Forskrift om feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-01-31-157
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse31.01.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§5, LOV-2002-06-14-20-§6, LOV-2002-06-14-20-§9, LOV-2002-06-14-20-§10, LOV-2002-06-14-20-§11, LOV-2002-06-14-20-§12, LOV-2002-06-14-20-§13, LOV-2002-06-14-20-§14, LOV-2002-06-14-20-§15, LOV-2002-06-14-20-§26, LOV-2002-06-14-20-§28, LOV-2002-06-14-20-§43, FOR-2002-06-26-847-§7-3
Kunngjort20.02.2003
KorttittelForskrift om fyringsanlegg, Luster

Fastsett av Luster kommunestyre 31. januar 2003 med heimel i forskrift av 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 7-3 femte ledd.

§ 1.Føremål

Forskrifta fastset reglar for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i medhald av kap. 7 i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn (FOBTOT) og Brannvernlova m.m. § 6 om førebyggjande sikringstiltak og vedlikehald.

§ 2.Eigar/brukar sine plikter

Eigar og brukar av byggverk pliktar i medhald av § 6 i brannvernlova m.m. å sørgja for at røykkanalar og fyringsanlegg for oppvarming av bygningar og rom blir haldne i slik stand som kravd i og i medhald av brannlovgjevinga.

Eigar/brukar av bygning pliktar sjølv å syta for at det blir utført turvande førebyggjande tiltak mot brann som følgje av bruk av fyringsanlegg og røykkanal. Eigar/brukar er sjølv ansvarleg for feiing og tilsyn i bygningar som ikkje er med i den periodiske feie- og tilsynsordninga etter § 3 og § 4 i denne forskrifta.

§ 3.Kommunen sine plikter

Kommunen skal sørgja for at alle røykkanalar i fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar blir feie etter behov og minst ein gong kvart fjerde år.

Kommunen skal sørgja for at det blir ført tilsyn med at fyringsanlegg for rom og bygningar er intakt, fungerar som føresett og ikkje er årsak til brann eller annan skade. Tilsynet skal utførast etter behov og minst ein gong kvart fjerde år.

Kommunen syter for feie- og tilsynstenester i medhald av kap. 7 i FOBTOT slik som bestemt i denne forskrifta § 4 og § 5. Det kan krevjast betaling for tenestene.

§ 4.Feiing og tilsyn i bygningar med fast busetnad

Kommunen syter for at alle bygningar med fast busetnad og røykkanalar i fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar får utført periodisk feiing annakvart år, og tilsyn med fyringsanlegg kvart fjerde år.

Kommunen kan etter ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle bestemma kortare eller lengre intervall for feiing, men ikkje lengre enn 4 år.

§ 5.Feiing og tilsyn i bygningar utan fast busetnad
1.I bygningar med fyringsanlegg som nemnd i § 2 første ledd, men som berre blir nytta i korte deler av året skal feiing og tilsyn utførast etter følgjande reglar:
a)I bygningar utan fast busetnad, men som har røykkanal og fyringsanlegg som nemnd i § 3 første ledd og som i storleik og bruk kan samanliknast med bustadhus, kan kommunen etter ei konkret vurdering bestemma at feiing og tilsyn skal skje som bestemt i § 4.
b)Bygningar med regelmessig bruk for til saman lengre tidsrom enn 3 månader kvart år, og som ligg inntil veg som er open for allmenn ferdsel skal ha utført feiing og tilsyn fjerde kvart år med mindre kommunen bestemmer noko anna etter ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle.
c)I bygningar som ligg meir enn 100 meter frå veg som er open for allmenn ferdsel pliktar eigar/brukar sjølv å syta for at fagleg forsvarleg feiing og tilsyn blir utført minst fjerde kvart år med mindre kommunen i kvar einskild tilfelle har bestemt noko anna.
2.Unntak: Stølshus, sommarhus og liknande bygningar som har omn og røykkanal berekna for fyring med fast brensel, og som har sporadisk og avgrensa bruk i gjennomsnitt mindre enn 3 månader kvart år, blir ikkje omfatta av reglane i denne paragrafen. Eigar/brukar av slike bygningar pliktar å innretta seg etter reglane i kap. 2 i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn.
§ 6.Mynde og delegering

Rådmannen får mynde til å bestemma feie- og tilsynsfrekvens i medhald av siste ledd i § 2 og § 3 bokstavane a og b, samt fullmakt til å delegere denne mynde vidare.

§ 7.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 31. januar 2003.