Forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll av mindre avløpsanlegg, Sør-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-2003-02-27-369
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse01.03.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forSør-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2000-04-12-352-§9
Kunngjort27.03.2003
KorttittelForskrift om gebyr for avløpsanlegg, Sør-Fron

Fastsett av Sør-Fron kommunestyre 27. februar 2003 med heimel i forskrift av 12. april 2000 nr. 352 om utslipp fra mindre avløpsanlegg § 9.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld gebyr for saksbehandling og kontroll av utslepp av avløpsvatn frå bustad-, fritids- og anna bebyggelse med innlagt vann når utsleppet skal tilknyttes mindre avløpsanlegg, dvs. anlegg for inntil 1.000 personeiningar (PE).

Forskrifta skal sikre at kommunen kan få dekt kostnadane for saksbehandling og kontroll av mindre avløpsanlegg.

§ 2.Definisjonar

Gebyrpliktig:

-Gebyrpliktig for saksbehandlingsgebyr er eigar av mindre avløpsanlegg som det blir søkt om utsleppsløyve for, omgjering av utsleppsløyve eller leverer melding etter lokal forskrift.
-Gebyrpliktig for kontrollgebyr er eigar av mindre avløpsanlegg. 

Avløpsanlegg:

Anlegg for mottak av avløpsvatn frå bustad-, fritids- og anna bebyggelse med innlagt vann. 

Mindre avløpsanlegg:

Anlegg berekna for mottak av avløpsvatn som ikkje overstig avløp tilsvarande 1.000 (PE). 

Avløpsvatn:

Avløp frå vassklosett, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande. 

Personeining(PE):

PE er den mengda organisk stoff som brytes ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen pr. døgn.

§ 3.Saksbehandlingsgebyr

Det skal betalast eit eingongsgebyr for saksbehandling ved:

-søknad om utsleppsløyve
-endring/omgjøring av utsleppsløyve
-melding etter lokal forskrift.

Gebyra gjeld både ved oppføring av nye bygningar og for eksisterande bustader etc. der det er krav om søknad om utsleppsløyve. Gebyret inkluderer kontroll av anlegg under bygging og ferdigkontroll av anlegg.

Nødvendig dokumentasjonsgrunnlag til søknaden skal leggjast fram og kostes av søkjaren. Blir søknaden avslått skal det betalast halvt saksbehandlingsgebyr.

Storleiken på saksbehandlingsgebyra blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 4.Kontrollgebyr (eingongsgebyr)

Kontrollgebyr skal betalast for alle eksisterande mindre avløpsanlegg der kommunen gjennomfører kontroll.

Dei samla kontrollgebyrinntektene skal ikkje overstige kommunens kostnader til kontroll og tilsyn av anleggene.

Det kan søkes om fritak for anlegg som mellombels ikkje er i drift.

Storleiken på kontrollgebyra blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 5.Innbetaling av gebyr

Den som er gebyrpliktig står ansvarleg for betaling av gebyr.

Kommunen sender faktura for saksbehandlingsgebyr når søknad om utsleppsløyve eller melding etter lokal forskrift er mottatt, med forfall etter 30 dagar.

Kommunen sender faktura for kontrollgebyr når kontroll av avløpsanlegg er gjennomført, med forfall etter 30 dagar.

§ 6.Innkrevjing av gebyr

Gebyret er tvangsgrunnlag for utlegg med heimel i forurensningslova § 52a, jf. tvangsloven kapittel 7.

Kommunen kan i særlige tilfeller fråfalle krav om gebyr.

§ 7.Vedtaksmyndigheit

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av kommunestyret eller den som er tildelt myndigheit i medhald av delegeringsvedtak.

§ 8.Klage

Kommunens enkeltvedtak etter § 4 og § 6 i denne forskrift kan påklagast i etter reglane i forvaltningsloven og i avløpsforskrifta. Vedtak som kan påklagast gjeld søknader om fritak for anlegg som mellombels ikkje er i bruk (§ 4) og eventuelle vedtak om fråfall av krav om gebyr (§ 6). Klagen sendes til den instans som har gjort vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyret som kjem fram av gebyrregulativet, reknast som forskrift, jf. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav c. Dette er ikkje enkeltvedtak og kan derfor ikkje påklagast.

§ 9.Dato for når forskrifta trer i kraft

Forskrifta trer i kraft 1. mars 2003.