Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-2002-10-14-1739
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse01.01.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort09.01.2003
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Bø

Fastsett av Bø kommunestyre 14. oktober 2002 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensing og om avfall (Forurensningsloven) § 9 jf. delegeringsvedtak av 19. juli 2001.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å forhindre forurensing og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjelder open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunens grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meinast med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikke har løyve frå Statens forurensingstilsyn eller fylkesmannen eller er tillatt etter statlege forskrifter etter forurensingsloven.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av § 5 i forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel være tillatt:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffebål,
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og malt trevirke,
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta,
d)bråtebrenning («daudfonn») og brenning av tørt hageavfall.
e)St. Hansbål,
f)ranke- og flatebrenning i skogbruket,
g)halmbrenning i jordbruket.
§ 6.Dispensasjon

Vedkommande organ i kommunen kan i særlige tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrift overhaldast.

§ 8.Klage

Vedtak gjort av vedkommande organ i kommunen i medhald av denne forskrift kan påklagast til kommunestyret (eventuelt særskilt klagenemnd, eller til fylkesmannen dersom vedtaket er fatta av kommunestyret).

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forurensingsloven § 78.

§ 10.Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft frå 1. januar 2003.