Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Eid kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-02-27-373
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse27.02.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort27.03.2003
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Eid

Fastsett av Eid kommunestyre 27. februar 2003 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak av 19. juli 2001.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meinast med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forurensningstilsyn eller fylkesmannen eller er lovleg etter statlige forskrifter etter forurensningsloven.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av forskrifta sin § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjende brenning skal likevel vere lovleg:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og mala trevirke
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta
d)brenning av tørt hageavfall, der det ikkje er til sjenanse for andre
e)Jonsokbål
f)Olsokbål.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlige tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrift vert følgde.

§ 8.Klage

Vedtak gjort av rådmannen i medhald av denne forskrift kan påklagast til den kommunale klagenemnda.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forurensningslova § 78.

§ 10.Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft straks.