Betalingsregulativ for gebyr etter forurensningsloven § 26 og § 34 - renovasjon og kloakkslam, Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2001-10-31-1261
PublisertII 2001 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort15.11.2001
KorttittelBetalingsregulativ for SIMAS, Sogn

Kapitteloversikt:

Fastsett av Aurland kommunestyre 25. oktober 2001, Balestrand kommunestyre 23. oktober 2001, Høyanger kommunestyre 4. september 2001, Leikanger kommunestyre 26. juni 2001, Luster kommunestyre 18. oktober 2001, Lærdal kommunestyre 20. september 2001, Sogndal kommunestyre 31. oktober 2001 og Vik kommunestyre 18. oktober 2001 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26 og § 34.

I

Kapittel 1: Generelt om handsaming av gebyrsaker 

1.1 SIMAS handsamar alle gebyrsaker i samsvar med desse forskriftene. 
1.2 Kommunen fattar vedtak om gebyr i saker som ikkje direkte fylgjer av desse forskriftene, etter tilråding frå SIMAS 
1.3 SIMAS kan i særskilde høve gje dispensasjon frå dette reglementet og inngå særavtaler med einskilde abonnentar. 
1.4 Der kommunane ynskjer det, skal abonnentane kunne få handsaming av kurante saker via det kommunale servicetorget. Hovudregelen er imidlertid at abonnentane skal henvende seg til SIMAS.

Kapittel 2: Søknadsgrunnlag, vedtak 

2.1 For søknad om endring av kommunale gebyr, skal det nyttast særskilt søknadsskjema frå SIMAS. Søknaden vert handsama på grunnlag av dei opplysningar som er gjeve i søknadsskjemaet. SIMAS kan likevel hente inn supplerande opplysningar og eventuelt føreta synfaring. 
2.2 Søknad om endring av gebyr som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, kan meldast med ei forenkla skriftleg eller munnleg melding til SIMAS. 
2.3 Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke fullstendig søknad/melding om endring (ev. poststempeldato). Endringa kan tidsavgrensast. 
2.4 Dersom bruken av eigedomen endrar seg, pliktar eigaren straks å varsla SIMAS skriftleg. Gebyrgrunnlaget vil då verte vurdert. 
2.5 Vedtak i medhald av denne forskrifta kan påklagast. Klagen vert send til SIMAS. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den oversendt til klageutvalet/styret i SIMAS som skal gjere endeleg vedtak, jamfør «Selskapsavtale for Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap IKS, § 8.»

Kapittel 3: Eigedomar som ikkje er i bruk eller har redusert bruk 

3.1 Bustadhus som står tomme i minst 1/2 år kan, etter søknad, få fritak for renovasjon, slam og tilsvarande gebyr. Fritaket vert gjeve i samsvar med kapittel 2. 
3.2 For å få renovasjonsordning som gjeld for fritidshus, må bygget vere byggemeldt som fritidshus eller fått godkjend bruksendring til fritidshus. Vidare må bygget ha sterkt redusert bruk i høve til bustadhus.

Kapittel 4: Sorteringsreglement 

4.1 Behaldar med brunt lok - våtorganisk avfall:

Matrestar, bleier (ikkje vaksenbleier) og organisk ureina papir (ikkje oljesøl), samt mindre mengder med hageavfall, lauv, kvist og liknande (ikkje støvsugarposar). Avfallet skal pakkast i papirposar så langt råd er. 

4.2 Behaldar med blått lok - papp, papir, plastfolie og returkartong:

Papp/papir, som t.d. aviser, vekeblad, reklamemateriell, tidsskrift, innpakkingspapir, papirposar, papirsekker, pappeske m.m.

Drikkekartongar skal skyljast, brettast i saman og pakkast i ein vanleg plastbærepose.

Plastemballasje skal vere rein og pakka i ein vanleg plastbærepose. 

4.3 Behaldar med grått lok - restavfall:

Det resterande hushaldsavfallet inkludert støvsugarposar og vaksenbleier, skal leggjast i grå behaldar. Avfallet skal pakkast i plastbæreposar så langt råd er. Større gjenstandar som ikkje skal i behaldarane skal leverast til miljø- og avfallsstasjonane.

