Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Ølen kommune, Hordaland.

DatoFOR-2004-02-10-439
PublisertII 2004 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forØlen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-1995-01-10-70
Kunngjort04.03.2004
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Ølen

Kapitteloversikt:

Fastsett av Ølen kommunestyre 10. februar 2004 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vann- og avløpsgebyrer.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vass- og avlaupsgebyr, sist endra 13. juli 2000
3.Forskrift om avlaupsgebyr i Ølen kommune (dette dokumentet)
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ for vatn og avlaup
-Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder), samt føresegner om vassmålarar.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avlaupstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avlaupsleidning.
-Ved leige er grunneigar abonnent.
-Der bustad og næring er knyta til felles gnr./bnr. skal dei kvar for seg utgjera eit eige abonnement. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for avlaupstenester. 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på avlaupstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte med innlagt vatn. 

Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Ervervmessig verksemd. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

Rettar og plikter:

Abonnenten har krav på:

-sikker bortledning og rensing av avlaupsvatn heile døgnet iht. gjeldande lovverk og som ikkje skapar lukt eller hygieniske problemer på abonnentens eigedom. 

Abonnenten pliktar å:

-betale avlaupsgebyr i den storleik og til den tid som kommunen bestemmer.
-innrette seg etter kommunens Tekniske og Administrative bestemmelser. 

Kommunen har krav på å:

-få dekka alle kostnader knytt til avlaupstenestene som kjem fram av gebyrgrunnlaget.
-kunna vedta og endre bestemmelser, reglement, tillatelser og liknande for å ivareta sin funksjon som tjenesteleverandør på ein god måte. 

Kommunen pliktar å:

-levere avlaupstenester iht. gjeldande lovverk og i den utstrekning som er nødvendig for både abonnenten og fellesskapet.
-informera om innhald i og endringar i vass- og avlaupstenestene, som er av betydning for abonnentane. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til avlaupstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avlaupsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg avlaupsnett.

Grunnlaget for utrekning er storleiken på bygning BRA. Det kan krevjast auka tilknytningsgebyr ved stor forureining eller nettbelastning.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avlaupstenester betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr (stipulert forbruk eller målt forbruk).

Abonnementsgebyr skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori.

-Abonnementsgebyr for næring.

Betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag. Berekningsgrunnlaget basert på areal, nettbelastning og forureining.

-Abonnementsgebyr for bustad.

Betalast av andre abonnentar. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på målt eller stipulert vassforbruk og pris pr. m³ . Bruksareal reknast etter NS-3940.

Fritids/hytteabonnentar betaler anten etter målt vassforbruk og pris pr. m³ eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Andelen, som vil variera etter forventa brukstid, og omregningsfaktor for stipulert forbruk [m³ /m² ] er definert i Gebyrregulativet.

Andre abonnentar betaler etter målt vassforbruk og pris pr. m³ , ev. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk [m³ /m² ] er definert Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av Gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avlaupsvatnet skil seg ut frå vanleg husholdningsavlaup og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avlaupsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av i kommunens leveringsvilkår.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida til- knytinga er operativ. Kommunen har høve til å kreva forskotsbetaling direkte frå brukar etter stipulert kloakkmengde.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/brukar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring. Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureinsningslova § 7. Etter forureinsningslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureinsningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfesta frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, stipuleras årsforbruket.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt ved tilknyting skjer eller 30 dager. etter mottatt faktura.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 2 terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over 2 terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom er kopla frå vassforsyning. Ved innvilga søknad gjeld fritaket frå den dag det kan leggjast fram dokumentert avstengning. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av rådmannen etter delegert fullmakt.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova. Dette er ikkje enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2004.