Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Midsund kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2002-05-02-481
PublisertII 2002 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2002
Sist endret
EndrerFOR-1997-12-18
Gjelder forMidsund kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1974-05-31-17, FOR-1995-01-10-70
Kunngjort29.05.2002
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Midsund

Kapitteloversikt:

Fastsett av Midsund kommunestyre 2. mai 2002 med heimel i lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter og forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyr.

I. Generelt

Midsund kommune sine abonnentar betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement, regulativ mv. Dei viktigaste dokumenta er lista opp nedanfor;

1.Lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyr.
3.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Midsund kommune (dette dokument).
4.Gebyrregulativ for vatn og avløp (årlege vedtak).
§ 1.Formålet med forskrifta

Forskrifta fastsett korleis gebyra skal reknast ut og innkrevjast i samsvar med gjeldande lovverk.

§ 2.Definisjonar
-Abonnent

Eigar eller festar av eigedom knytt til, eller som Midsund kommune har kravd knytt til, kommunal vass- og/eller avløpsleidning, jf. Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 1.

-Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla)

Forenkla kan ein si at bruksareal omfattar;

-arealet innanfor bygningen sine omsluttande veggar og
-del av fellesareal som høyrer til bygningen, men som ligg utanfor bygningen sine omsluttande veggar.

For fleire detaljar sjå NS-3940.

-Fritidshus/hytte

Fast eigedom med tilhøyrande bygg regulert/godkjend som fritidshus/hytte.

-Gebyrregulativ for vatn og avløp

Gjeldande prisoversikt for vass- og avløpsgebyr. Satsane i gebyrregulativet blir årleg vedteke av Kommunestyret.

-Tilknytings gebyr

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter krev at det skal betalast ei eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester. Dette gebyret skal dekkje ein del av kommunen sine samla kostnader knytt til vassforsyning og avløp.

-Årsgebyr

Gebyr som årleg skal betalast av abonnentar for Midsund kommune sine vass- og avløpstenester. Årsgebyret består av abonnementsgebyr (fast) og forbruksgebyr.

-Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret skal dekkje faste kostnader ved å vere tilknytt kommunal leidning uavhengig av forbruk, og blir differensiert etter brukarkategori. Alle abonnentar i same kategori skal betale eit like stort fast gebyr, jf. § 5 årsgebyr. Abonnementsgebyret går fram av Gebyrregulativet.

-Forbruksgebyr

Forbruksgebyret skal dekkje variable kostnader der stipulert eller målt forbruk vil vere avgjerande for storleiken på gebyret. Forbruksgebyret går fram av Gebyrregulativet.

-Stipulert forbruk

Forventa forbruk hos ein abonnent fastsett med bakgrunn i bygningen sitt areal, jf. forskrift om kommunale vann- og avløpsgebyr § 4, 1. ledd.

-Forbruksfaktor

Forholdet mellom forbruk i m³ pr. år og bygningsarealet i m² .

-Målt forbruk

Forbruk hos ein abonnent fastsett med bakgrunn i avlese vassmålar.

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 3.Gebyrtypar
-Tilknytingsgebyr (§ 4)
-Årsgebyr (§ 5)
-Gebyr for leige av vassmålar (§ 6)
-Gebyr for mellombels tilknyting (§ 7).

Samla årsgebyr (jf. ovannemnde) for tenester knytt til kommunalt vassverk og kommunalt avløp skal dekkje kommunen sine forventa kostnader (faste og variable) knytt til tenesten.

§ 4.Tilknytingsgebyr

Tilknytingsgebyra fastsetjast ved å multiplisere bygningen sitt bruksareal (BRA) med ein eingongspris i kr/m² . Eingongsprisen er fastsett i gebyrregulativ for vatn og avløp.

Eingongsgebyret skal betalast for;

1.Nybygg som knytast til kommunal vass- og/eller avløpsleidning.
2.Når eksisterande bygningar knytast til kommunal vass- og eller avløpsleidning.
3.Tilknyting utan bygningsareal.

Det skal ikkje betalast tilknytingsavgift ved utviing av bruksarealet (tilbygg, påbygg, ombygging, bruksendring) dersom utviinga ikkje medfører ekstra kostnader for kommunen.

