Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord kommune, Hordaland.

DatoFOR-2003-04-10-1227
PublisertII 2003 hefte 5
Ikrafttredelse01.05.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forStord kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-1995-01-10-70
Kunngjort16.10.2003
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord

Kapitteloversikt:

Fastsett av Stord kommunestyre 10. april 2003 med heimel i lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyrer.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov av 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyr
3.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Stord kommune (dette dokumentet)
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ
-Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg (tekniske og administrative avgjerder)
-Teknisk beskriving for installasjon av vassmålar (lokale avgjerder).
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta fastset utrekning og innbetaling av gebyr abonnentane skal betale for vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar

Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsleidning direkte, eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det avtalast at ein annan enn festaren skal vera abonnent.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avløpsleidning. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekkje dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avløpstenester (dei faste utgiftene representerer her kapitalutgiftene). 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar: Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden. For detaljar, sjå NS-3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som vert betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. 

Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd, industri m.m. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hjå ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som vert betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det vert betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyret vert betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som vert tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett. Eingongsgebyret skal vera likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. Ved refusjon skal halve tilknytingsavgift betalast.

Storleiken på gebyret vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det vert ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-Abonnementsgebyr
-Forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester og avløpstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til desse tenestene i kommunen. Resten vert dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret vert differensiert etter brukarkategori. Alle abonnentar i ein brukarkategori betaler ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet.

-Abonnementsgebyr for næring

Skal betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag.

-Abonnementsgebyr for bustad

Skal betalast av andre abonnentar. 

Forbruksgebyr

Innan fem år (2007) skal alle næringseigedommar og offentlege verksemder betale forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket vert målt med installert vassmålar.

Andre abonnentar betaler etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omrekningsfaktor for stipulert forbruk [m³ /m² ] blir definert i Gebyrregulativet.

Fritids-/hytteabonnentar betaler anten etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ , eller etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Andelen, som vil variera etter forventa brukstid, og omrekningsfaktor for stipulert forbruk [m³ /m² ] blir definert i Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda vert rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret vert fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Vassmålar

Reglar for installasjon og bruk av vassmålar vert fastsett av kommunen.

Målaren er abonnenten sin eigedom og sjølve målaren blir kosta av abonnenten. Kommunen vil setja krav til type, samt gje føringar for plassering og storleik av målaren, tilpassa forbruket.

Den avgiftspliktige skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og kontroll. Vert målaren borte eller skada, skal eigaren omgåande melde dette til Utbygging- og eigedomseininga.

Installasjon av vassmålar skal utførast av installatør godkjent av kommunen.

Utgifter til installasjon eller eventuell flytting og vedlikehald av målaren skal betalast av abonnent.

Dersom eventuelle feilmålte mengder ikkje kan utreknast tilstrekkeleg nøyaktig, skal avgifta justerast for den perioden det er tvil om etter gjennomsnittet av den næraste avlesingsperioden før feilen har oppstått, og etter at den er utbetra.

For installasjon og bruk av vassmålar gjeld elles dei tekniske reglane i kommunen (lokale tekniske reglar).

Kommunen kan krevje årsavgifta fastsett etter stipulert forbruk heile året når målaren har vore ute av funksjon av tekniske grunnar.

Kostnader ved installasjon, vedlikehald, drift, avlesing m.m. skal betalast av abonnenten.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp baserast på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men der bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ. Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. I. Generelle føresegner.

§ 10.Tilleggsgebyr

Tilleggsgebyr kan fastsetjast iht. plan- og bygningslova § 116a, dersom abonnenten etter pålegg iht. plan- og bygningslova § 89 ikkje etterkjem kommunen sitt krav om utbetring av eige vass- og/eller avløpsanlegg innan gitt frist.

For at tilhøva raskt skal kunne rettast opp, blir gebyret fakturert snarast mogeleg etter at fristen er gått ut og ev. fleire gonger inntil kommunen sitt krav er etterkome.

Storleiken på gebyret blir fastsett av kommunen og skal vera i samsvar med kommunen sine kostnader knytt til tilhøvet.

Eigedomar med symjebasseng og som betaler for stipulert forbruk, skal betala eit tilleggsgebyr for vatn og/eller avløp som tilsvarer eit årleg vassforbruk på:

50 m³ for bassengvolum inntil 25 m³ .

100 m³ for bassengvolum inntil 50 m³ .

150 m³ for bassengvolum over 50m ³ .

Basseng under 3 m³ er friteke for gebyr.

Føresegnene gjeld både fastmonterte og basseng som kan demonterast. Det blir ikkje tillate bruk av symjebasseng, fonteneanlegg o.l. utan bruk av pumpe for resirkulering.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) vert gitt eller når eksisterande bygg vert tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert kravd inn på felles faktura og vert fordelt over fire terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr vert fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk vert gjort ein gong i året. Forbruksgebyret vert betalt à konto fordelt over fire terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à kontobeløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk vert kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting skal dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta vert fatta av einingsleiar for Utbygging- og eigedom.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er enkeltvedtak følgjer kap. IV - VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen vert send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrift og vert vedteke av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. mai 2003.