Forskrift om innkrevjing av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall, Ullensvang herad, Hordaland.

DatoFOR-2004-05-10-732
PublisertII 2004 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2003-12-05-1909
Kunngjort13.05.2004
KorttittelForskrift om gebyr for næringsavfall, Ullensvang

Fastsett av Ullensvang heradsstyre 10. mai 2004 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 52a og delegeringsvedtak 5. desember 2003 nr. 1909. 

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld innkrevjing av gebyr til dekning av heradet sine kostnader knytt til tilsyn av eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, i Ullensvang herad.

§ 2.Plikt til å betale gebyr

Eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, skal betale gebyr for heradet sitt tilsyn med handtering av dette avfallet.

§ 3.Gebyr(er) for tilsyn utført av heradet

For tilsyn utført av heradet skal det betalast gebyr(er) kr 1000,-

§ 4.Generelle prinsipp for berekning og fastsetjing av gebyr

Gebyra skal samla ikkje overstige heradet sine kostnader ved tilsynsordninga.

Heradet fastset og regulerar dei til einkvar gjeldande gebyrsatsar.

§ 5.Innkrevjing av gebyr, renter mv.

I etterkant av tilsynet, som skal dokumenterast gjennom ein tilsynsrapport, vil verksemda ta imot underretning frå heradet om gjeldande gebyrsats for tilsynet.

Gebyret forfallar til betaling 30 dagar etter at verksemda har motteke skriftleg varsel om betaling.

§ 6.Unntak

Heradet kan i einskilde tilfelle, når særskilte høve ligg føre, sette ned eller fråfalle gebyr.

§ 7.Gjelder frå

Forskrifta trer i kraft 1. juli 2004.