For hytte/fritidsbustad skal det betalast tilknytingsgebyr etter bruksareal (BRA) som for bustadhus.

For bygg nytta til andre formål skal det berre betalast tilknytingsgebyr for det bruksarealet (BRA) som har innlagt vatn- og/eller avløp.

For bygningar med sprinkelanlegg, skal det betalast ei tilleggsgebyr ut frå det sprinkla arealet.

Ved tilknyting av bygning til kommunal vass- og/eller avløpsleidning blir minste bruksareal (BRA) sett til 150 m² . For tilknyting utan bygningsareal, blir minstegebyret knytt opp til eit bruksareal (BRA) på 30 m² . Satsane for tilknyting kjem fram av gebyrregulativ for vatn og avløp.

Det blir elles vist til forskrift om tilknyting til kommunal vass- og/eller avløpsleidning, jf. vedlegg 1.

§ 5.Årsgebyr

Årsgebyra (abonnements- og forbruksgebyr) blir fastsett kvart år av kommunestyret og satsane kjem fram av gebyrregulativ for vatn og avløp.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester og kommunale avløpstenester skal dekkje ein del av kommunen sine venta årskostnader knytt til tenesta. I gebyrregulativet går det fram kor stor del av kostnadene (i %) som abonnementsgebyret skal dekkje. Resten skal dekkjast inn gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal betalast av alle abonnentar. Prinsipielt gjeld at vatn inn er lik avløp ut.

For bustadhus/fritidshus kan kommunen og/eller den enkelte abonnent krevje at forbruksgebyret skal fastsetjast ut frå målt forbruk.

For andre brukskategoriar, jf. tabell om utrekning av årsgebyr, krev kommunen at forbruksgebyret skal fastsetjast ut frå målt forbruk.

For eigedomar som nyttast til bustad/fritidsbustad, blir gebyra rekna ut frå heile eigedomen under eitt.

Årsgebyra blir etter dette rekna ut etter følgjande modell; 

Utrekning av årsgebyr 

BrukskategoriAbonnementsgebyrMålt forbrukForbruksgebyr
BruksarealForbruksfaktorGebyrgrunnlag
BustaderXi krValfrittY m²0,75 m³ /m²0,75 Z m³ /år
Fritidshus/hytterX₂ krValfrittY m²0,40 m³ /m²0,40 Z m³ /år
Kontor-/lager- og service- og offentlege byggX₃ krMålar påbodeZ m³ /år
IndustribyggX4 krMålar påbodeZ m³ /år
LandbruksbyggX5 krMålar påbodeZ m³ /år
Tilknytingspkt. utan bygningsareal og naustX5 krMålar påbodeZ m³ /år

Årsgebyr skal reknast frå den dato Midsund kommune har gitt mellombels bruksløyve eller ferdigattest for bygningen som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning.

§ 6.Gebyr for leige av vassmålar

Kostnader med installasjon, drift og vedlikehald av vassmålar skal dekkjast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar kjem fram av gebyrregulativ for vatn og avløp.

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld kommunen si forskrift, jf. vedlegg 2.

§ 7.Gebyr for mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for arbeidsbrakker mv. med innlagt vatn som berre skal nyttast i eit avgrensa tidsrom.

Eigar/festar av eigedomen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar, med avrekning i forhold til tilknytingstida. Gebyra kjem fram av gebyrregulativ for vatn og avløp.

Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr, men alle kostnader vedr. tilknyting og fråkopling skal eigar/festar av eigedomen betale.

Mellombels tilknyting gjeld for opptil eitt år, med høve til å søkje om utviing.

§ 8.Pålegg om utbetring - tilleggsgebyr

Kommunen kan gi abonnenten eit pålegg om å utbetre eigne avløpsanlegg innan ein gitt frist, jf. forureiningslova § 7. Etter nemnde lov § 73 kan det gis eit forureiningsgebyr dersom tilhøvet ikkje er utbetra innan gitt frist.

