Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-04-30-578
PublisertII 2003 hefte 2
Ikrafttredelse15.05.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort15.05.2003
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Sogndal

Fastsett av Sogndal kommunestyre 30. april 2003 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak av 19. juli 2001.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomner innanfor dei grenser som følgjer av grensedraginga for tettbygd område etter eigedomskattelova, jf. vedlegg1 med kart for område i sentrum, på Kjørnes og på Kaupanger.

1Vedlegg utelatt.
§ 3.Definisjonar

Uttrykk i forskrifta har denne tydinga:

1.Open brenning: all brenning som skjer utandørs
2.Småomner: forbrenningsomner som ikkje har løyve frå Statens forurensingstilsyn eller fylkesmannen eller er godkjent brukt etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomner

Open brenning og brenning av avfall i småomner er forbode om ikkje anna følgjer av forskrifta § 5.

§ 5.Unnatak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)open brenning på grillar for matlaging, utepeiser og kaffebål,
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unnatak av impregnert og malt trevirke,
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta,
d)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strok,
e)St. Hansbål,
f)ranke- og flatebrenning i skogbruket,
g)halmbrenning og kvistbrenning i jordbruket.
§ 6.Dispensasjon

Mynde etter denne forskrifta er delegert til rådmannen.

Rådmannen eller den han vidaredelegerer til kan etter søknad i særlege høve dispensera frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert halde.

§ 8.Klage

Vedtak som administrasjonen gjer i etter denne forskrifta kan påklagast til Forvaltningsutvalet.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering i Norsk Lovtidend.