Loket på behaldarane skal lukkast tett til og avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldarane lett kan tømast.

Sorteringsreglane kan til ei kvar tid endrast av SIMAS etter førehands informasjon til abonnenten.

Kapittel 5: Grunnlaget for utrekning av gebyret. Særskilde reglar 

5.1 Renovasjonsgebyr:
5.1.1 Kvar eigedom skal ha mange nok behaldarar for oppsamling av avfallet. Abonnenten kan påleggjast å auke behaldarstorleik eller gjennomføre andre tiltak, dersom behaldaren er overfylt eller dersom avfallshandteringa på annan måte ikkje skulle vere forsvarleg. 

Ei abonnementeining er anten:

a:Eit hus eller husvære som er definert som bustad i GAB-registeret eller der kjøkken tilhøyrer bueininga, enten åleine eller delt mellom fleire bueiningar.
b:Ein hybel med eige kjøkken eller inntil 2 hyblar som deler eit felles kjøkken.
c:Privat eller offentleg verksemd som utøver aktivitet på ei fysisk adresse.
d:Eit fritidshus eller fritidshusvære med bruksareal på meir enn 15 m 2 , der bruksareal er definert som i «Norsk Standard 3940, Areal- og volumberekning av bygningar».
e:Ei permanent oppsett campingvogn. Med permanent vert her meint oppstilling i 3 månader eller meir.

Med heimel i ureiningslova kan og andre bueiningar som skapar hushaldsavfall, som husbåt, brakke, telt, bubil og liknande, definerast som ei abonnementeining. 

5.1.2 For bustadhus som ligg over 300 meter frå hentestad, kan ein etter søknad få nedsett renovasjonsgebyret med inntil 30% av opphavleg gebyr, utan omsyn til minimumsgebyret, jamfør punkt 6.2.3. 
5.1.3 For bustadhus som ligg over 2 km frå tilvist stad for levering av våtorganisk avfall til samkompostering, kan ein etter søknad få nedsett gebyret som gjeld levering til samkompostering, med inntil 40% av opphavleg gebyr for samkompostering, utan omsyn til minimumsgebyret, jamfør tabell 6.2 og punkt 6.2.3. Den delen av renovasjonsgebyret som gjeld restavfall og papp og papir m.m., får abonnenten ikkje fråtrekk for.

Kapittel 6: Renovasjonsgebyr 

6.1 Utrekning av renovasjonsgebyr - 2002:

Hovudprinsippet for utrekning av gebyrsatsane er mengde levert avfall, dvs storleik på behaldarar, tal behaldarar og hentefrekvens. Ved auka hentefrekvens, vert avgifta auka høvesvis.

Eit standardabonnement vert definert som 1 stk 140 liter behaldar for våtorganisk avfall tømt kvar 14. dag, 1 stk 140 liter behaldar for papp/papir tømt kvar 4. veke og 1 stk 140 liter behaldar for restavfall tømt kvar 4. veke.

Ved bruk av 4.5 m³ container og 8 m³ container m.m., vert prisen rekna ut med grunnlag i standardabonnementet.

Irekna i gebyra i kapittel 6 er kr ..,- pr. abonnent, som gjeld kommunen sin del med innkrevjing av gebyr, oppdatering av abonnementsregister m.m. Alle prisar er eks. mva.

Ved endring i sorteringsreglementet, jamfør kapittel 4, kan tekstdelen i kapittel 6, renovasjonsgebyr, endrast av SIMAS. 

Tabell1 6.1 Satsar for renovasjonsgebyr - 2002

1Tabell utelate.

Tabell1 6.2 Satsar for heime- og samkompostering - 2002

1Tabell utelate. 
6.2 Reduksjon i renovasjonsgebyret: 
6.2.1 Etter grunngjeven søknad kan det gjevast gebyrreduksjon med kr .. ,- eks. mva til einsleg person i eigen bustad som ikkje har høve til å levere i kombinasjon med andre. Gebyrreduksjonen vert trekt i frå opphavleg gebyr for personen. 
6.2.2 Fleire abonnementeiningar kan gå saman om avfallsbehaldarar, og gebyret vert fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum, jamfør kapittel 6.8. 
6.2.3 Minimumsgebyr pr. abonnementeining (utanom fritidshus/fritidshusvære) uansett kombinasjon med felles behaldarar, heimekompostering og samkompostering m.m., vert fastsett til kr ....,- eks. mva. 
6.3 Prisdifferensiering ved heimekompostering:

