Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-2002-11-28-1755
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse01.01.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort09.01.2003
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Voss

Fastsett av Voss kommunestyre 28. november 2002 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensinger og om avfall (Forurensningsloven) § 9 og delegeringsvedtak av 19. juli 2001.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra forureining og helseproblem i kommunen pga. open brenning og brenning av avfall i småomnar (ufullstendig brenning av avfall kan gje alvorlege helseplager, spesielt hjå personar som har allergi og/eller luftvegssjukdommar).

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser (forskrift av 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 8-2, om bruk av ild utendørs, gjeld uavhenging av denne forskrifta).

§ 3.Definisjonar
a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs (gjeld også bråtebrenning/grasbrenning).
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forurensingstilsyn eller fylkesmannen eller er tillate etter statlege forskrifter etter forureiningslova (gjeld ikkje innandørs vedomn).
c)Reint trevirke: ubehandla trevirke.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode med mindre anna følgjer av forskrifta sin § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vera tillate:

a)Grilling av mat på utegrill.1
b)Matlaging/brygging/klesvask på utandørs eldstader (gjeld kun ved bruk av reint trevirke).
c)Open brenning i utepeis og til kaffibål (gjeld kun ved bruk av reint trevirke).1
d)Opptenning med avispapir og brenning av reint trevirke, kol og koks i vedomn/koksomn (brenning av impregnert, måla og liknande trevirke er forbode).
e)Eldstader (innandørs/utandørs) for tradisjonelt handverk/kunsthandverk der det vert nytta kol, koks, gass eller reint trevirke.
f)Brenning av trevirke (spik) for utvinning av tjøra.
g)St. Hansbål og Olsokbål. Unntaket gjeld kun for næringsverksemd, lag og organisasjonar. Det er kun tillate å brenna reint trevirke. Lokalisering av bålplassen skal avklarast med brannsjefen i kommunen.
h)Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap på gardsbruk.
1I Prestegardsmoen gjeld dette kun på tilrettelagde grill-/bålplassar.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensera frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta vert overhaldne.

§ 8.Klage

Vedtak som er teke av rådmannen i medhald av denne forskrifta, kan påklagast til kommunen si særskilde klagenemnd.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføra straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta vert sett i verk frå 1. januar 2003.