Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Lom kommune, Oppland.

DatoFOR-2002-09-27-1299
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse01.01.2003
Sist endretFOR-2011-06-30-721 frå 01.08.2011
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-1995-01-10-70
Kunngjort28.11.2002
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Lom

Kapitteloversikt:

Fastsett av Lom kommunestyre 27. september 2002 med heimel i lov av 31. mai 1974 nr. 17 om om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyrer. Endra med forskrift 30 juni 2011 nr. 721 (med verknad frå 1 aug 2011) Heile forskrifta kunngjort.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) del 4A, kapittel 16.
3.Forskrift 27. september 2002 nr. 1299 om vass- og avlaupsgebyr i Lom kommune (dette dokumentet).
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ
-Tenestedeklarasjon for vatn og avløp
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder)
-Bestemmelsar for bruk av vassmålar
-Bestemmelsar for mellombels tilknyting.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avlaupstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar
-Abonnent:
-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avlaupsleidning.
-Bustadeining og næringseining:

Ei eining i denne forskrifta betyr ei bueining (til dømes i eit burettslag) eller ei næringseining (t.d. i kjøpesentre og i kombinerte bygg). Med bueining meiner ein bustad med eitt eller fleire rom og med eigen inngang, samt bad/WC og kjøkendel. Ei næringseining er sjølvstendige lokale (eiga eining) som er leigd ut til næringsverksemd.

Gardsbruk der driftsbygning/mjølkerom er/blir tilknytt offentleg vass-/avløpsnett blir rekna som eitt abonnement saman med bustad for eigar (hovudbustad).

-Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avlaupstenester.

Abonnentar med 2 eller færre einingar (bustad med maks 1 utleigeleilegheit eller verksemd) betaler berre eitt abonnementsgebyr. Abonnentar med fleire enn 2 einingar betaler pr. eining, dvs. at abonnenten blir fakturert for det antal einingar som finnast på eigedomen.

-Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940.

For eigedom registrert før mars 1988 kan Husbankens målereglar i skriv av mars 1988 nyttast.

-Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd.

-Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester.

-Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning.

-Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt inn etter forbruk (målt eller stipulert).

-Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte.

-Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

-Næringsverksemd:

Forretningsverksemd.

-Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune.

-Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

-Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst.

-Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avlaupstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avlaupsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett.

Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det blir ekstra høve eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avlaupstenester betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnentsgebyr
-forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal synleggjera dei forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast ut frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori. Alle abonnentar i ein brukarkategori betaler ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet.

-Abonnementsgebyr for næring

Betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og institusjonar. (Her er teke ut næmninga burettslag).

-Abonnementsgebyr for bustad

Betalast av andre abonnentar. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Fritids-/hytteabonnentar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Andelen som vil variera etter forventa brukstid, og omregningsfaktor for stipulert forbruk [ m³ /m² ] er definert i Gebyrregulativet.

Andre abonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m 3 , ev. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk [ m³ /m 2 ] er definert i Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av Gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslipp).

For driftsbygningar i landbruket blir gebyr for avløp frå mjølkerom rekna ut frå særskilt berekning.

Berekning for avløpsgebyr: 1 mjølkeku = 0,015 m³ /døgn x 365 døgn = 5,5 m³ /år pr. mjølkeku.

Det blir gjeve frådrag i årsgebyr for både vatn og avløp for bustad- og fritidseigedom med privat kloakkpumpestasjon og/eller trykkaukingstasjon.

Storleiken på frådraget er sett til 15 %.

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avlaupsvatnet skil seg ut frå vanleg husholdningsavlaup og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avlaupsanlegget i kommunen, kan ein rekne eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av Tenestedeklarasjonen i kommunen.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader med tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Elles gjeld «Tekniske og administrative avgjerder» i kommunen, jf. I Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innen ein gjeven frist, jf. forureinsningslova § 7. Etter forureinsningslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureinsningslova § 74.

Kommunen kan oppmoda abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innen ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, fastsetjast årsforbruket.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggjeløye) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn i medhald av dei til kvar tid gjeldande innkrevjingsrutiner for eigedomsgebyr i kommunen.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt á konto i medhald av dei til kvar tid gjeldande innkrevjingsrutiner for eigedomsgebyr i kommunen, basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak ved fyrste fakturering året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre á konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Mellombels ikkje-bruk av eigedom gjev ikkje grunnlag for fritak for årsgebyret.

Ikkje-bruk av eigedom må vera for eit tidsrom på meir enn eitt år.

Etter søknad kan kommunen da gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphører abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten.

Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant § 6-1.

Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av Utval for miljø og teknisk.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2003.