Ved heimekompostering kan det differensierast på 2 måtar: 

6.3.1 Dei som ynskjer å heimekompostere på stadar der renovatørbilen likevel køyrer forbi og hentar våtorganisk avfall, skal få eit tilskot til kjøp av godkjent kompostbinge med 25% av kostnaden, maks kr 500,- pr. kompost binge. I tillegg får abonnenten ein reduksjon i gebyret på 75% for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1. Opp til tre abonnementeiningar kan gå i lag og heimekompostere i same kompostbingen. 
6.3.2 Dei som går med på å heimekompostere på stadar der kommunen på grunn av bruken av bingen vil få ein reduksjon i transportkostnaden, vil få utlevert ein komposteringsbinge som abonnenten leiger på lik linje med ein standard dunk/behaldar. I tillegg får abonnenten ein reduksjon i gebyret på 85% for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1. Opp til tre abonnementeiningar kan gå i lag og heimekompostere i same kompostbingen.

For begge alternativa gjeld det vilkår at kvar abonnementeining skal gjennomføre eit kurs i heimekompostering/ha gjennomført eit kurs i heimekompostering godkjent av SIMAS, samt inngå ei skriftleg avtale med SIMAS om gjenvinning av avfallet og som regulerer type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale. 

6.3.3 Abonnentar som nyttar alt eige våtorganisk avfall til eigne dyr og som dermed ikkje leverer slikt avfall, kan etter søknad som dokumenterer at vedkommande har dyr som nyttiggjer seg avfallet heile året, få ein reduksjon i gebyret tilsvarande som for heimekompostering etter punkt 6.3.1, jamfør tabell 6.1 og 6.2.

For punkt 6.3.1, 6.3.2 og 6.3.3, gjeld likevel at ei abonnementeining uansett ikkje skal betale mindre enn det fastlagde minimumsgebyret, jamfør punkt 6.2.3. 

6.4 Prisdifferensiering ved samkompostering:

Abonnentar som vert pålagd samkompostering av våtorganisk avfall, jamfør forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming § 3, 4. ledd, vil få ein reduksjon i gebyret på 85% for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1.

Ei abonnementeining skal ikkje betale mindre enn det fastlagde minimumsgebyret, jamfør punkt 6.2.3, med unnatak for dei bustadhusa som ligg meir enn 2 km frå tilvist stad for levering av våtorganisk avfall, jamfør punkt 5.1.3. 

6.5 Tilleggsgebyr ved feilleveransar:

Dersom kontrollar utført av Kommunen, SIMAS, eller den som på vegne av Kommunen/SIMAS hentar forbruksavfall, syner feilleveransar i høve punkt 6.3 og 6.4, vert abonnenten kravd for tilleggsgebyr for heile perioden vedkommande har hatt avtale om reduksjon, likevel avgrensa til 2 år. Tilleggsgebyret er kr 500,-. pr abonnementeining pr. år.

Ved brot på sorteringsreglementet, jamfør kapittel 4, kan abonnenten ileggjast eit tilleggsgebyr på inntil kr 500,-. 

6.6 Prisdifferensiering ved levering av forbruksavfall i fellesbehaldarar:

Abonnentar som vert pålagd levering av forbruksavfall i fellesbehaldarar, jamfør forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming § 3, 5. ledd, vil få ein reduksjon i det årlege renovasjonsgebyret på 40% rekna ut frå eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1.

Dei av desse som ynskjer å heimekompostere, vil få tilskot som i punkt 6.3.1, men ikkje nokon ytterlegare reduksjon i gebyret.

Ei abonnementeining skal ikkje betale mindre enn det fastlagde minimumsgebyret, jamfør punkt 6.2.3. 

