Forskrift om opplysningsplikt for oljetankar, Flora kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-02-17-519
PublisertII 2004 hefte 2
Ikrafttredelse18.04.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§49
Kunngjort18.03.2004
KorttittelForskr. om opplysningsplikt for oljetankar, Flora

Fastsett av Flora bystyre 17. februar 2004 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 49. 

§ 1.Formål

Gi Flora kommune heimel til å kreve opplysningar om lagringstankar for petroleumsprodukt.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld i heile Flora kommune for lagringstankar for petroleumsprodukt med lagringskapasitet 200 l eller meir. Denne forskrifta gjeld ikkje for lagertank eller anlegg som går inn under dei til ei kvar gjeldande forskrifter om tiltak for å hindre lekkasje frå tank med brannfarleg væske klasse A.

§ 3.Opplysnings- og meldeplikt

Ansvarleg eigar/brukar av lagringstank for petroleumsprodukt i Flora kommune har plikt til å gi dei opplysningar kommunen krev i samband med registrering av slike tankar i kommunen. Kva opplysningar det gjeld går fram av skjema «Olje_01».

Ansvarleg eigar/brukar av lagringstank for petroleumsprodukt over 1100 l skal skriftleg melde frå til kommunen når:

-tank vert teken ut av bruk
-tank vert teken i bruk.
§ 4.Heimel

Denne forskrifta er gjeven av Flora kommune v/Bystyret med heimel i lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 49.