Forskrift om opa brenning og brenning av avfall i småomnar, Kvinnherad kommune, Hordaland.

DatoFOR-2004-08-26-1239
PublisertII 2004 hefte 4
Ikrafttredelse26.08.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort09.09.2004
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Kvinnherad

Fastsett av Kvinnherad kommunestyre 26. august 2004 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706. 

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre forverring av miljøtilstanden ved unødig forureining og å avgrense helseproblem som følgje av opa brenning og brenning av avfall i småomnar, jf. at utslepp av miljøgifter (Cd, Pb), dioksiner, CO og støv frå slik brenning (ca. 50.000 tonn) er mykje større enn frå alle godkjende avfallsforbrenningsanlegg (totalt 500.000 tonn), med høggradig røykgassrenseutstyr.

§ 2.Verkeområde og definisjonar

Denne forskrifta gjeld opa brenning innafor kommunegrensene, dvs. all brenning utandørs, og brenning av avfall i småomnar (ukurante forbrenningsomnar) som ikkje har løyve frå SFT eller fylkesmannen eller er tillatt etter forskrifter etter forureiningslova, jf. iverksett EU-direktiv om avfallsforbrenning, forskrifter om avfall og avfallshandtering, og ev. brannvernforskrifter.

§ 3.Forbod mot brenning

Opa brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode med mindre det på nærare fastsette vilkår er tillatt etter § 4 A (spesifisert unntak) eller 4 B (godkjent melding) i denne forskrifta.

Det er absolutt forbod mot brenning av næringsavfall (=produksjonsavfall frå verksemd).

Årsaka er m.a. at slikt avfall er samansett av mange og til dels sterkt miljø- og helsefarlege komponentar t.d. el-avfall, PVC, PCB, bly, kadmium, impregneringsstoff mv. og fordi kommunen ikkje er tillagt noko mynde over disponeringa av næringsavfall etter fl. § 32.

§ 4.Unntak frå forbodet mot brenning. - Vilkår
A.Såframt materialet ikkje inneheld helse- og miljøfarlege stoff, omfanget av brenninga er rimeleg låg, kontrollert og avgrensa, når det vert vist aktsemd og omsyn til naboar og brannfare, og forutsett at planlagt brenning ikkje vert påklaga, er det tillatt med:
1.opa brenning på grill, utepeis og små kaffebål, jf. event. vilkår i brannvernforskrift (turr skogsmark).
2.brenning i vedomn av reint avfallstrevirke, dvs. virke som ikkje er impregnert, måla, beisa eller av annan grunn gir utslepp av miljøgifter mv., jf. og funksjonskrav for godkjente vedomnar.
3.oppelding med avispapir og brenning av reint virke, kol og koks i vedomn i heim, hytte og eigen verkstad/mile, jf. sorterings-/leveringsplikt for papir mv. til kommunalt mottak eller miljøstasjon.
4.bråtebrenning av tørt hageavfall og små mengder reint trevirke/-avfall i landbruksområde om våren utafor tettbygd strok, jf. at avstanden til næraste nabohus eller skogkant skal vere meir enn 10 m.
5.St. Hans-/Jonsok- og Olsokbål der materialet er kontrollert som reint tre- og avfallsvirke, som elles må leverast til godkjent deponi eller attvinning. Den ansvarlege kontrollerer at bålbrenselet er reint, jf. § 4 A 2. Lokalisering av bålplass skal meldast for godkjenning av brannsjefen.
6.ranke- og flatebrenning av attliggjande skogsavfall på staden, jf. at større kvanta oppsamla skogsavfall er leveringspliktig næringsavfall, jf. ev. brannvernlovforskrift eller lokale retningslinjer.
7.halmbrenning (attliggjande halmstubbar) ute på jordet, når anna fornuftig utnytting ikkje er tilrådeleg eller aktuelt, jf. at oppsamla og pakka halm er næringsavfall, ev. råvare for bygge- og energiformål.
B.Dersom lovleg brenning etter § 4 A 1-7 har fått, eller kan tenkjast å få større omfang og/eller representere ein større potensiell forureinings- og helsefare, t.d. ved organiserte arrangement og tilstelningar, skal den ansvarlege (grunneigar, arrangør) melde frå til fagansvarleg i kommunen, event. til brannvesen/brannvakt eller politiet utanom arbeidstid og ved akutt fare.

Kommunen avgjer i kvar sak innan ei veke om brenning skal tillatast, stansast eller granskast.

§ 5.Dispensasjon

Kommunestyret eller det organ som blir tillagt mynde kan i serlege høve etter grunngjeve søknad dispensere frå forbodet i § 3, men ikkje for næringsavfall eller for småomnsfyring i det heile.

§ 6.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert fulgt og handheva. Det skal visast serleg merksemd med at brenning av næringsavfall og brenning i bakgardsomnar ikkje skjer.

Sjølv om brenning er tillate etter denne forskrifta, kan det etter andre forskrifter og lover vere forbode, jf. t.d. forskrifter etter brannvernlova og renovasjonsforskrifter om leveringsplikt for avfall.

§ 7.Klage

Einskildvedtak etter denne forskrifta kan påklagast til kommunestyret eller særskilt klagenemnd i Kvinnherad kommune. Fylkesmannen er klageinstans når kommunestyret sjølv har utøvd kommunal vedtaksmynde etter forskrifta.

§ 8.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar m.a. etter forureiningslova § 78 og § 79, jf. fl. § 73 og § 74 om gebyr, og fl. § 28 og § 37 om forsøplingsforbod og oppryddingspålegg.

§ 9.Iverksetting

Reglane i denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato 26. august 2004.