Samanslutning av Ølen og Vindafjord kommunar i Rogaland fylke. Iverksetting og unntak frå kommunelova, vallova og einskilde særlover.

DatoFOR-2004-01-23-195
PublisertII 2004 hefte 1
Ikrafttredelse23.01.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forØlen og Vindafjord kommuner, Rogaland.
HjemmelLOV-2001-06-15-70-§17
Kunngjort29.01.2004
KorttittelSamanslutning av Ølen og Vindafjord kommunar

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 23. januar 2004 med heimel i lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 17. 

1.Ølen kommune og Vindafjord kommune skal med verknad frå 1. januar 2006 sluttast saman til ein kommune. Namnet på den nye kommunen vert Vindafjord kommune.
2.Kommunestyret i den nye kommunen skal ha 33 medlemar.
3.Det vert gjort unntak frå § 9-1 (2) i vallova, som fastset at valperioden for kommunestyret skal vere fire år. Unntaket inneber at:
-Perioden til dei sittande representantane vert korta ned med 2 år.
-Det vert halde val til nytt kommunestyre for Vindafjord i 2005. Representantane vert valde for 2 år.
4.Når det gjeld røysterett, det å vere valbar, røystegiving, førehåndsrøysting og klagerett vert det ekstraordinære kommunestyrevalet i 2005 rekna som om samanslutninga allereie er gjennomført. Det vert ført eit felles manntal for dei to kommunane.

Det vert gjort unntak frå vallova § 4-1 som fastset at det i kvar kommune skal vere eit valstyre som skal velgjast av kommunestyret sjølv. Unntaket inneber at styringsgruppa skal velgja eit valstyra på minst 5 personar blant styringsgruppa sine politisk valde medlemar. Valstyret skal ikkje ha ein forholdsmessig samansetning.

Valstyret vert fyste gong kalla saman av leiar i styringsgruppa. Leiar vel valstyret sjølv.

Vallov og valforskrift gjeld elles så lang det passar.

5.Fellesnemnda skal ha dei funksjonar som er lagt til fellesnemnda etter § 26 i inndelingslova.
6.Vedtekter og forskrifter som i dag gjeld i Ølen og Vindafjord kommunar skal fortsatt gjelde for vedkomande område innan den nye kommunen, til nye felles vedtekter blir vedteke av kommunestyret. Frist for fastsetjing av nye vedtekter vert sett til 30. juni 2006.
7.Når det gjeld val av kyrkjeleg fellesråd til den nye kommunen vert det gjort unntak frå kyrkjelova § 12 første ledd som pålegg kommunar med mindre enn fem sokn å velje to soknerådsmedlemar til kyrkjeleg fellesråd i kommunen. Dei tre sokneråda i Ølen kommune vel eit soknerådsmedlem frå kvart sokneråd til kyrkjeleg fellesråd for den nye kommunen.
8.Det vert gjort unntak frå § 27 første punktum i domstollova, som pålegg den einskilde kommune å ha eit forliksråd. Fellesnemnda kan vedta at det skal vere eitt felles forliksråd fram til kommunesamanslutninga.
9.Departementet kan gjere mindre endringar i reglar knytta til unntak frå lov for å sikre gjennomføringa av samanslutninga.
10.Denne resolusjonen får verknad straks.