Forskrift om kommunale vass- og kloakkavgifter, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-2003-03-27-1943
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2003
Sist endretFOR-2007-03-01-243
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort19.10.2006
KorttittelForskrift om VA-avgifter, Voss

Kapitteloversikt:

Fastsett av Voss kommunestyre 27. mars 2003 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (Forurensningsforskriften) kapittel 11. Endra 28 sep 2006 nr. 1163, heile forskrifta kunngjort, 1 mars 2007 nr. 243.

Generelt 

1. Tilkoplingsplikt
1.1 Heimel for å krevja tilkopling av kloakk frå bygningar til offentleg kloakk, er: Ureiningslova § 23, plan- og bygningslova (PBL) § 66 nr. 2 og § 92.
1.2 Heimel for å krevja omlegging av overvass- og kloakkleidning tilkopla kommunal avløpsleidning, er: Ureiningslova § 22 og PBL § 101 nr. 1.
1.3 Heimel for å krevja bygningar kopla til kommunal vassleidning er: PBL § 65 og § 92.
1.4 I PBL § 65 og § 66 er nytta uttrykka «nærliggende areal» og «uforholdsmessig stor kostnad». For eksisterande bygningar definerer kommunen «nærliggende areal» som inntil 150 meter, og «uforholdsmessig stor kostnad» som meir enn kr 100.000 for ei grøft med vass- og kloakkleidning, pr. 2003. Summen skal indeksregulerast etter byggekostnadsindeks, anlegg.

Dersom ei husklynge ligg innanfor 500 m frå kommunal leidning, kan desse krevjast tilknytt dersom kostnadene for kvar einskild ikkje vert meir enn kr 100.000,- per 2003. Jamfør innhaldet i teksten over. Summen skal indeksregulerast etter byggekostnadsindeks, anlegg.

Ved søknad om fritak grunna «uforholdsmessig stor kostnad» skal det leggjast fram dokumentasjon etter konkurrerande tilbod.

1.5 I PBL § 65 og § 66 er brukt uttrykket «hvor særlige grunner ellers tilsier det» som skjønnsgrunnlag for å godkjenna annan ordning (enn tilkopling til offentleg nett). Døme på slike «særlege grunnar» kan vera:
-Bygningar som frå før har vassforsyning som er hygienisk betryggande og har tilstrekkeleg kapasitet. Det vert kravd dokumentasjon for kapasitet og kvalitet gjennom eit år. Vassprøvane skal vise årstidsvariasjonar, og det vert kravd minst fire prøvar, fordelt slik at dei speglar kvar årstid.

Det må søkjast om løyve til annan ordning. Søknader skal handsamast individuelt.

1.6 Dersom det er etablert privat vassforsyning eller godkjent privat kloakkløysing vil det ikkje bli kravd tilknyting til kommunalt nett før 10 år etter ei slik investering. Kravet om tilkopling skal deretter vurderast etter pkt. 1.5.

Det vert kravd dokumentasjon på kostnader/etableringa.

I situasjonar der det ved kommunalt nyanlegg har vore krav om tilknyting til kommunal kloakk, men ikkje vatn, praktiserer kommunen ei grense på 10 år frå det førre kravet og til ein krev tilknyting til kommunal vassleidning. 

2. Avgiftsplikt
2.1 Plikta til og betale vass- og/eller kloakkavgifter er heimla i lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 1 og gjeld:

Fast eigedom som er tilknytt kommunal vass- og/eller kloakkleidning, direkte eller gjennom privat samleleidning.

2.2 Ansvar for betaling av avgifter:
2.2.1 Heimelshavar står ansvarleg for avgiftene.
2.2.2 For eigedom som er bortfesta, betalar festaren i staden for grunneigaren. Føresetnaden for dette er at eigedomen er bortfesta ved arvefeste eller på så lang tid at det enno er minst 30 år att av festetida, rekna frå det tidspunkt då avgiftsplikta kom inn fyrste gongen. Det same gjeld dersom festaren etter avtale har rett til å krevja festet forlengt for så lang tid at den samla attståande festetid i det tilfelle at avtalen blir forlengd blir 30 år. 
3. Septik
3.1 Det er tvungen septiktømming i kommunen.
3.2 Septikavgift vert fastsett utifrå størrelse på septiktank. For septiktankar opp til 4,5 m³ gjeld ei minsteavgift. 
4. Endringar i avgifter
4.1 Søknader om endring av avgifter skal behandlast og avgjerast av rådmannen.
4.2 I særskilte høve kan rådmannen fastsetje eit passande gebyr.
4.3 Rådmannen si avgjerd i einskildsaker kan overprøvast av klagenemnda. (Gebyrfastsetjing i samsvar med satsar fastlagd i regulativet eller i salsvilkåra er ikkje einskildsaker og kan heller ikkje påklagast. Einskildsaker er avgrensa til avgjerd der rådmannen har utøvd skjønn).

Gebyr

Ved berekning av avgifter på vatn og kloakk, nyttast prinsippet om at vassmengda inn er lik vassmengda ut. Målt vassmengde ligg altså som grunnlag også for berekninga av kloakkavgifta. 