Dersom abonnenten ikkje etterkjem kommunen sitt pålegg, kan kommunen få iverksett utbetringa, jf. forureiningslova § 74. Forureiningsgebyret fastsetjast av kommunen i kvart enkelt tilfelle, og skal vere i samsvar med kommunen sine kostnader knytt til forholdet.

Kommunen kan be abonnenten om å utbetre eigne anlegg for drikkevatn innan ein gitt frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Dersom feil og manglar ikkje er utbetra innan fristen, blir årsforbruket stipulert.

§ 9.Reduksjon i gebyra

Etter skriftleg søknad til kommunen kan abonnenten få fritak for forbruksgebyret når bustaden står tom. Abonnementsgebyret skal betalast så lenge eigedomen fysisk er knytt til kommunal leidning. Ved søknad om fritak for abonnementsgebyret, krev kommunen at tilkoplingspunktet er plombert. For at søknaden blir innvilga, skal abonnenten kunne dokumentere at tilkoplingspunktet er plombert. Det er vidare ein føresetnad at dersom ein eigedom skal knytast frå/knytast til kommunal leidning, så skal dette skje etter tilvising frå kommunen og abonnenten skal bere kostnaden ved dette.

For verksemder/bygg med avløp som i konsistens og innhald er slik at det medfører redusert/auka drifts- og vedlikehaldskostnader på avløpsanlegget, kan kommunen i kvart enkelt tilfelle fastsetje eit fradrag/tillegg til årsgebyret basert på forventa innsparing/ekstrautgifter.

Restriksjonar på bruk av vatn, kortvarig kvalitetssvikt, brot i leveranse av vatn eller mottak av avløp, gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 10.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Årsgebyra skal betalast i halvårsterminar. Avlesing av målt forbruk skjer to gongar kvart år, jf. forskrift om bruk av vassmålar.

Kommunen sender faktura for tilknytingsgebyr til abonnenten samtidig som byggeløyve eller tilknytingsløyve gis, eller når eksisterande bygg blir knytt til kommunal leidning. Tilknytingsgebyr skal betalast seinast ved tilknyting.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr skal skrivast ut særskilt.

III. Avsluttande føresegner

§ 11.Innkrevjing av gebyr

Forfalne krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedomen med heimel i pantelova § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglane om innkrevjing av skatt.

§ 12.Vedtaksmynde

Rådmannen har mynde til å fatte enkeltvedtak etter denne forskrifta, og han kan delegere denne mynda vidare. Teknisk utval kan gi dispensasjon frå forskrifta.

§ 13.Klage

Når det er fatta enkeltvedtak etter denne forskrifta, skal den/dei vedtaket gjeld informerast om høve til klage etter forvaltningslova. Formannskapet er klagenemnd. Klagen skal sendast til den instans som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra, som kjem fram av gebyrregulativet, er å rekne som forskrift, jf. forvaltningslova § 2 første ledd c). Dette er ikkje enkeltvedtak, og kan derfor ikkje påklagast.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta blir iverksett 1. juli 2002. Frå same tid vert forskrift av 18. desember 19971 oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.

Vedlegg 1. Tilknyting til kommunal vass- og/eller avløpsleidning 

1.Alle som bur innanfor eit område der det blir nedlagt kommunale leidningar skal knytast til, jf. § 65 og § 66 i plan- og bygningslova.
2.Etter søknad til kommunen, kan det gis løyve til tilknyting til kommunal leidning utan bygningsareal.
3.Tilknytinga skal skje etter tilvising frå tekniske tenester.
4.Der tilknytinga krev utbygging av hovudleidningar, må søknad om tilknyting sendast Midsund kommune, og rådmannen legg da saka fram for politisk behandling.

Dersom tilknytinga fører med seg at det må leggast ned nye hovudleidningar som blir uvanleg kostbare i høve til dei eigedomane som skal knytast til, kan kommunen krevje meirkostnaden refundert i tillegg til ordinære tilknytingsavgifter. Slik utbygging må i alle høve godkjennast av kommunestyret.

5.Når kommunen bygg ut ny hovudleidning kostar kommunen stikkleidning fram til 30 m frå bustadhus. I kommunale bustadfelt blir det lagt stikkleidning fram til tomtegrense. Dette blir det kravd refusjon for. Med stikkleidningar er meint leidningar frå dei einskilde husa og fram til næraste tilkoplingspunkt.

