Forskrift om gebyr og avgifter for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-01-31-158
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse31.01.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§28
Kunngjort20.02.2003
KorttittelForskrift om feiegebyr m.v., Luster

Fastsett av Luster kommunestyre 31. januar 2003 med heimel i lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 28.

§ 1.Føremål og verknad

Forskrifta gjeld betaling for feie- og tilsynstenester i bygningar som kjem inn under kommunen si ordning med periodisk feiing og tilsyn med fyringsanlegg etter § 3, samt for feiing og tilsyn som skjer etter rekvisisjon som nemnd i § 4 i denne forskrifta.

Den som får utført feiing og tilsyn med fyringsanlegg i medhald av kap. 7 i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn (FOBTOT) eller etter lokal forskrift i medhald av § 7-3 siste ledd i same forskrift, pliktar å betale gebyr slik som fastsett av kommunestyret.

Gebyra skal dekka dei faktiske kostnadene forbunde med feie- og tilsynstenesta i medhald av kap. 7 i FOBTOT.

§ 2.Periodisk feiing og tilsyn

For bygningar som er i bruk i den vesentlege delen av fyringssesongen skal feiing skje annakvart år og tilsyn med fyringsanlegg kvart fjerde år med mindre anna blir bestemt av kommunen etter ei konkret vurdering i kvart einskilt tilfelle. Det er likevel ikkje høve til lengre feie- og tilsynsintervall enn 4 år, slik som bestemt i FOBTOT § 7-3 første ledd.

For bygningar som kjem inn under ordninga med feiing og tilsyn i medhald av lokal forskrift etter FOBTOT § 7-3 siste ledd skal feiing og tilsyn skje 4. kvart år med mindre anna blir bestemt av kommunen etter ei konkret vurdering i kvart einskilt tilfelle.

§ 3.Gebyr og årsavgift for periodisk feiing og tilsyn

Gebyr for periodisk feiing og tilsyn for kvar bygning som fell inn under denne forskrifta sin § 2 første og andre ledd blir bestemt av kommunestyret.

Gebyrsummen for feiing i § 3 tabell 1 gjeld første røykpipe på kvar bygning. For kvar pipe meir enn ei på same bygning skal det betalast kr 100,- i tillegg .

Gebyret for tilsyn i § 3 tabell 1 gjeld pr. bygning med fyringsanlegg og ei pipe.

Gebyret skal innbetalast som ei årleg avgift for bygningar som inngår i ordninga med periodisk feiing og tilsyn. Årsavgifta skal utreknast som summen av dei respektive gebyra dividert med dei respektive intervalla for feiing og tilsyn for kvar einskild bygning.

For 2003 blir det fastsett følgjande gebyr:

Feiegebyr kronerTilsynsgebyr kronerÅrsavgift v/feiing kvart 2. år og tilsyn kvart 4. år
230260180
§ 4.Avgift for rekvirert feiing og tilsyn

For rekvirert feiing/tilsyn på bygningar som fell utanfor den periodiske ordninga, samt for feiing/tilsyn som blir utført i tillegg til den periodiske, skal det betalast ordinært gebyr pluss 20% for å dekka meirkostnad forbunde med auka kostnader knytte til utføring av tenestene.

Betalinga for rekvirert feiing og tilsyn skal skje etterskotsvis pr. utført teneste.

§ 5.Betalingsplikt ved manglande tilgjenge
a)Dersom varsla periodisk feiing og/eller tilsyn ikkje kan gjennomførast grunna manglande tilgjenge til tak og/eller bygning, gjev dette ikkje grunnlag for fritak for årsavgift. Eigar/brukar av bygning er i slike høve ansvarleg for å syta for tilgjenge til bygningen, og deretter å rekvirere feiing/tilsyn.
b)I dei høve rekvirert feiing og/eller tilsyn etter § 5 andre ledd kan utførast i samband med gjennomføring av periodisk feiing i det aktuelle området, blir det ikkje kravd ekstra betaling.
c)I dei tilfelle rekvirert feiing og/eller tilsyn må utførast utanom kommunen sitt program for periodisk feiing og tilsyn i det aktuelle området blir det kravd ei tilleggsgebyr på 20% av ordinert gebyr for vedkomande teneste.
§ 6.Endring av avgifta

Endring av avgift i medhald av denne forskrifta blir fastsett av kommunestyret i samband med årleg budsjettvedtak. Ved vedtak om prosentvis endring skal avgifta avrundast til næraste heile 5 kroner.

§ 7.Betaling

Vanlege kommunale betalingsreglar gjeld for betalinga.

Avgifter og gebyr i medhald av forskrifta er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 8.Ikraftsetting

Forskrifta tek til å gjelda frå 31. januar 2003.