5. Avgiftsgrunnlag
5.1. Ved utrekning etter areal vert avgiftspliktig areal rekna som bruksareal (BRA) etter NS-3940. Dette vert nytta til utrekning av tilknytingsavgift og årsavgift der avgifta vert rekna etter areal.
5.2. For bustadhus skal BRA nyttast uavgrensa, medan det for andre typar bygg skal gjerast frådrag for uisolerte rom der det ikkje er innlagt vatn eller kloakk. Likeeins skal det gjerast frådrag for fryserom.

For eigedomar som er registrert med avgiftspliktig areal før 1. januar 1993, vert dette arealet (heretter gammalt grunnlag) nytta som avgiftsgrunnlag inntil eigedomen eventuelt går over til utrekning etter vassmålar.

5.3. Alle nye bygningar skal ha installert vassmålar og betale årsavgift etter målt forbruk.

Eksisterande bustadhus som ikkje har installert vassmålar, kan velje mellom installasjon av vassmålar for utrekning av årsavgift eller å få årsavgifta utrekna etter areal. Er vassmålar installert, kan abonnenten ikkje gå attende til avgiftsfastsetjing etter areal. Eksisterande bustader som vert knytt til kommunal vassleidning, kan likeeins velje å installere vassmålar eller ha avgift utrekna etter areal. Dersom eksisterande bustadhus får ny brukseining1 ved ombygging, tilbygg eller liknande skal det installerast vassmålar, og vassavgift for eigedomen utreknast etter målar.

Kommunen kan etter søknad gjera unntak frå plikten til vassmålar, utanom for nye bygningar, dersom det ligg føre særlege grunnar.

0Endra med forskrift 1 mars 2007 nr. 243.
1Brukseining: Eit eller fleire rom med separat inngang, samt eige bad/wc og kjøkkendel som vert nytta til bustad eller fritidsformål, herunder utleige til desse formål. Døme på brukseining er einebustad, leilegheit, kårhus, hytte og fritidshus.
6. Betalingsreglar, justering mv.
6.1 Tilknytingsavgift skal betalast når igangsetjingsløyve er gitt eller søknad om tilknyting er godkjend. Byggjearbeid (her også graving og fylling) kan ikkje igangsetjast før tilknytingsavgifta er betalt. Utstikking av bygg vil ikkje verte utført før tilknytingsavgifta er betalt.
6.2 Tilknyting til kommunale leidningar, leidningar som fører til kommunale leidningar eller utlagt stikkleidning kan ikkje utførast før tilknytingsavgifta er betalt.
6.3 Årsavgift skal betalast frå og med første månad etter innflytting skjer eller frå bruksløyve/mellombels bruksløyve/ferdigattest kan gjevast.
6.4 Årsavgiftene skal betalast i to terminar årleg.

Årsavgiftene vert fordelt på dei to terminane. Vass- og kloakkavgiftene skal betalast a-konto, basert på føregåande års forbruk.

6.5 Årsavgiftene vert rekna fullt ut sjølv om huset periodevis står tomt. 
7. Justering av satsane
7.1 Satsane vert i samsvar med lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 justerte av kommunestyret som del av behandlinga av årsbudsjettet. 

Fylgjande satsar gjeld frå 1. januar 2003 

I tillegg til avgiftssatsane kjem meirverdiavgift

8.Årsavgifter for vatn og kloakk
8.1Årsavgift for vatn
Minsteavgift for vassmålar, pr. målar 60 m³565,-
8.1.1Avgift etter målt vassforbruk: Pr. kubikkmeter9,40
8.1.2Avgift etter arealagrunnlag (gammalt grunnlag): Pr. kvadratmeter13,90
8.2Årsavgift for kloakk
Minsteavgift for vassmålar, pr. målar 60 m³1.055,-
8.2.1Avgift etter målt vassforbruk: Pr. kubikkmeter17,57
8.2.2Avgift etter arealagrunnlag (gammalt grunnlag): Pr. kvadratmeter26,35
8.3Diverse
8.3.1Stenging og opning på hovudvassleidning i samband med reparasjon og tilknyting. Pr. gong:
- Utan avislysing667,-
- Med avislysing1.170,-
8.3.2Vassmålargebyr:
- Kommunalt eigd vassmålar, jf. DST-sak nr. 012/98227,-
- Målar som abonnenten eig (administrasjon og kontroll)95,-  
9.Tilknytingsavgifter for vatn og kloakk
9.1Grunnlag:
9.1.1Som verksemder med høgt/normalt vassforbruk reknast m.a:
- Institusjonar.
- Hotell og andre turistverksemder.
- Verksemder med vatn til produksjon (inkl. matvareproduksjon), til kjøling og reingjering.
- Verkstader med vaske- og spyleutstyr.
9.1.2Som verksemder med lågt vassforbruk reknast m.a:
- Kontorlokale.
- Butikkar utan ferskvareavdeling.
- Lager.
9.2Tilknytingsavgift for vatn:
9.2.1For areal inntil 150 m² . Pr. kvadratmeter110,-
For areal over 150 m² . Pr. kvadratmeter55,-
For verksemder med lågt vassforbruk:
For areal over 400 m² . Pr. kvadratmeter27,50
Minstesats (bygg inntil 50 m² )5.500,-
9.3Tilknytingsavgift for kloakk:
9.3.1For areal inntil 150 m² . Pr. kvadratmeter110,-
For areal over 150 m² . Pr. kvadratmeter55,-
For verksemder med lågt vassforbruk: For areal over 400 m² . Pr. kvadratmeter27,50
Minstesats (bygg inntil 50 m ² )5.500,-.