Kommunen kan etter søknad refundere leidningskostnader frå kommunal hovudleidning og fram til næraste forgreiningspunkt. Eit vilkår for å godkjenne ein slik søknad er at kommunen kan nytte eksisterande leidningsnett.

Kommunen ordnar med uttak på hovudleidningane der dette ikkje er laga til frå før. Uttak er vanlegvis 160 mm for overvatn, 110 mm PVC for spillvatn og 32 mm PEL for vatn. Kommunen ber kostnadene med nødvendig armatur for tilknyting i kum.

Huseigar har ansvar for vedlikehald på stikkleidningane. Tekniske tenester kan gje huseigar pålegg om straks å utbetre påviste skadar og lekkasjar på stikkleidningane.

Dersom det oppstår tvist mellom huseigar og tekniske tenester om ei leidning er stikkleidning eller hovudleidning, blir dette avgjort av teknisk utval. Vanlegvis blir ikkje leidning under 110 mm for vatn og 160 mm for kloakk rekna for hovudleidning.

6.Alle leidningar skal vanlegvis leggast i same grøft. Avvik frå denne regelen kan berre gjerast i samråd med tekniske tenester, som og skal godkjenne grøftetraseen.
7.Alle som er tilknytt kommunale leidningar har plikt til å gje kommunen, ev. andre tilknytte, rett til å grave for omlegging, tilknyting, utviding, reparasjon, vedlikehald mv. av leidningane. Ev. skade som vert gjort ved dette arbeidet skal erstattast av den som er ansvarleg for skaden.

Teknisk utval får fullmakt til å treffe avgjerd om overtaking av private leidningar til kommunal drift når ein eigedom blir tilknytt kommunalt leidningsnett, og til å fastsetje avtale om dette.

8.Når kommunen overtek og knyter eit godkjent privat kloakklag eller vassverk til kommunal hovudleidning, skal tilknytingsavgifta fastsetjast etter avtale.

Abonnentar som ikkje er tilknytt eit godkjent privat kloakklag eller vassverk, skal i utgangspunktet betale full tilknytingsavgift.

9.Teknisk utval kan etter søknad, gje dispensasjon frå denne forskrifta der den verkar urimeleg overfor einskilde byggherrar/abonnentar.

Kommunelege I skal ha saka til uttale dersom ein avvik frå kravet om tilknyting til kommunale leidningar etter § 65 og § 66 i plan- og bygningslova. 

Vedlegg 2. Bruk av vassmålar 

1.Eigedomar som blir nytta til anna enn bustad/fritidshus/hytte, skal betale forbruksgebyr etter målt vassforbruk eller avløp. Kommunen kan gi pålegg om montering av målår for vatn eller avløp som grunnlag for utrekning av forbruksgebyret.
2.Eigedomar og bustadbygg m/basseng, fontener, dammar mv. skal betale forbruksgebyr etter målt forbruk. For abonnentar som har uttak av vatn utan tilknyting til bygningsareal, skal forbruksgebyr betalast etter målt forbruk.
3.Eigarar av bustadbygg kan etter søknad få montert vassmålar som grunnlag for utrekning av forbruksgebyret.
4.Kommunen eig vassmålarane og leiger desse ut til abonnentane. Kommunen avgjer type, storleik og plassering av målåren, og kven som skal står for montering og vedlikehald. Vidare skal kommunen godkjenne eventuell flytting eller fjerning av målåren.
5.Feil eller skade på målåren skal straks meldast til kommunen. Ved mistanke om feilmåling, kan kommunen godkjenne og stå for kontroll av målåren. Ved dokumentert feilmåling som det i ettertid kan vere vanskeleg å finne ut av, skal forbruksgebyret fastsetjast etter forbruk året før. Det same gjeld for periodar der målåren er ute av drift.
6.Leigetakaren skal sjølv lese av målåren to (2) gongar i året, 1. april og 1. oktober. Opplysningar om målarstanden skal sendast til Midsund kommune umiddelbart etter avlesing. Manglande avlesing vil medføre at kommunen fastsett forbruket.