Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Førde kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-09-25-1945
PublisertII 2007 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort08.03.2007
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Førde

Fastsett av Førde bystyre 25. september 2003 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å hindre ureining og helseproblem, som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

Uttrykk i forskrifta har denne tydinga:

a)Open brenning; all brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar; forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens Forurensingstilsyn eller fylkesmannen eller er godkjent brukt etter statlege forskrifter etter ureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna følgjer av § 5 i forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel være tillate:

a)Open brenning frå grill, utepeis og kaffibål.
b)Brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unnatak av impregnert og malt trevirke.
c)Brenning av avispapir og liknande i vedomn.
d)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan etter søknad, i særlege høve gi dispensasjon frå forbodet i § 4.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert haldne.

§ 8.Klage

Vedtak etter denne forskrifta er å rekne som enkeltvedtak og kan påklagast til kommunen sitt faste klageutval.

§ 9.Straff

Brot på forskrifta kan medføre straffeansvar, jf. ureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2004.