6.7 Gebyr for fritidshus/fritidshusvære

Eigarar/festarar av fritidshus/fritidshusvære vert ikkje pålagt å sortere avfallet. Desse vert enten tilvist å levere i behaldarar/containarar/bosbuer som vert sett opp på ulike stadar i kommunen, eller tilvist å levere i sekk på oppgjeven stad til gjevne tider. Dei som ynskjer det og har behov for det, kan i staden for få utlevert tre stk 140 liter behaldarar, ein for våtorganisk avfall, ein for restavfall og ein for papp/papir, som skal utsettast på oppgjeven stad til gjevne tider.

Renovasjonsgebyret for fritidshus/fritidshusvære vert fastsett til 35% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i felles behaldarar/containarar/bosbuer eller i sekk.

Renovasjonsgebyret for fritidshus/fritidshusvære vert fastsett til 60% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i 3 stk 140 liter behaldarar (våtorganisk avfall, restavfall og papp/papir). 

6.8 Døme på renovasjonsgebyr:

I tabell 6.3 er laga ei oppstilling over kva betalingssatsar som vil gjelde avhengig av kor store behaldarar ei abonnementeining har og om to eller fleire abonnementeiningar slår seg i saman og leverer i felles behaldar. Når fleire abonnementeiningar leverer i felles behaldar, vert kostnadane utrekna som eitt abonnement og deretter delt ut på abonnementeiningane. Ei abonnementeining skal ikkje betale mindre enn den fastlagde minimumsavgifta, jamfør punkt 6.2.3. Ein treng ikkje å slå seg i saman og levere felles for alle tre behaldarane. Det er mogleg å t.d. levere felles for våtorganisk avfall, medan ein for restavfall og papp/papir leverer kvar for seg. 

Tabell1 6.3 Døme på aktuelle kombinasjonar og gebyr.

1Tabell utelate. 
6.9 Gebyr for levering av avfall til SIMAS m.m.:

SIMAS fastset gebyret for deponering av avfall på fyllplassen i Festingdalen, deponering av slam/avvatna slam i slamlagune i Festingdalen og handsamingskostnaden for våtorganisk avfall/avvatna slam i det sentrale komposteringsanlegget.

SIMAS fastset prisar for levering av avfallsfraksjonar til Festingdalen Miljø- og Avfallsplass og til miljø- og avfallstasjonane ute i kommunane, som er ikkje er dekka inn av abonnementsgebyret.

Gebyra/handsamingskostnaden vert fastsett på grunnlag av vekt, volum, stk. pris eller anna utrekningsmåte. 

Kapittel 7: Slamgebyr

Gebyret skal krevjast inn årleg frå abonnentane.

Ekstratøming vert fakturert enkeltvis direkte til abonnenten frå kommunen/SIMAS. 

Tabell utelate. 

Dersom tøminga ikkje kan skje grunna manglande klargjering frå abonnenten si side, vert tøminga rekna som utført og ny tilkøyring vert rekna som ekstratøming, jamfør § 13 og § 15 i forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming. 

Kapittel 8: Betalingsreglar, justering mv.

8.1 Prisane i regulativet er pr. 1. januar 2002.

Dei einskilde gebyra under kapittel 6 skal årleg vedtakast i kommunen. Representantskapet til SIMAS gjev tilråding til kommunane om endring av gebyra.

Om kommunane ynskjer å gje ekstra service til abonnentane utover det normale tilbodet i regionen frå SIMAS, skal kommunane dekkje dette sjølve, utanom gebyrsatsane gjevne i kapittel 6. 

8.2 Renovasjonsgebyret og slamgebyret skal betalast i to terminar årleg med forfall 1. april og 1. oktober. Gebyret vert fordelt likt på dei to terminane. 
8.3 Renovasjonsgebyret skal betalast frå og med fyrste heile månad etter at abonnementet er meldt til kommunen/teke i bruk.

Ved nybygg og bruksendring skal renovasjonsgebyr betalast frå og med fyrste heile månad etter at innflytting skjer eller frå bruksløyve/mellombels bruksløyve/bruksendring vert gjeve. 

8.4 Gebyra vert rekna fullt ut sjølv om huset periodevis står tomt. 
8.5 Alle gebyr skal inntil vidare betalast til kommunen etter rekning.

Det kan fastsetjast eit purregebyr på kr 50,- pr. purring ved for sein betaling.

II

Forskrifta vert gjort gjeldande frå 1. januar 2002.

Tabeller er utelatt, se http://www.simas.no