Forskrift om vatn- og avløpsgebyr, Hareid kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2002-07-03-1900
PublisertII 2003 hefte 6
Ikrafttredelse03.07.2002
Sist endretFOR-2003-11-26-1809
Endrer
Gjelder forHareid kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-1995-01-10-70-§1
Kunngjort08.01.2004
KorttittelForskrift om vatn- og avløpsgebyr, Hareid

Kapitteloversikt:

Fastsett av Hareid Kommunestyre 3. juli 2002 med heimel i lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyrer § 1. Endra 26 nov 2003 nr. 1809.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vatn- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vatn- og avløpsavgifter
2.Forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vatn- og avløpsgebyr
3.Forskrift om vatn- og avløpsgebyr i Hareid kommune (dette dokumentet)
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ
-Tenestedeklarasjon (Leveringsvilkår)
-Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder)
-Teknisk beskriving for installasjon av vassmålar (lokale avgjerder).
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vatn- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vatn- og eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. Også andelseigarar i burettslag vert rekna som abonnentar.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det avtalast at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vatn- og avløpsleidning. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vatn- og/eller avløpstenester (dei faste utgiftene representerer her kapitalutgiftene). 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omsluttande veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omsluttande veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940.

Garasje vert ikkje rekna med i det totale bruksarealet. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedomen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Bueining:

Bustad med eitt eller fleire rom og med separat inngang samt bad/WC og kjøkkendel. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vatn- og/eller avløpstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som vert betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte, eller bustad som berre har innlagt vatn via sommarvassleidning. Heilårsbustad som vert nytta som fritidshus kjem ikkje inn under denne kategorien. 

Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vatn- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd, industri mm. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet. 

Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som regulerer for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som vert betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vatn- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

0Endra ved forskrift 26 nov 2003 nr. 1809.

II. Vatn- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vatn- og avløpstenester krev at det vert betalt eingongsgebyr for tilknyting til vatn- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyret vert betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegangsoppføring av bygg på eigedom, som vert tilknytt offentleg vatn- og/eller avløpsnett.

Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. Ved refusjon betalast halv tilknytingsavgift.

Storleiken på gebyret vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det vert ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vatn- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr

Årsgebyra for eigedomen vert berekna for heile eigedomen samla. For bustadhus og fritidseigedomar o.l. skal det likevel bereknast årsgebyr for det einskilde bygg. Det skal også bereknast eige årsgebyr for kvar seksjon, og for kvar andelsleiligheit, der bygningar er delt opp i slike einingar.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester og avløpstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til høvesvis vasstenester og avløpstenester i kommunen. Resten vert dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret vert differensiert etter brukarkategori. Alle abonnentar i ein brukarkategori betaler ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet.

-Abonnementsgebyr for næring

Skal betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag

-Abonnementsgebyr for bustad

Skal betalast av andre abonnentar 

Forbruksgebyr

Innan fem år (2007) skal alle næringseigedommar og offentlege verksemder betale forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket vert målt med installert vassmålar.

Andre abonnentar betaler etter satsane i gruppe 1, 2 eller 3, basert på utrekning av bruksareal BRA i samsvar med NS-3940.

Det er delt opp i fylgjande grupper:

Gruppe 1: BRA <150m²

Gruppe 2: BRA 150 - 299m²

Gruppe 3: BRA >300m²

Satsane i dei forskjellige gruppene er rekna ut i forhold til stipulert forbruk, nærare beskrive i Gebyrregulativet.

Abonnenten er sjølv ansvarleg for at det arealet vi har i vårt register stemmer overens med bustadens faktiske bruksareal. Eigedomar der vi ikkje har motteke opplysningar om bruksareal vert plassert direkte i gruppe 2.

Abonnentane kan også velje å betale etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ .

Fritids/hytteabonnentar som betaler etter stipulert forbruk kan få beløpet redusert i forhold til forventa brukstid. Forventa brukstid settes som ein del av året etter følgjande modell:

-Utleiehytter: Forventa brukstid = <50 % av året
-Andre hytter/fritidshus: Forventa brukstid = <50 % av året

Dvs. at med ei brukstid på under halve året, kan fritids/hytteabonnentar få forbruksgebyret halvert.

For bustadhus med 3 eller fleire bueiningar krev kommunen at forbruksgebyret vert fastsett ut frå målt forbruk.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd vert rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret vert fastsett ut frå målt forbruk.

0Endra ved forskrift 26 nov 2003 nr. 1809.
§ 7.Vassmålar

Reglar for installasjon, bruk og leie av vassmålar vert bestemt av kommunen.

-Målaren er kommunen sin eigedom og sjølve målaren kostast av kommunen. Kommunen vil bestemme type, samt gje føringar for plassering og storleik av målaren, tilpassa forbruket.
-Den avgiftspliktige skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og kontroll. Vert målaren borte eller skada, skal eigaren omgåande melde dette til teknisk etat.
-Installasjon av vassmålar skal utførast av installatør godkjent av kommunen.
-Utgifter til installasjon eller eventuell flytting og vedlikehald av målaren skal belastast den avgiftspliktige.
-Dersom eventuelle feilmålte mengder ikkje kan utreknast tilstrekkeleg nøyaktig, skal avgifta justerast for den perioden det er tvil om etter gjennomsnittet av den næraste avlesingsperioden før feilen har oppstått, og etter at den er utbetra.
-For installasjon og bruk av vassmålar gjeld elles dei tekniske reglane i kommunen (lokale tekniske reglar).
-Kommunen kan krevje årsavgifta fastsett etter stipulert forbruk heile året når målaren har vore ute av funksjon av tekniske grunnar.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. skal betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av Gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp baserast på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg husholdningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av Tenestedeklarasjonen (Leveringsvilkår) i kommunen.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men der bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. I Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om utbetring av eige avløpsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan ein gje forureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureiningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eige vassforsyningsanlegg innan ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, fastsetjast årsforbruket.

§ 11.(Opphevd ved forskrift 26 nov 2003 nr. 1809).
§ 11a.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) vert gitt eller når eksisterande bygg vert tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert kravd inn på felles faktura og vert fordelt over tre terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr vert fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk vert gjort ein gong i året. Forbruksgebyret vert betalt à konto fordelt over tre terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

0Tilføyd ved forskrift 26 nov 2003 nr. 1809.
§ 11b.Fritak for årsgebyr

Etter søknad kan kommunen gjere vedtak om tidsavgrensa fritak for årsgebyr når gebyrpliktig bustadeigedom ikkje vert nytta i det heile for ein periode som overstig fire månader. Fritak kan etter søknad gjevast for inntil 3 år om gongen.

Ved innvilga søknad om fritak gjeld fritaket frå og med neste faktureringstermin etter at melding om plombering av hovudkran eller tilsvarande avstenging/fråkopling er motteke frå autorisert rørleggar. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå teknisk etat. Kostnader ved plombering eller liknande skal dekkast fullt ut av abonnenten. Eigar av eigedomen er ansvarleg for at plomben er heil. Når bustaden skal tilkoplast igjen, skal plomberinga fjernast av teknisk etat. Teknisk etat kan i fritaksperioden foreta stikkontrollar.

Er ein plombe broten, må abonnenten betale årsgebyr for heile fritaksperioden, men likevel ikkje meir enn tilsvarande 3 årsgebyr, etter dagens satsar.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk vert kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphører abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnadar ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

0Tilføyd ved forskrift 26 nov 2003 nr. 1809.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta vert fatta av teknisk sjef.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er enkeltvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen vert send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrift og vert vedteke av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 3. juli 2002.