebyrforskrifta.

For begge måtane gjeld det vilkår at abonnenten skal gjennomføre eit kurs i heimekompostering/ha gjennomført eit kurs i heimekompostering godkjent av SIMAS, samt inngå ei skriftleg avtale med SIMAS om gjenvinning av avfallet og som regulerer type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale.

Abonnenten skal betale slamgebyr for kvar einskild tømt slamavskiljar/tank.

I samsvar med ureiningslova § 34 skal kommunen fastsetje slamgebyret. Dette skal dekke dei faktiske kostnadene ved tøming og handsaming av slammet. Kommunen vedtek gebyrpraksis og fastset storleiken på gebyret. Slamgebyret kan krevjast inn i fleire terminar.

§ 16.Utrekning av gebyr

Renovasjonsgebyret til abonnentane vert utrekna på bakgrunn av gebyrforskrifta og ureiningslova § 34. Gebyret for tøming av slam vert fastlagt på bakgrunn av storleiken på slamavskiljaren/tanken og ureiningslova § 34.

SIMAS kjem med framlegg om gebyrstorleikar til kommunen kvart år, i god tid føre budsjetthandsaminga.

SIMAS fastset gebyret for deponering av avfall på fyllplassen i Festingdalen, deponering av slam/avvatna slam i slamlagune i Festingdalen og handsamingskostnaden for våtorganisk avfall/avvatna slam i det sentrale komposteringsanlegget.

SIMAS fastset prisar for levering av avfallsfraksjonar til Festingdalen Miljø- og Avfallsplass og til miljø- og avfallsstasjonane ute i kommunane, som ikkje er dekka inn av abonnementsgebyret.

Gebyra/handsamingskostnaden vert fastsett på grunnlag av vekt, volum, stk. pris eller annan utrekningsmåte.

§ 17.Innkrevjing og renter

Avfalls- og slamgebyr med tillegg av løpande renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfalls- og slamgebyr gjeld reglane i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Kommunen eller SIMAS fakturerer den einskilde abonnent for renovasjonsgebyret og slamgebyret. Eigaren/heimelshavaren er ansvarleg ved for sein betaling eller anna misleghald, men då først etter at han har fått naudsynt varsling.

Kapittel 6: Klager, sanksjonar mv.

§ 18.Klage

Vedtak i medhald av denne forskrifta kan påklagast.

Klagen vert send til SIMAS. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den oversendt til klageutvalet/styret i SIMAS som skal gjere endeleg vedtak, jamfør «Selskapsavtale for Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap IKS, § 8.»

§ 19.Sanksjonar

Dersom det viser seg at ein abonnent har for lite behaldarvolum, slik at det er fare for at avfallet vert disponert i strid med forskrifta, kan kommunen påleggje abonnenten det behaldarvolumet som ein finn føremålstenleg. Byte av behaldar vil skje seinast ein månad etter at skriftleg varsel er sendt frå kommunen.

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige abonnementeiningar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan kommunen ileggje ekstragebyr frå den datoen som abonnementeininga(ne) vart gebyrpliktig(e). Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, vert abonnenten automatisk ilagt gebyr frå to år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

Kommunen kan ileggje abonnenten tilleggsgebyr om det syner seg at abonnenten ikkje sorterer avfallet sitt i samsvar med gjeldande sorteringsreglement.

Kommunen kan for abonnenten si rekning påleggje ekstra henting av avfall som ikkje er sortert i samsvar med gjeldande ordningar for avfall til materialgjenvinning, eller henting av avfall som på annan måte er plassert i strid med denne forskrifta. Abonnenten er t.d. ansvarleg for opprydding av avfall som er plassert utanfor behaldar eller fellesbehaldar. Kommunen kan nytte innhaldet i avfallet til å identifisere kven som er ansvarleg for feilsortering, feilplassering o.l.

Pålegg om opprydding mv. og betaling vert handsama i samsvar med § 37 i forurensingslova.

Utover dette kan brot på forskrifta bli straffa med bøter etter ureiningslova § 79.

§ 20.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon frå § 3 første ledd og § 7 og § 8.

Uttale vert henta inn etter behov.

Abonnent pliktar å informere kommunen dersom grunnlaget for tildelt dispensasjon vert endra. Det kan stillast vilkår for dispensasjonen. Vilkåret må i tilfelle ligge innafor føremålet med denne forskrifta.

§ 21.Overføring av mynde

Mynde etter følgjande paragrafar i denne forskrifta er overført til SIMAS: § 3, § 4, § 10, § 12, § 14, § 19 og § 20. Mynde etter andre paragrafar kan også bli overført til SIMAS dersom vedtektene til SIMAS opnar for dette.

Den mynde som i denne forskrifta er lagt til SIMAS, er gjeven med heimel i ureiningslova § 83 annet ledd, siste punkt, då kommunestyret har funne at særlege omsyn talar for slik overføring.

§ 22.Tilhøve til helseforskrifter

Dei lokale helsestyresmaktene har ansvar for å sjå til at handtering av avfall skjer i samsvar med helseforskrifta om oppbevaring av avfall, og kan på sjølvstendig grunnlag fastsetje vilkår som sikrar hygienisk oppbevaring og disponering av avfallet.

All handtering av avfall etter denne forskrifta skal skje i samsvar med sentrale og lokale helsestyresmakter sine retningsliner og vilkår.